Sløseriombudsmannen må få ytre seg

Utestenging av kritiske røster kan føre til meir hets mot kunstnarar

Me har ikkje behov for meir kontroll av kva som er lov å ytre, skriv varamedlem i Norske billedkunstnere (NBK), Brynhild Elvira Winther. (Foto: Presse.)
Me har ikkje behov for meir kontroll av kva som er lov å ytre, skriv varamedlem i Norske billedkunstnere (NBK), Brynhild Elvira Winther. (Foto: Presse.)
Me har ikkje behov for meir kontroll av kva som er lov å ytre. Me treng meir aksept for at folk ser verda frå ulike perspektiv, skriv kunstnar Brynhild Elvira Winther.
Sjanger Dette er et debattinnlegg. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er 15 kunstnerorganisasjoner har uttrykt sin støtte til Norske dansekunstneres kritikk av Ytringsfrihetskommisjonen. Det har fått medlemmene deres til å reagere.

Den siste veka har det virka som at kunstnar-Noreg i samla flokk krev at Ytringsfrihetskommisjonen si oppgåve, skal vere å skåne folk frå å bli konfrontert med meiningar som strid mot det ein sjølv står for. Eg trudde ikkje den dagen skulle komme, kor eg vakna og undra meg over om samfunnet har tolka likeverd og likestilling som synonymt med at alle skal vere like.

I saka kor Begard Reza trakk seg frå Ytringsfrihetskommisjonen, reagerar eg på at NBK, har valgt på vegne av alle sine medlemar, å støtte Reza i det eg tolkar som ei motstand mot ytringsfridom.

Eg er medlem i NBK, og sit som vara i sentralstyret. Eg håpar og forventar at NBK jobbar for mangfald, og ikkje på vegne av sine medlemar, bidreg til å innskrenke rommet for skillnadar. Slik eg ser det, er det å ikkje møte Sløseriombudsmannen i open diskusjon med på å forsterke og skape konfliktar, heller enn å bidra til å løyse dei opp.

Ein må møte kritikken

Det Sløseriombudsmannen peikar på og kritiserar, er haldninar og meiningar som eksisterar anten ein likar det eller ei. Å møte kritikken i ein offentleg diskusjon, kan bidra til å skåne enkeltkunstnarar frå å måtte ta slike diskusjonar privat og på nett, som enkeltindivid. Åleine.

Annonse

Offentleg diskusjon kan òg bidra til ei større generell forståing for korleis kunstfeltet fungerar, og kvifor ein faktisk treng statleg støtte til kunst. Statsstøtte er med på å bidra til at kunsten kan innehalde eit mangfald som ikkje hadde vore mogeleg om berre det som var salgbart, eller på anna vis gav inntekt, kunne overleve. Slik er den med på å sikre oss (ytrings)fridom. Sidan statsstøtte er eit vesentleg ledd i kunstnerisk fridom, blir det absurd at somme kunstnarar skal ønske å innskrenke ytringar, og kritikk retta mot oss.

Eg støttar ikkje oppropet, fordi eg trur på open dialog som eit ledd i både konfliktløysing som eit middel for å auke forståinga for kulturfeltet sine ulike praksisar. At kunstnarorganisasjonane har stilt seg bak oppropet, på vegne av medlemane, vil mest sansynleg ikkje føre til at fleire sluttar å vere redd for å ytre seg – snarare tvert om: at fleire blir redde for å seie noko feil. Redd for å bli utstøtt. Redd for at konsekvensane av at ein ytrar seg, kan vere at ein ikkje får stipend, eller at ein mistar utstillingsplassar som konsekvens av å ha «sagt noko feil».

Me må presse imot

Dette er ikkje fyrste gong nokon frå kulturfeltet ynskjer å fråta nokon ytringsrett. Det å ønske eit meir einsarta ytringsrom, pressar seg på frå fleire kantar. Eg håper fleire vågar å presse imot. Me har ikkje behov for meir kontroll av kva som er lov å ytre. Me treng meir aksept for at folk ser verda frå ulike perspektiv.

Det oppleves ganske banalt å måtte minne folk om at det ikkje går an å snakke om respekt, om ein berre skal respektere speglingar av seg sjølv. Det går ikkje an å snakke om ytringsfridom, om ein berre skal tolerere ord frå personar som står i den same innfallsvinkel som ein sjølv. Og, om ein skal tvinge alle til å stå i det same perspektivet, vil ein ende opp med å trakke på kvarandre.

Eg ser det som ekstra viktig å støtte opp om opne diskusjonar og debattar, i ei tid kor krenkehysteriet ser ut til å utgjere ei stadig større trussel mot ytringsmangfald. I ei tid kor mange definerar meiningsmotstand, ulike synspunkt og kritikk som synonymt med hat. Kanskje handlar det om at somme blandar saman emosjonell krenking med juridisk krenking, og brukar det som taktikk for å unngå å møte meiningsmotstandarar med saklege argument. At ein slik freistar å gjere det ulovleg å meine noko anna enn det ein gjer sjølv.

Manglande fridom

Men kvar kjem krenkehysteriet frå? I følge antropolog Jonathan Haidt (anbefalar å sjå hans samtale på youtube om temaet med Joe Rogan), er det eit resultat av blant anna manglande frileik som barn. Utan frileik i barndommen, har ein gått glipp av eit viktig utviklingsstadie når det gjeld samspel og det å justere seg i dialog med andre, utan innblanding frå vaksne.

Haidt samanliknar òg krenkehysteriet med primitive hovudjegarkulturar, kor ein scorer status-poeng når ein kappar hovudet av nokon. I krenke-kulturen, får ein status ved å blant anna (helst offentleg) hengje ut personar og institusjonar for til dømes bruk av ord som potensielt kan krenke nokon. Eg lurer òg på om utfordringa med manglande aksept for mangfald i tankesett og meiningar, kan ha samanheng med at mange har gått i barnehage frå før dei kunne snakke og slik vore ein del av ei gruppe med kollektiv pedagogisk oppdraging frå eit førspråkleg stadie.

I følge jussleksikon.no, kan ein lese at juridisk krenking ikkje er det same som emosjonell krenking. Juridisk krenking handlar om overtramp mot rettane som rettsordenen skal oppretthalde. Som psykologisk omgrep, som handlar om krenking som ei oppleving av trussel mot seg sjølv eller identiteten; det å kjenne seg krenka handlar om narsisisstisk sårbarheit. Stor narsissistisk sårbarheit, betyr låg terskel for å bli krenka.

Effektiv teknikk

Det er vel ingen tvil om at krenking er ein effektiv teknikk for å unngå å la meiningsmotstandarar kome til orde. Eller å definere motparten sine meiningar som hat, fordi det strid mot det ein sjølv står for. Ingen har lyst til å vere den som blir offentleg uthengd for sine feilvalgte ord. Ingen har vel lyst til å vere den som blir kalla hatefull om ein stiller kritiske spørsmål.

Kva er kunstfeltet si rolle i samfunnet? Skal ein la vere å ytre sine meiningar, og på pliktoppfyllande vis fylle galleriromma med akseptabel kunst? Skal ein fjerne kunst som evner å skape diskusjon, slik somme ved Khio ville i relasjon til Vanessa Beecroft sitt fotografi? Har ein lov til å stille kritiske spørsmål? Er det trygt å kjempe for eit mangfald av både meiningar og tankesett, utan å bli utestengt, eller uthengt? Eller skal kunsten, og kunstnarorganisasjonane jobbe aktivt for einsretting av diskusjonsrommet?

Når det gjeld Sløseriombudsmannen, og andre som tek seg tid til (og kanskje kan eg tilføye: vågar utsetje seg sjølv for konsekvensen ved) å kome med kritikk, skal me ha eit samfunn kor enkelte grupper og personar har rett til å heve seg over kritikk? Bør ein ikkje heller bruke kritikk av denne typen som ein nøkkel til å opne opp for dialogar kring problematiske meiningar som ligg og ulmar under overflata i nokre delar av befolkninga? Eller, skal Ytringsfrihetskommisjonen ha som oppgåve å fri folk frå ytringar ein ikkje likar?

Støtter Sløseriombudsmanne

Eg støtter Sløseriombudsmannen si rett til å delta i diskusjonen. Å møte nokon i dialog, er ikkje synonymt med å stille seg bak vedkomande sine meiningar. Frå mitt synsfelt, ser det heller ikkje ut til at ei meining mistar tilslutning, ved å bli fråteke ytringsplatform.

Snarare tvert om; at kunstfeltet stiller seg bak utestenging av kritiske røster frå debatten, kan kanskje føre til meir hets mot feltet.

Sanning er det vakuum som oppstår idet ingen vågar stille kritiske spørsmål, og det ein hverken har lov til å tulle med, eller kritisere, er kanskje ikkje verdt å ta på alvor.

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
Adrian Eilertsen

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi vi trenger flere aviser som står utenfor de store mediekonserne.



Adrian Eilertsen
King Skurk One
Hedvig Montgomery

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi kultur og politikk trenger flere stemmer og plattformer i Norge. På Subjekt blir jeg orientert og irritert, opplyst og engasjert. Og kjeder meg i hvert fall ikke!



Hedvig Montgomery
Psykolog
Sarah Gaulin
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
Benedikte Høgberg
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi det er viktig for meg personlig å lese et bredt spekter med nyheter og meninger for å gjøre de gode samfunnsanalysene.


Benedikte Høgberg
Alexander Tenvik
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg er interessert i kultur, og fordi de har en stor bredde i dekningen sin.


Alexander Tenvik
Kunstner
Morten Traavik

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tør der andre tier.



Morten Traavik
Kunstner
Trym Ruud

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er en av de få virkelig frie avisene i Norge. De dekker kunst, kultur og samfunn med integritet, uten å bøye seg for staten eller kommersielt press. De skriver ærlig, modig og ufiltrert, og gir rom til stemmer og kunstnere som ellers ikke blir sett. Det er derfor Subjekt vokser, og derfor jeg støtter dem.



Trym Ruud
Kunstner
Snorre Klanderud
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi det er avisen som virkelig forstår samtiden. De er seriøse og lesverdige på kultur og politikk, men uten å bli jålete, sånn at alle kan være med og forstå den kompliserte virkeligheten.


Snorre Klanderud
Influenser
Susanne Kaluza

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi vi trenger mer, ikke mindre  kulturjournalistikk i Norge. Og så synes jeg det er viktig å følge med på tendenser, nyheter og meninger på tvers av det politiske spekteret, både saker jeg er enige i og saker jeg er uenige i.



Susanne Kaluza
Litteraturhussjef i Oslo
Einar Øverenget
Jeg abonnerer på Subjekt fordi det inviterer meg til å tenke.


Einar Øverenget
Filosof
Anette Trettebergstuen
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen fyrer opp feeden min nesten ukentlig, og jeg må selvsagt følge med der det skjer. Og de skriver om kulturstoff andre har sluttet å dekke.


Anette Trettebergstuen
Stortingsrepresentant (AP)
Simen Velle

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tør å løfte prinsipielle debatter, og stå i dem når det stormer. Medie-Norge hadde vært fattigere uten Subjekts aktive bidrag til samfunnsdebatten.



Simen Velle
Leder i FPU
Asle Toje
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen er maktkritisk og uredd. Det er forfriskende.


Asle Toje
Nestleder i Nobelkomitéen
Agnes Moxnes
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
Ervin Kohn
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen publiserer tankevekkende innlegg i samfunnsdebatten, og fordi jeg bryr meg om de som leser avisen.


Ervin Kohn
Jødisk tenker
Mohammad Usman Rana
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen skiller seg ut med skarpe analyser, intellektuell friksjon, ekte meningsmangfold og mot til å stille spørsmål ved zeitgeist. Som muslimsk tenker har jeg opplevd slike medier som anti-islamske, men ikke Subjekt.


Mohammad Usman Rana
Muslimsk tenker
Trine Skei Grande
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Direktør i Forleggerforeningen
Janne Wilberg
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar
Amrit Kaur
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de utfordrer dagsordenen. Selv om jeg ikke alltid er enig, så er det forfriskende å lese meninger som utfordrer status quo.


Amrit Kaur
Leder i Rød ungdom
Mímir Kristjánsson
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
Hadle Bjuland

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi det er en avis som setter mangfold høyt, og som mener det. Subjekt våger å ta inn flere perspektiver.



Hadle Bjuland
Leder i KRFU
Anine Kierulf
– Mangfold i de redigerte medier er en demokratisk forutsetning. Jeg leser kulturavisen Subjekt fordi kulturkrig også er kultur. Anbefales særlig for folk med lavt blodtrykk.


Anine Kierulf
Jurist