Feministar for menns rettar?

Kvinners hardt tilkjempa rettar er truga av Norsk kvinnesaksforening

Vektløfter Laurel Hubbard fra New Zealand er den første transpersonen som har deltatt i et OL. Her under sommer-OL i Tokyo i 2021. (Foto: Sipa USA/NTB.)
Vektløfter Laurel Hubbard fra New Zealand er den første transpersonen som har deltatt i et OL. Her under sommer-OL i Tokyo i 2021. (Foto: Sipa USA/NTB.)
Eg melde meg ut av Norsk kvinnesaksforening. Eg kan ikkje vere medlem i ein organisasjon som motarbeider kvinners rettar, skriv Aud Farstad.
Sjanger Dette er et debattinnlegg. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er Norsk kvinnesaksforening ønsker «alle kjønn» velkommen. Det får Aud Farstad til å reagere.

Norsk kvinnesaksforening har ei gammal, stolt historie, men foreininga stør no ideologien om at det eksisterer meir enn to biologiske kjønn og at kjønn er «flytande». Ei tru som ikkje har hald i røyndom og vitskap.

Det er eit år sidan eg skreiv til Norsk kvinnesaksforening med spørsmål om haldningane deira til denne ideologien.

Eg har ikkje fått svar. Men på Twitter ynskjer foreininga «alle kjønn» velkomen.

«Ikke alle identifiserer seg med kvinne/mann», skriv dei, og fortsett: Og «å ekskludere noen fordi de angivelig ikke er ‘ekte kvinner’ har aldri vært en del av NKFs politikk og er veldig fjernt fra NKFs grunnverdier.»

Annonse

Dette høyrest tilforlateleg ut, men å akseptere biologiske menn som kvinner – «transkvinner er kvinner», som propagandaen seier – reiser ei rad problem for biologiske kvinner. Noko kvinnerørsla burde ta tak i om dei tok oppgåva si alvorleg.

Såkalla «vanlege menneske» tek ikkje den verdsfjerne ideologien om flytande kjønn seriøst, men kvinnerørsla burde lese skrifta på veggen. Særleg når det no er godt kjent kva for skade teorien har vore årsak til i heile den vestlege verda. Hardt tilkjempa rettar for kvinner er truga. Tusenvis av unge kroppar er øydelagde, sameleis tryggleiken for kvinner i offentlege rom.

Etter at Noreg i 2016 fekk verdas mest radikale lov om juridisk kjønn, kan ein no sjølv definere seg som det kjønnet ein «kjenner» seg som og få dette offentleg sanksjonert. Dette utan medisinsk utgreiing eller behandling. Om eg var på symjehallen med det vesle barnebarnet mitt og det kom inn ein vaksen mann som ikkje ville gå ut av garderoben av di han definerte seg som kvinne, kva meiner kvinnerørsla eg skulle gjere der eg stod med den vesle jenta?

Liknande situasjonar har det alt vore i Noreg. Er det ikkje ei viktig kvinnesak at jenter og kvinner skal ha rett til eigne, trygge rom?

I fleire land har sjølvidentifisering gjort at seksualforbrytarar er overførte til kvinnefengsel og der gjort nye brotsverk. Kva meiner Norsk kvinnesaksforening eller andre kvinneorganisasjonar om slike problem? Skal dei svakaste ofrast for ein luftig ideologi?

Historisk sett har kvinner fått drive idrett i utruleg kort tid og motstanden har vore sterk. No skal dei brått konkurrere med menn og alt ein har kjempa fram fell i grus. Eg er rimeleg sikker på at Gina Krog, som var fjellklatrar og initiativtakar til Norsk kvinnesaksforening, ikkje ville godteke dette.

Eg kan også vanskeleg tenkje meg at ho ville gått med på at kvinner skal bli kalla «personar med livmor» eller «fødeperson» av di ordet «kvinne» visstnok skal vere ekskluderande for eit forsvinnande lite mindretal av menn. Burde ikkje Norsk kvinnesaksforening då endre namn til Norsk personsakforening?

Det aller verste er likevel det som skjer med tusenvis av unge jenter som meiner dei er fødde i «feil» kropp. Berre dei hjarteskjerande historiene om dei som har operert bort bryst eller andre kroppsdelar og som angrar seg, burde vere nok til å få vaksne menneske med ansvarskjensle til å reagere.

Kjønnsdysfori er ei reell diagnose, men auken mellom unge menneske, særleg jenter, med ynskje om kjønnsskifte, har ikkje samanheng med dette.

Den amerikanske legen og forskaren Lisa Littmann, kallar det «craze», ein kollektiv galskap. I boka «Material Girls» skriv Kathleen Stock, som forresten akkurat er mobba frå stillinga si ved universitetet i Sussex for motstand mot den nye ideologien, at frå 2009 til 2019 auka talet på jenter som ville skifte kjønn ved Tavistock-klinikken i Storbritannia frå 32 til 1.740!

Eg har arbeidd med kvinnehistorie mest heile livet. Aldri før har kvinner stått overfor ein trussel om at vårt biologiske kjønn skal viskast ut og at sjølve ordet «kvinne» vert sett på som diskriminerande. Ein skulle tru at eit slikt trugsmål ville setje kvinneorganisasjonane i opprør. Kvifor skjer det ikkje?

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de problematiserer det som andre ikke har tenkt på. I tillegg har de grundige anmeldelser og gode anmeldere, og det mener jeg uavhengig av at de likte min serie, altså!


Henriette Steenstrup
Regissør
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar opp ting jeg ikke visste at jeg var interessert i. Dessuten er det et nydelig sted å holde seg oppdatert på hva som foregår i kulturnorge.


Jonis Josef
Komiker
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg ble rasende hver gang de sakene jeg ville lese var bak betalingsmur. Som abonnent ble jeg kvitt det raseriet, men ble til gjengjeld rammet av et nytt raseri. Over norsk kulturliv.


Harald Eia
Sosiolog
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar