50% rabatt på Hedda Gabler hos Det Norske Teatret

Nå får Subjekt Pluss-abonnenter 50% rabatt på Hedda Gabler hos Det Norske Teatret. Tilbudet gjelder på billetter til ordinær pris som kjøpes senest 31. august 2024.

Klikk på «Benytt fordel»-knappen for å benytte deg av fordelen.

Hedda Gabler

Få av Ibsens kvinner har fått så mange merkelappar som Hedda Gabler. Er ho eigentleg eit truverdig portrett av ei kvinne – sjølvopptatt, manipulatorisk og frekk som ho er? Ukontrollerbar og vill. Eigenrådig og utagerande. Eller berre einsam, forvirra og ulykkeleg, i utakt med sine eigne og med meiningar som ikkje blir respekterte?

Hedda Gabler har premiere hos Det Norske Teatret 7. september.

Les mer om forestillingen her.

Maktspel

Hedda og Jørgen Tesman er nett komen heim etter bryllupsreise. Romantikken har ikkje akkurat blomstra på turen, sjølv om Hedda har blitt gravid. Ho har kjeda seg, medan han har forska og studert. No håpar Tesman å få den nye stillinga som professor ved universitetet. Men det viser seg at han får ein konkurrent i den tidlegare studiekameraten Ejlert Løvborg, som etter mange år på skråplanet har fått livet på rett kjøl. Det er duka for forviklingar. Hedda får Løvborg til å drikke igjen så han rotar vekk manuskriptet til sitt store verk. Hedda finn det og brenn det, medan ho oppmodar Løvborg til å ta sitt eige liv. Frå dette punktet startar eit destruktivt maktspel som krev sine offer i blod.

Stjernelag

Regissør og påtroppande teatersjef ved Det Norske Teatret, Kjersti Horn, har hatt suksess med teateroppsetjingar som Kristin Lavransdotter, Kaos er nabo med gud og Einkvan, der ho gjer utstrakt bruk av video i framsyningane. Dette grepet blir vidareført i Hedda Gabler, der scenograf Sven Haraldsson har latt bygge ein komplett designheim med badekar og komfyr til Hedda og Tesman.

Jae Nyamburah skal portrettere Hedda Gabler. I hennar versjon blir ho både villstyrig og høglytt, for mykje for mange. Nyamburah har nyleg vore nominert til Heddapris for beste medspelar for rolla i De må føde oss eller pule oss for å elske oss ved Nationaltheatret, og spelte rolla som Romeo i Romeo og Julie ved Den Nationale Scene. Hedda Gabler er hennar første hovudrolle på Hovudscenen på Det Norske Teatret. I lag med henne står Emil Johnsen som ektemannen Jørgen Tesman, Preben Hodneland som Ejlert Løvborg, Kyrre Hellum som Assessor Brack, Kjersti Dalseide som Thea Elvstedt, Geir Kvarme som Tane Julle og Kirsti Refseth som Berte.

Heilt frå utgjevinga i 1890 har Ibsens portrett av Hedda Gabler skapt reaksjonar. Å bryte med det typisk “kvinnelege” gjorde ein ikkje ustraffa i den gongen. Er det framleis slik? Kva følgjer kan det få å ikkje leve opp til forventningane i samfunnet?

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg.

Om Subjekt Pluss fordelsprogram

Når du abonnerer på Subjekt Pluss får du tilgang til å lese alt det gode innholdet vi publiserer bak betalingsmur. Samtidig bidrar du direkte til å støtte vår produksjon av mer og bedre uavhengig kunst- og kulturjournalistikk. Inkludert i prisen får du nå relevante og eksklusive tilbud, rabatter, fordeler, invitasjoner og konkurranser i Subjekt Pluss fordelsprogram.

Hvis du ikke ser kupongkoden eller «Benytt fordel»-knappen betyr det at du ikke har et aktivt abonnement eller ikke er logget inn.

Fordeler er kun for abonnenter, få tilgang nå
Allerede abonnent? Logg inn.