Kunst og feminisme

Problemet med menn og minimalisme

Kan mannens monopol på minimalismen vere årsaka til at kunstnere som Eva LeWitt vert misforstått, spør Subjekts kunstanmelder Inger Zivana M. Torvund.

Då eg las Stian Gabrielsen sin anmeldelse «Maksimal fitness» på Kunstkritikk.no, reagerte eg på hans korte, litt kjølige kritikk av kunstverk som etter mi meining inneheld – og kan gje oss, så mykje meir enn det han teikna opp. Kanskje bar han nokre skylapper me så ofte ber i møte med den minimalistiske kunsten?

Inger Zivana M. Torvund jobber som kunstner under navnet Inka Léontine og skriver kunstanmeldelser i Subjekt. Hun har kunstutdannelse fra Bergen, og studerer nå tverrfaglige kjønnsstudier på UiO.

Eg reagerte på at han valgte å trekkje fram det designmessige aspektet som noko av det viktigaste ved kunstverka, og deretter valgte å konkludere med verka sin uvilje mot å opponere; dette er visst nærast som slappe dusjforheng å sjå til.

Det å tillegge kunstverka elementer frå design er ikkje feilaktig, men å avgrense kunst på den måten frå å bli tatt på alvor som installasjon og det handverket det er, vil etter mi meining gjere ein blind for viktige kvaliteter ved det.

Dette er konseptuelle kunstverk, som minimalistiske verk ofte er, men det er også verk som speler på lys, rom og kjensler med ein taktilitet Gabrielsen også nemnar. Denne utstillinga appellerer ikkje berre til sansene, men ønskjer også å røre ved dei, ved oss.

Men problemet med skylappane handler ikkje berre om at me må ta kunsten på alvor, det handler også om kategoriane og skiljene me har dratt mellom kunst og design, verdi og praktikalitet, opposisjon og konsum, mellom det å skrike frå tak og det å vere stille, mellom kunst av menn og kunst av kvinner.

(Foto: Christian Tunge.)

Ein gammal krangel

Konflikter mellom design og kunst går langt tilbake. Minimalismen forma seg då ei gruppe kunstnere på 1960- og 70-talet ønskja å ta avstand frå eit akademisk og teknisk prega kunstmiljø.

Med masseproduksjon og veksande konsumering, vart det naturleg at kunstuttrykk både reflekterte og opponerte mot desse tinga, og minimalismen som kunstgruppe rørte seg nettopp over i eit område meir prega av design enn før.

Denne gamle krangelen er ikkje over, men pågår den dag i dag.

Då eg sjølv tok ein bachelor på Kunsthøgskolen i Bergen 2011-2014 skifta institusjonen namn til «Kunst- og designhøgskolen». Den overordna organiseringa ønskja heilt tydeleg å signalisere det kunsten praktisk talt hadde gjort lenge allereie – overlappa og løpt parallellt med design og handverk.

Diverre var det framleis sterk splittelse mellom disiplinene, og akademiet uttrykte ønskje om å skilje seg frå dei andre retningane.

Eg trur på dialog mellom ulike disipliner, og er interessert i den spenninga som oppstår hjå kunstnere som arbeider mellom, på tvers av og gjennom ulike disipliner.

Konflikta mellom design og kunst er ein lang og tvetydig, djup og ubalansert dialog der mange stemmer kviskrar, og nokre stemmer skrik.

Louise Bourgeois, Breasts, 2008, gouache on paper, 12 1/4 x 10″; 31.1 x 25.4 cm. @The EAston Foundation/SIAE 2017 (Foto: Christopher Burke)

Menn og minimalisme

Det er vanskeleg å unngå det faktum at design har ei djup rot i handverk, då design har å gjere med praktikalitet, økonomi og teknologi. Det vil seie at design er med på å gjere materialer rundt oss, det vere seg biologisk eller industrielt, til noko me både kan nytte reint praktisk og også vere i dialog med, nære oss på og som igjen kan røre ved oss.

Me har relasjoner med tinga rundt oss, og tinga er ein del av dei sosiale relasjonane me har i livet.

Tenk berre på dei heimestrikka sokkane du bruker på vinteren, eller halsbandet til hunden din, kanskje har du gravert hundens namn på det, og kanskje held sambuaren din i det, når dei går tur om kvelden.

Kunst og design, så nært knytta opp til overlevnad og økonomiske anliggender, er altså det område der både menn og kvinner gjennom uendeleg mange generasjoner har levd side om side i relasjoner med ulike former for materialer og utformingane av desse. Det er denne historien som gjev kunst og design dets verdi, men det er ikkje utelukkande ei gledeshistorie.

Eva Hesse, Untitled or Not Yet, 1966; nets, polyethylene, paper, lead weights, and cord, 71 in. x 15 1/2 in. x 8 1/4 in. (180.34 cm x 39.37 cm x 20.96 cm); Collection SFMOMA, Purchase through a gift of Phyllis C. Wattis; © The Estate of Eva Hesse

Ettersom kvinner i lang tid, og i visse situasjoner framleis, ofte var dei som utførte mest hushaldningsoppgåver, var dei også svært aktive i å skape kunsthandverk og dekorative gjenstander for og til heimen, samt med bruk utanfor heimen.

Desse lange tradisjonane for handverk gjekk hand i hand med praktiske, økonomiske, dekorative og designmessige områder av liv og virke som påverka begge kjønn.

Både klesdesign og andre former for design, handverk og brukskunst var lenge prega av kvinnehender og hovud, både som arbeidere og designere.

Men dessverre har denne ofte livsviktige, livnærande kategorien av kunstarbeid blitt sett ned på og stua inn i ein kjønna og daglegdags kategori fordi menn har dominert dei offentlege kunstneriske miljøene opp gjennom tida.

Det tekniske og akademiske presset på kunstnere som eksisterte før 60- og 70-talet, var sterkt prega av institusjoner dominert av menn, og det var utilfredsheit med slike institusjoner som forårsaka minimalismen som ein motreaksjon.

Det var også stort sett menn som opponerte, og ønskja skape seg eit nytt rom litt utanfor dette akademiske miljøet. Denne konflikta var altså sterkt prega av menn i kunstnerisk og akademisk dialog med andre menn.

Det som er interessant å sjå i ettertid er korleis minimalismen, som rørte seg mot eit område meir prega av konsept og design, også skapte ei slags bru som gjennom åra har vokse seg større, og som i dag gjer det lettere å jobbe på tvers av disiplinene kunst og design, performance, skulptur, foto og meir.

Som så mange andre komplekse ting i livet vart altså denne avbrytaren av minimalisme ein måte å fordjupe dialogen mellom kunst og design.

Ein kan seie at ein effekt av denne dialogen, i kombinasjon med høgare medvit rundt kvinneundertrykkelse i samfunnet forøvrig, var ei fordjuping av dialogen mellom arbeid kategorisert som kvinnearbeid, og det såkalla «universelle» arbeidet gjort av mannen.

Og her, vender me attende til Eva LeWitt sin kunst. Ho har ein nærleik til materialet når ho arbeider, og utfører arbeidet sjølv. Det er eit handtverk gjort av ei kvinne, med eit ønskje om å forhalde seg til materialet og uttrykke noko – som så mange kvinner før henne har hatt.

Som ho skildrar i eit intervju: «I tried to make work in metal and wood, but felt I couldn’t totally manage those materials on my own. I couldn’t quite control and manipulate them the way I wanted to without outside help. I don’t like to have work fabricated. I like to touch everything, have a personal connection with it. [My father] was much more comfortable having other people execute his work – that was the effect he wanted. He didn’t want the hand of the artist to show in all of his work.»

«Mothers With Spoons» og «Relationships», Pens and oil sticks on paper, 2014, exhibited at ‘Ed Varie’ Gallery in New York in July 2014.

Tråder og regndråper, tunge som kvinnebryst

Trådane som fell nedover veggen på Galleri VI, VII i Oslo lander i små knappar heilt nederst der dei stoggar midt på veggen i ulike høyder, og gjev meg assosiasjoner til tyngdekraft, tid, og ting som fell, som renner og rører seg i mjuke bølgjer.

For meg, er dette kunstverk som er i dialog med fleire, viktige minimalistiske og/eller ekspressive verk, og som har noko å seie – dei snakker til meg. Det er verk som breijar seg, men ikkje på ein intens og trykkande måte. Dei skrik ikkje, dei vil ikkje bort.

Kva er tilpassning? Er det å slappe av? Eller er det å løyse eit problem ved å la andre problem stå uløyste? Er tilpasning noko som tier eller er det noko som rører på seg, som opponerer ved å assimilere? Kva er assimilering og kva seier dette verket om det?

Dette er for meg ei utstilling der kunstverka møter deg rakrygga i døra, dei lar vere å snu seg vekk – dei berre heng der.

Men denne stogginga er ikkje nødvendigvis synonymt med eit tilpassa, dekorativ dusjforheng. Denne stogginga får meg til å stogge opp sjølv – og tenkje.

I tankane surrar Louise Borgouise sine raude bryst, Eva Hesse sine nett, Ana Kraš sine teikningar av kvinner, og Jessica Williams si utstilling frå 2016 på Galleri Storck i Oslo.

Der stilte Williams ut ein installasjon med materialer ho fant i Oslofjorden, plastikk som har forma seg gjennom lang tid i vatn og blitt til noko ein kunne tatt for naturelement oppstått rett der– i fjorden.

Og Eva LeWitt sine tråder, sjølvsagt, som blir til regndråper, tunge som kvinnebryst. Ho jobber med materialer som får oss til å tenkje på plastpenaler me vaks opp med, som igjen er ein del av all den plasten som ender opp i havet. Det er eit varmt og kaldt materiale på same tid, det er ugjennomtrengeleg og svært tilgjengeleg; det seier noko om den nyliberalistiske samtida vår.

Om det hadde laga ein lyd, ville det nok sagt «svisj svosj», nett som sjøen på ein litt vindfull sommardag der ein berre såvidt kan skimte alle løyndommane som gøymer seg der nede, under overflata.

Jessica Williams, Oslofjord, Hverdag Books; Oslo, Norway, 2016, 31 x 22 cm.

Lik Gabrielsen opplever eg i verka ein tydeleg tråd til samtida vår. Men, eg meiner denne tråden har dybde og ein materialitet med moglegheit til å gje oss sanselege, idérike og kjenslemessige opplevelser.

Det er verk som fører tankane over på kropp, på kleda me ber på kroppen, på kroppen som ber oss oppe. På havet som får det kroppane våre ikkje vil ha, men som nett er det me skapte berre for å eige det. Det er verk som gjev meg tanker om tyngden, noko som trykker oss ned, tyngden av alder, av eit heilt liv – og ei lang tid med overkonsum.

Me fyller heile rom med kroppane våre, og me kjøper nye ting til å fylle desse romma med, og me får barn som drikk mjølk som trekk oss ned, og me mister ting i havet rett som det er. Me let også kropper drukne der medan me snur oss vekk.

Minimalismen skulle jo vere nett det – den skulle vere med på å trekke oss opp – ut av det som var før – og inn i ei ny tid, ei tid som er mindre pretensiøs. Der me drikk vin frå plastkopper, og er nødt til å sjå på at barna våre leiker med nedslipt plast på badestrender.

Eva LeWitt sine kunstverk er mjuke verk som kan nytast i det stille, ja, men dei kviskrar noko til deg, når du snur deg. Kvifor skal dei skrike? Er det ikkje heller vår oppgåve å verte betre til å lytte?

Nyheter

Om Subjekt

Subjekt er et tidsskrift og nettsted for etikk og estetikk i kunst og kultur. De fysiske utgavene er riksdistribuert gjennom Interpress og kommer plutselig. Magasinet ble først lansert som et subjektivt papirmagasinformat med redaktøren som eneste bidragsyter i 2012. I 2014 kom den vanskelige andreutgaven på over 240 sider, med 30 bidragsytere. I 2017 ble Subjekt.no lansert, med papirmagasinet som ryggrad. Subjekt er utgitt med støtte fra Stiftelsen Fritt Ord.

Bidra? · Annonsere? · Ris/ros/kontakt? · Les mer om Subjekt.

2018 © Alle rettigheter reservert Subjekt, utgitt av Perfektum Partisipp AS. Redaktør og ansvarlig utgiver: Danby Choi.