Kultur og medier

Trangsynt om kunstkritikk

Eg føler for å rette opp visse misforståingar Danby Choi banar veg for, skriver kunstkritiker Maria Horvei.
Sjanger Dette er en nyhet. Artikkelen skal fortelle om noe som har hendt, og på en tilstrebet saklig og nøytral måte.
Saken er Eg føler for å rette opp visse misforståingar Danby Choi banar veg for, skriver kunstkritiker Maria Horvei.

I kommentaren «Når kunsten sponser kunstkritikken» rettar Subjekts redaktør Danby Choi skarp kritikk mot prosjektet Plattform for ung norsk kunst og kritikk, eit samarbeid mellom Talent Norge og Astrup Fearnley-museet. Som ein av dei involverte skribentane i dette prosjektet, føler eg for å rette opp visse misforståingar Choi banar veg for.

For ordens skuld kommenterer eg ikkje prosjektet Dansekritikerrørsla, som Choi også kommenterer, då dette ikkje er noko som ligg på mitt bord.

Eg skal halde dette kort. Misforståinga Choi byggjer store deler av sin argumentasjon på, er også av ein såpass grunnleggjande art at det bør vere fort gjort å korrigere:

Slik Choi framstiller saka, kan ein som lesar tru at det prosjektet som eg har gått inn, går ut på at seks kritikarar skal skrive ein anmeldelse av ein Astrup Fearnley-utstilling, betalt av Astrup Fearnley-museet. Det er altså ikkje tilfelle; det er vanskeleg å sjå kven som skulle hatt interesse av eit slikt opplegg.

Annonse

Det eg derimot skal gjere, er å følgje kunstnaren Constance Tenvik over ein lengre periode, for så å skrive ein drøftande tekst om hennar kunstnarskap. Det underliggande målet er å kunne sette hennar verk og hennar tilnærming til den skapande prosessen inn i ein større kontekst – både kunsthistorisk og med tanke på andre referanserammer – og også å finne rom til nærlesingar av konkrete arbeid.

Den resulterande teksten vil inngå i katalogen til den komande utstillinga med Tenvik og fem andre unge, norske samtidskunstnarar – saman med tekstane dei fem andre kritikarane har skrive om desse kunstnarane.

Om Choi vil ha slutt på praksisen der museer og institusjonar tingar kunsthistorikarar og kritikarar til å skrive essay som følgje til ei utstilling, kan han godt formulere den tanken fullt ut. Men ikkje forstår eg korleis dette skulle ha styrka den offentlege samtalen om norsk samtidskunst.

Det burde knapt vere nødvendig å påpeike, men dette er også ei side av verksemda til ein kritikar: Å fordjupa seg i ein kunstnar sine verk, å kontekstualisere og drøfte. At Chois definisjon av kunstkritikk verkar å vere einsbetydande med anmeldelser som munnar ut i ein (smaks)dom, får han sette på eiga rekning. Men at det er dette synet på kritikarrolla som skal bane veg for ein meir opplyst kunst- og kulturdebatt framover, stiller eg meg tvilande til.

Maria Horvei er kunsthistoriker og kritiker, samt redaktør i Vinduet, Gyldendals tidsskrift for litteratur.

Les også: Når kunsten sponser kunstkritikken

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de problematiserer det som andre ikke har tenkt på. I tillegg har de grundige anmeldelser og gode anmeldere, og det mener jeg uavhengig av at de likte min serie, altså!


Henriette Steenstrup
Regissør
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar opp ting jeg ikke visste at jeg var interessert i. Dessuten er det et nydelig sted å holde seg oppdatert på hva som foregår i kulturnorge.


Jonis Josef
Komiker
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg ble rasende hver gang de sakene jeg ville lese var bak betalingsmur. Som abonnent ble jeg kvitt det raseriet, men ble til gjengjeld rammet av et nytt raseri. Over norsk kulturliv.


Harald Eia
Sosiolog
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar