Skjulte krefter og mindre skjult mannssjåvinisme

I Joachim Triers nye film «Thelma» vert dei som sit i salen mata med det vanlege, urealistiske og mannssjåvinistiske synet på kvinner som ein mytologisk, gal figur ein helst bør stenge inne på loftet.

«THELMA» ER ein film om ei ung kvinne som opplever uforståelege krefter i seg sjølv, og som med desse kreftene påverkar omverda utan å ha kontroll over kva ho gjer. Ho har nett flytta frå vestlandet til storbyen Oslo for å studere på Universitetet. Som nye studenter flest prøver ho å navigere mellom studiene og det sosiale miljøet på Blindern, samt halde kontakten med dei i overkant innpåslitne foreldrene hennar.

Inger Zivana M. Torvund jobber som kunstner under navnet Inka Léontine. Hun har kunstutdannelse fra Bergen, og studerer nå tverrfaglige kjønnsstudier på Universitet i Oslo. Torvund anmelder «Thelma» for Subjekt.                                                                      

Det er frå tidleg av tydeleg korleis familiehistorien dreg med seg noko tungt og løyndomsfullt, og den strenge, men venlege faren og dei kristne verdiane han uttrykker legg seg som eit bakteppe for handlinga. Slik skjønar ein at dette like mykje er ei famlieforteljing og ei skildring av den reisa dei fleste tek for å verte sin eigen vaksne person, som ei forteljing om Thelma sine overnaturlege krefter.

Det er også ei forteljing om korleis det er å vere ung og religiøs, noko som er eit viktig, aktuelt og spennande tema.

Høgst publikumsvenleg

Filmens hovudnarrativ kan vere ein allegori for fleire idear – og dette i seg sjølv er eit bra teikn.

Det kan vere eit forsøk på å skildre det eksistensielt usikre ved det å vere menneske, og korleis både religion og vitenskap forsøker finne svar på desse spørsmåla me stiller oss sjølve i vår oppleving av naturen. Eller det kan vere ein allegori for korleis menneskene påverkar naturen i så stor skala at ein ikkje klarer vere seg bevisst dei meir konkrete stega mot katastrofe. Dersom eg er inne på noko, er dette for all del bra ting å løfte opp og drøfte gjennom filmformatet på storskjerm.

Eili Harboe og Kaya Wilkins i Thelma. (Foto: Motlys/SF Film)

Framstillingane av desse ukontrollerte hendingane er overnaturlege, mørke og ubehageleg vakre, balansert av meir daglegdagse scener der unge studenter forsøker å nære seg kvarandre. Dette er ei forteljing som kan overførast til mangt, og er difor høgst publikumvenleg, samstundes som det er ein mystikk ved filmen som får ein til å undre og sitje igjen med fleire spørsmål. Det er altså ein film som fungerer på mange plan, som er fint strukturert og som tek i bruk forteljertrikset å snu om på forteljinga mot slutten og overrasker litt. Ein god film, rett og slett.

Kvinna i Thelma vert, som Beauvoir skriv, Den Andre

Den vesle feministen på skuldera mi sit likevel igjen med ein klump i magen. Det var ikkje som om eg forventa meg ein feministisk synsvinkel frå Joachim Trier, for heilt ærleg består ikkje Oslo, 31. august Bechdel-testen ein gong.

Denne testen er tatt frå ein teikneserie av Alison Bechdel, der ei kvinne har satt seg visse kriterier for å kunne sjå ein film. Desse kriteriene har tre punkt og er som følgjer; 1) Filmen må ha minst to kvinnelege skodespelarar 2) som snakker til kvarandre, 3) om noko anna enn ein mann. Alle kriteriene må vere oppfylte for at filmen skal vere godkjent. Det har vorte vanleg å bruke denne testen for å sjekke i kva grad ein film let kvinner vere heile mennesker med eigne liv, eller om filmen berre reduserer kvinna til eit tilbehør i mannens liv.

Ellen Dorrit Petersen og Henrik Rafaelsen i Thelma (Foto: Motlys/SF Film)

Eg er usikker på om det er ein bevisst inspirasjon, men det slo meg at visse scener og element i Thelma kan minne om Lars von Triers kontroversielle “Antichrist”. Eit eksempel er den sterkt ubehagelege og tragiske detaljen at eit lite barn døyr. Dette er i seg sjølv litt forstyrrande, det at menn står bak forteljingar som skildrer kvinner si skam eller sorg som følgjer opplevinga deira av å vere syster og mor – og der kvinnene anten er sjølvoppofrande eller onde, eller kvifor ikkje begge deler? Det er ikkje detaljane i seg sjølv som uroar meg, fordi fedre har og si eiga historie å fortelje om barn. Men det som plager meg er symbolbruken og framstillinga av kvinner, som er så gjennomgåande liknande i desse to filmane.

Og denne framstillinga eg tenkjer på er den klassiske – der kvinna er lik ein representasjon av naturen, og der farlege og ukontrollerbare krefter nærast sluker kvinnene sjølv. For kvinna i Thelma vert, som Beauvoir skriv, Den Andre gjennom Den Enes ide om Den Andre. Anten er kvinna noko trugande som må haldast i tøyler, eller ho er nærast eit negativ – eit objekt frå kvar naturen strøymer gjennom henne og får mannen til å gjere farlege ting, trass at mannen eigentleg berre er, vel… god.

Farsfiguren i filmen vert slik ein representasjon av kulturen, i dette tilfelle religionen. Han er ein megler mellom naturen og menneskene, og hans oppgåve er å hjelpe Thelma til å slukne dei mørke kreftene i seg sjølv. Mora er sjølvoppofrande, og har lidd i ein sånn grad at ho har enda opp i rullestol. Faren derimot, er den sterke, gode skikkelsen som tek vare på dei begge to.

Eili Harboe i Thelma. (Foto: Motlys/SF Film)                                                                                                                                                                                                   ‘

Dette er ikkje en seier for kvinna

Ein skulle kanskje tru at når Thelma mot slutten så går opp og inn i sine eigne krefter, og klarer øydeleggje det som stopper henne frå å vere seg sjølv – at feministen i ein skulle kunne slappe av. Men ein seier for kven som helst av oss hadde vore ei framstilling av eit modig, sterkt, trygt menneske som tek dei beste vala ho kan ta i den situasjonen ho er i. Thelma i historien vinner på eit vis, både som individ og som representasjon for naturens krefter. Men det er ikkje ein seier for kvinna. Kvinna er desto meir dette mørke og ukontrollerbare – farlege krefter mannen berre kan ønskje å stoppe, men umogleg kan klare å kontrollere.

Lik slangane som dukker opp i filmen, snik denne kjensla seg på ein der i kinosalen – ei altfor vanleg kjensle av skuffelse. Og slangane får ein til å minnast Medusa-myten om ho som vart forvandla til eit monster med slangehår fordi ho vart utsett for valdtekt, og slik måtte bere skammen på kroppen, heilt til ho vart eit symbol på mørke krefter. Medusa er dømd til å forvandle andre til stein, liknande er Thelma dømd til å skade dei ho er glad i.

Eili Harboe i Thelma. (Foto: Motlys/SF Film)                                                                                                                                                                                                   ‘

Publikum vert mata med synet på kvinner som ein mytologis, gal figur

Problemet er at det ikkje vert gjeve noko anna bilete av faren enn den gode meglaren, som berre gjer så godt han kan, sjølv om mykje av det han gjer ganske tydeleg er etisk problematisk. Det skuffande er også at Thelma held fram, til siste slutt, å vere som ei dør inn til mørke, mystiske og svært øydeleggande krefter. Dette vert ikkje utprøvd på noko vis – det er meir som eit faktum enn noko anna, som vert konstatert då ho googlar sjukdommen hennar og berre får opp kvinner, heilt tilbake til heksene som vart brent på bålet.

Det går til og med dit hen at Thelma vert fortalt at ingen kan elske ho, ettersom det som skjer ho berre skjer fordi ho kan få til alt med kreftene hennar – alt som kjem til ho kjem fordi ho vil, fordi ho ønskjer det. Dette er problematisk ikkje berre fordi det både framstiller kvinna som ukontrollerbar, og som ei som kontrollerer andre, men det er også problematisk fordi, som lesbisk eller bifil kvinne, er Thelma allereie utsatt for ikkje å verte tatt på alvor med den legningen ho har.

Det mest problematiske med filmen er kanskje nett at dei personane som vil kjenne seg mest att i hovudpersonen, er personer som definerer seg som unge kvinner i ein sårbar situasjon. Men istadenfor at filmen bidreg til å utfordre biletet samfunnet til alle tider utsett desse kvinnene for, vert dei som sit i salen mata med det vanlege, urealistiske og mannsjåvinistiske synet på kvinner som ein mytologisk, gal figur ein helst bør stenge inne på loftet.

Nyheter

Om Subjekt

Subjekt er et tidsskrift og nettsted for etikk og estetikk i kunst og kultur. De fysiske utgavene er riksdistribuert gjennom Interpress og kommer plutselig. Magasinet ble først lansert som et subjektivt papirmagasinformat med redaktøren som eneste bidragsyter i 2012. I 2014 kom den vanskelige andreutgaven på over 240 sider, med 30 bidragsytere. I 2017 ble Subjekt.no lansert, med papirmagasinet som ryggrad. Subjekt er utgitt med støtte fra Stiftelsen Fritt Ord.

Bidra? · Annonsere? · Ris/ros/kontakt? · Les mer om Subjekt.

2017 © Alle rettigheter reservert Subjekt, utgitt av Perfektum Partisipp AS. Redaktør og ansvarlig utgiver: Danby Choi.

Twitter Auto Publish Powered By : XYZScripts.com