Ufyseleg, men lovleg

Valdsbruken mot Lars Thorsen kjem til skade for antirasistisk arbeid

Fylkestingsrepresentant for MDG i Vestland fylkesting, Øyvind Strømmen, har skrevet flere bøker om muslimhat og høyreekstremisme. I denne artikkelen kommenterer han motdemonstrasjonen i Bergen, hvor Sian-leder Lars Thorsen ble angrepet og geleidet vekk fra Festplassen av politiet. (Foto: Eivind Senneset/NTB scanpix.)
Fylkestingsrepresentant for MDG i Vestland fylkesting, Øyvind Strømmen, har skrevet flere bøker om muslimhat og høyreekstremisme. I denne artikkelen kommenterer han motdemonstrasjonen i Bergen, hvor Sian-leder Lars Thorsen ble angrepet og geleidet vekk fra Festplassen av politiet. (Foto: Eivind Senneset/NTB scanpix.)
Ikkje la Sian bli martyrar for ytringsfridomen, skriv representant i Vestland fylkesting, Øyvind Strømmen (MDG).
Sjanger Dette er en nyhet. Artikkelen skal fortelle om noe som har hendt, og på en tilstrebet saklig og nøytral måte.
Saken er Sian-leder Lars Thorsen ble angrepet under demonstrasjon i Bergen i helgen.

Det skal ganske mykje til for å verta dømd etter §185 i Straffelova, gjerne kalla rasismeparagrafen. Men leiar i Stopp islamiseringen av Norge (Sian), Lars Thorsen, er ein av dei som har klart det.

Han vart i Oslo tingrett mellom anna dømd for å ha hevda i ei Sian-brosjyre at «gode muslimer er en svøpe for sine omgivelser hvor enn de er», og at «et hvert menneske som bekjenner seg til Muhammeds ideologi og som arbeider for å innføre islams ondskap her» må deporterast eller internerast på livstid.

Sian-leiaren vart også dømd for ei brosjyre som hevda at «gode muslimer voldtar i et epidemisk omfang i hele Vesten, fordi Allah og Muhammed har sagt at det er helt legalt», og som konkluderte med at «en ideologi som legitimerer predatoradferd hører ikke hjemme her. UT med svineriet».

Thorsen anka.

Annonse

Anka vart forkasta av lagmannsretten.

Sjølv kalla han det eit justismord.

Dehumaniserende retorikk

Thorsen vart i tingretten frikjend for utsegner i ei anna brosjyre, kalla «Islam – en forbrytelse mot menneskeheten», der det blant anna heitte at «import av seksualpredatorer og morderzombier» er ein del av eit folkemord mot «oss som gruppe», og at «islam er et parasittisk uhyre som næres på ikkemuslimenes blod og eiendom».

I tingrettsdommen heiter det at desse siste ytringane er absurde og at det difor er utfordrande å tolka dei.

Eg veit ikkje om eg er samd med det. Det er snakk om ein forvirra konspirasjonsteori om innvandring som folkemord på kvite, og om ein dehumaniserande retorikk mot menneske som har islamsk tru eller som berre har opphav frå eit land med ein muslimsk majoritet.

Sian har forfeikta massedeportasjonar av ei gruppe menneske på grunn av deira religiøse identitet. Dei fører ein retorikk som fråtek folk menneskeverdet. Ein treng ikkje kunna mykje om europeisk historie for å kunna sjå problem ved slikt.

Og dei trakkar på folk eg kjenner.

Dei trakkar på ungane til folk eg kjenner.

Heldigvis er dei ein stusseleg liten gjeng. Og eg veit at det er nokre – som blant anna på bakgrunn av dommen eg nemnde – meiner at denne gjengen ikkje burde få lov å demonstrera, ikkje burde få lov å slengja ut dei forkvakla idéane sine.

Ytringsfridomen gjeld likevel

Men Grunnlova er tindrande klår.

Der heiter det at alle har rett til å ytra seg frimodig om både «statsstyringa» og om «kva anna emne som helst». Det kan setjast grenser for denne retten, «der særleg tungvegande omsyn gjer det forsvarleg halde opp imot grunngjevinga for ytringsfridomen», som altså: Nemnde paragraf 185. Og ho er også klår på at førehandssensur ikkje kan nyttast.

Det er bra. Det er eit teikn på eit liberalt demokrati. Og det inneber at ei av politiet sine oppgåver er å forsvara ytringsfridomen, også av meiningar som er ufyselege, og også til menneske som har klart det kunststykket det er å verta dømd for rasisme. I går hadde politiet i Bergen den oppgåva.

Det er ei oppgåve eg ikkje misunner dei.

Eg veit ikkje kva Thorsen sa under demonstrasjonen i går. Eg har eigentleg avgrensa med tid og tolmod til å høyra på bodskapen deira, eg har gjort det ofte nok i samband med research til fleire bøker om muslimhat og høgreekstremisme.

Men når nokon ynskjer å ty til vald for å stogga Thorsen frå å snakka, er det politiet si oppgåve å hindra den valdsbruken. Den oppgåva mislukkast dei i idag i Bergen. Thorsen vart slått til blods av nokon som hoppa over sperringane.

Kontraproduktivt

Eg aner ikkje kva som konkret motiverte den eller dei som gjorde det, men det er noko vedkomande med rette vil verta straffeforfulgte for.

Denne valdsbruken er dessutan til skade for antirasistisk arbeid. Det trugar med å gjera Sian til ein slags martyrar for ytringsfridomen, og bidreg til å skaffa ei marginal og ekstrem gruppe meir sympati og meir støtte. Det gjer det vanskelegare, ikkje lettare, å sikra brei folkeleg mobilisering mot Sian; vanskelegare, ikkje lettare å visa solidaritet til menneska dei trakkar på.

Eg var ikkje i Bergen sentrum under demonstrasjonane, og har berre lese mediaomtala, men eg er heller ikkje imponert av at politiet tok i bruk pepperspray og tåregass i det omfanget media gjev inntrykk av. Det også gjer at eg sit att med eit inntrykk av at politiet ikkje var godt nok budde. Det bør verta ein viktig del av deira interne diskusjonar dei neste dagane, og det er naturleg og rimeleg at det også vert ein del av samfunnsdebatten.

Men ein annan viktig del av samfunnsdebatten handlar om korleis me, saman, skal hindra at fleire fell for hatprat, og det samstundes som me verjer om ytringsfridomen.

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
Janne Wilberg
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar
Simen Velle

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tør å løfte prinsipielle debatter, og stå i dem når det stormer. Medie-Norge hadde vært fattigere uten Subjekts aktive bidrag til samfunnsdebatten.



Simen Velle
Leder i FPU
Alexander Tenvik
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg er interessert i kultur, og fordi de har en stor bredde i dekningen sin.


Alexander Tenvik
Kunstner
Ari Bajgora
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har interessante og spennende vinklinger på aktuelle saker.


Ari Bajgora
Rapper
Asle Toje
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen er maktkritisk og uredd. Det er forfriskende.


Asle Toje
Nestleder i Nobelkomitéen
Agnes Moxnes
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
Sarah Gaulin
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
Einar Øverenget
Jeg abonnerer på Subjekt fordi det inviterer meg til å tenke.


Einar Øverenget
Filosof
Anine Kierulf
– Mangfold i de redigerte medier er en demokratisk forutsetning. Jeg leser kulturavisen Subjekt fordi kulturkrig også er kultur. Anbefales særlig for folk med lavt blodtrykk.


Anine Kierulf
Jurist
Morten Traavik

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tør der andre tier.



Morten Traavik
Kunstner
Adrian Eilertsen

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi vi trenger flere aviser som står utenfor de store mediekonserne.



Adrian Eilertsen
King Skurk One
Anette Trettebergstuen
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen fyrer opp feeden min nesten ukentlig, og jeg må selvsagt følge med der det skjer. Og de skriver om kulturstoff andre har sluttet å dekke.


Anette Trettebergstuen
Stortingsrepresentant (AP)
Benedikte Høgberg
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi det er viktig for meg personlig å lese et bredt spekter med nyheter og meninger for å gjøre de gode samfunnsanalysene.


Benedikte Høgberg
Trym Ruud

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er en av de få virkelig frie avisene i Norge. De dekker kunst, kultur og samfunn med integritet, uten å bøye seg for staten eller kommersielt press. De skriver ærlig, modig og ufiltrert, og gir rom til stemmer og kunstnere som ellers ikke blir sett. Det er derfor Subjekt vokser, og derfor jeg støtter dem.



Trym Ruud
Kunstner
Mohammad Usman Rana
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen skiller seg ut med skarpe analyser, intellektuell friksjon, ekte meningsmangfold og mot til å stille spørsmål ved zeitgeist. Som muslimsk tenker har jeg opplevd slike medier som anti-islamske, men ikke Subjekt.


Mohammad Usman Rana
Muslimsk tenker
Hadle Bjuland

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi det er en avis som setter mangfold høyt, og som mener det. Subjekt våger å ta inn flere perspektiver.



Hadle Bjuland
Leder i KRFU
Amrit Kaur
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de utfordrer dagsordenen. Selv om jeg ikke alltid er enig, så er det forfriskende å lese meninger som utfordrer status quo.


Amrit Kaur
Leder i Rød ungdom
Mímir Kristjánsson
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
Susanne Kaluza

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi vi trenger mer, ikke mindre  kulturjournalistikk i Norge. Og så synes jeg det er viktig å følge med på tendenser, nyheter og meninger på tvers av det politiske spekteret, både saker jeg er enige i og saker jeg er uenige i.



Susanne Kaluza
Litteraturhussjef i Oslo
Hedvig Montgomery

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi kultur og politikk trenger flere stemmer og plattformer i Norge. På Subjekt blir jeg orientert og irritert, opplyst og engasjert. Og kjeder meg i hvert fall ikke!



Hedvig Montgomery
Psykolog
Trine Skei Grande
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Direktør i Forleggerforeningen
Ervin Kohn
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen publiserer tankevekkende innlegg i samfunnsdebatten, og fordi jeg bryr meg om de som leser avisen.


Ervin Kohn
Jødisk tenker
Snorre Klanderud
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi det er avisen som virkelig forstår samtiden. De er seriøse og lesverdige på kultur og politikk, men uten å bli jålete, sånn at alle kan være med og forstå den kompliserte virkeligheten.


Snorre Klanderud
Influenser