Nyoppdaga likskapar mellom woke og konservativ islam

Det ser ut til at verken woke-kulturen eller ekstremistisk islam er begeistra for ytringsfridom. Det kan vere fleire årsakar til dette, skriv Brynhild G. Winther (Foto: Kerem Yucel / AFP.)
Det ser ut til at verken woke-kulturen eller ekstremistisk islam er begeistra for ytringsfridom. Det kan vere fleire årsakar til dette, skriv Brynhild G. Winther (Foto: Kerem Yucel / AFP.)
Om ein blir ekstremt lett krenka og ikkje tåler kritikk, kan det tyde på narsissisme. Kva er det med woke og islamistisk ekstremisme som forsterker slike trekk, spør Brynhild G. Winther.
Sjanger Dette er et debattinnlegg. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er Ein samanlikning mellom woke-kultur og konservativ islam.

Dette er ei lingvistisk samanliknande anatomi mellom to ekstremist-miljø: woke-kultur og konservative muslimar. Ein kan kanskje kalle dette for viviseksjon (disseksjon av levande individ) sidan miljøa framleis er i live. Eg kjem ikkje djupt nok til å røre ved sjela i ein liten tekst som dette. Men eg vil likevel dele mine funn så andre kan finne nervetrådar å følge vidare innover i materien. Det fins ingen fasitar her.

I begge miljøa finn ein eit behov for å halde kjønnskategoriar frå kvarandre. I moskear skal kvinner og menn gå inn i kvar sine rom. I woke-kulturen skal alle inn i adskilde språklege rom via kjønnsroller og kjønnskategoriar. Medan konservative muslimar ofte har eit lite bra syn på kvinner og homofile, har woke-kulturen eit liknande syn på dei som meiner at kjønn er samanhengande med biologi.

For ikkje lenge sidan skreiv eg eit innlegg her i Subjekt om kvifor vi treng islam-kritikk. Ein kan lese teksten på ny og i stor grad bytte ut ordet islam med woke-kultur. Og ein kan bytte ut Organisasjonen av Den Islamske Konferanse (OIC) med til dømes styret i Norske Billedkunstnere (NBK) eller Fri – som jobbar med å definere meiningsmotstand, ytrinsgfridom og kritikk som «utrygt» eller «hat». Å definere det som utrygt er eit hån mot alle som lever faktisk utrygge liv, for det einaste desse tinga utgjer ein fare mot, er trongsyn.

Les også: Dette viser hvorfor integrering er en feilet strategi

Annonse

Lite begeistra for ytringsfridom

Det ser ut til at verken woke-kulturen eller ekstremistisk islam er begeistra for ytringsfridom. Det kan vere fleire årsakar til dette. Å hindre meiningsmotstandarar å ytre seg er den enklaste måten å unngå å sakleg forsvare det ein står for. Men eit samfunn med stort mangfald, må ha rom for skilnadar og ulike meiningar. For likeverd betyr ikkje at alle skal vere like, eller tenkje likt.

Kanskje er somme negative til ytringsfridom fordi møtet med andre meiningar kan trigge emosjonar som fører til at ein kjenner seg krenka. Både konservativ islam og woke ser ut til å framelske lettkrenka personar. Ifølge Juridisk leksikon er det å vere lettkrenka eit teikn på narsissistisk sårbarhet. Om ein blir ekstremt lett krenka og ikkje tåler kritikk, kan det tyde på narsissistisk personlighetsforstyrrelse. Kva er det med woke og islamistisk ekstremisme som forsterker slike trekk?

Les også: Dagens ensomme menn har noe å lære av kvinnene

Ein psykologisk løysing

Det framstår òg som at det å utagere eller ytre krenkekjensla offentleg fører til at personen oppnår status i miljøet. Det naturlege ellers vil vere å samtale direkte med den som har sagt/gjort noko ein har reagert på. I woke-kulturen blir slike ting gjort bak ryggen til den det gjeld. Ein snakkar med arbeidsgjevar, media eller andre som på eit eller anna vis kan ramme personen. Direkte samtale blir ungått.

Målet er ikkje felles forståing, men at den som har krenka nokon skal miste jobben eller bli utstøtt og uønska sosialt. Dette minner om metodar ein brukar i diktatur og undertrykkande regimer. Det er uvisst om woke-kulturen har henta inspirasjon derifrå.

Likskapane mellom woke og konservativ islam er nyoppdaga for min del. Difor er det mest lause trådar. Eg har òg nyleg fått tilsendt artiklar om narsissistisk personlighetsforstyrrelse frå Psykologisk Fakultet, som eit ledd i å prøve å forstå krenkehysteriet som ser ut til å smitte like raskt som korona.

Det blir sagt at ein skal kunne behandle narsissistar ved hjelp av kognitiv adferdsterapi, slik at dei tåler kritikk. Kanskje indikerar det at det ligg løysingar på krenkehysteriet innan psykologifeltet?

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar opp ting jeg ikke visste at jeg var interessert i. Dessuten er det et nydelig sted å holde seg oppdatert på hva som foregår i kulturnorge.


Jonis Josef
Komiker
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg ble rasende hver gang de sakene jeg ville lese var bak betalingsmur. Som abonnent ble jeg kvitt det raseriet, men ble til gjengjeld rammet av et nytt raseri. Over norsk kulturliv.


Harald Eia
Sosiolog
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar