Eg er redd eit samfunn kor ein kan miste jobb eller bli straffeforfulgt for å «ha feil meiningar». Her er nok kunstfeltet ein av verstingane.
Ein kan kanskje sei at det er risikosport å vere kunstnar om ein ikkje diltar etter flokken. Folk med sosiale antennar er kanskje redd for å bli utstøtt om dei seier noko «feil». Å høyre til i ein flokk er viktig for dei fleste. Så viktig at ein kan gå på kompromiss med seg sjølv for å passe inn.
I kunstfeltet blir det ofte skrevet og snakka om kor viktig det sosiale er, og om «samtidskunsten si insistering på samarbeid og fellesskap». Repetisjonen av dette gjer det enno vanskelegare å ytre noko anna enn konsensus. Nesten like ofte får ein høyre at ein kan miste utstillingsplassar om ein ytrar noko feil og at ein risikerer å ikkje få stipend. Det skal i tillegg vere ei ganske vanleg taktikk å ignorere kunstnere med «feil meiningar».
Fokuset på samarbeid og gruppetenking i kombinasjon med tanken om at meiningsmangfald er utrygt, får kunstverda sjølv til å framstå som den største trusselen mot kunstnerisk ytringsfridom her i landet.
Anmeldt av politiet
Og redsla ein kviskrar om, blir konkretisert i motstanden Tonje Gjevon møter og har møtt. Ho har tidlegare mista jobbar på grunn av sine meiningar. Og ingen vil ende opp som Gjevon. Ingen vil bli utstøtt. Det å fråta nokon jobb eller utstillingsplass på grunn av meiningar og ytringar er noko styret i Norske billedkunstnarar (NBK) burde ha som kjernesak å få slutt på.
Nyleg blei Gjevon anmeldt av politiet for sine uttalingar om trans, som del av eit kunstprosjekt. I den samanhengen burde styret i NBK vere først ute med å vise støtte til Gjevon. Ikkje fordi dei treng å vere enig, men fordi dei skal representere og tilrettelegge for mangfald.
Mangfald er ikkje berre overflatiske ting, men òg eit mangfald av meiningar, tankemåtar og prespektiv. Jobben til styret i NBK skal vel ikkje vere å sitje på toppen og dra i trådane på dei mentale tvangstrøyene i eit nikkedokketeater beståande av redde kunstnere.
Les også: Mener seg stemplet: – Transaktivister prøver å mistenkeliggjøre meg
Oss mot dem
Eg er redd for å miste utstillingsplassar. Redd for å ikkje få stipend.
Men fordi eg er mest redd konsekvensane av å la vere å yte motstand mot det som skjer, klarar eg ikkje la vere å ytre meg sjølv om eg er redd.
Eg ønskjer at kunstverda og samfunnet elles skal ha rom for eit faktisk mangfald. For ting som berre har ei side, er for flate til å kunne ha ei faktisk eksistens. Og om verda skal vere eindimmensjonal, er det lett å trakke over streken og falle utanfor. Og ein flokk kan lett dytte nokon utanfor, for så lenge det finst eit oss finst det òg nokon andre.
Eg for min del har ikkje lyst til å vere ein del av ein flokk, men eg har lyst til å eksistere. Utan å vere redd flokken sitt behov for å presse sitt smale mentale territorim nedover øyrene på alle som ferdast i kunstfeltet.
For fokuset på likestilling, integrering og mangfald skulle vel ikkje bety at alle skal vere heilt like?
Les også: Frykter ettervirkningene av «kansellering». NBK-styreleder: – Dette bør de slutte med
Les også: Gjør lovbrud til kunstprosjekt: Vil la seg fengsle i protest mot hatparagrafen