Kunstverda har eit endelaust behov for å definere folk som offer og taparar

Om ein likar å shoppe, kan ein kalle det eit «problem» å ikkje ha tid til ein jobb ved sida av kunsten. Men då er det forbruksvanane som er problemet, skriv Brynhild G. Winther. Bildet viser Paula Modersohn-Beckers «Liggande kvinna med barn II» (1906).
Om ein likar å shoppe, kan ein kalle det eit «problem» å ikkje ha tid til ein jobb ved sida av kunsten. Men då er det forbruksvanane som er problemet, skriv Brynhild G. Winther. Bildet viser Paula Modersohn-Beckers «Liggande kvinna med barn II» (1906).
Visse problem oppstår ikkje før nokon definerar det som eit problem. Kanskje er det største og einaste problemet med å vere mamma og kunstnar at nokon prøver å definere ein som eit offer, skriv Brynhild G. Winther.
Sjanger Dette er et debattinnlegg. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er Brynhild Grødeland Winther er billedkunstner, kritiker og skribent. Det går helt fint å kombinere med å ha barn, mener hun.

Eg er singel mamma med to barn, og hadde ikkje tenkt at det skulle vere eit problem før eg las Christine Antayas kommentar «En konstnär kan också vara en mamma» hos Kunstkritikk.

Om ein likar å shoppe, kan ein sikkert kalle det eit «problem» å ikkje ha tid til å ha ein jobb ved sida av kunsten. Men då er det kanskje forbruksvanane som er problemet. Ikkje det å vere mor og kunstnar.

Eg kunne sikkert ha brydd meg om at nokon frå familien gnåler om at eg er ei skam for familien som ikkje har «ordentleg jobb», og ikkje eig eit hus. Men skal ein legge opp livet etter andre sine idear, blir ein slave av illusjonar og sjølvbedrag.

Prøver ein å etterleve forventningar frå andre, er det kanskje det som er problemet. Ikkje at ein er mor og kunstnar.

Annonse

Antaya skriv om å ikkje kunne gå på utstillingsopningar som om det skulle vere eit problem. Eg for min del er lite begeistra for folk, og unngår andre opningar enn mine eigne. Eg ser heller kunsten ein dag det er ro i rommet. Det handlar ikkje om å ha barn, men kanskje heller om aspergeren og at eg går på kunstutstillingar for å sjå kunst, ikkje for å sjå folk.

Eg opplever det ikkje som eit problem å ikkje gå på opningar, og kjenner at eg blir litt provosert av at nokon skal definere ting som problem på mine vegne.

Men om det er slik at ein må bli kjendt med folk, er kanskje det eigentlege problemet at somme driv med rævsleiking for å få utstillingsplass? For skal ikkje det å få utstillingar handle om kunstnarisk kvalitet, og ikkje kor flink ein er i networking?

Les også: Nasjonalmuseet burde ikke beklaget at de sa sannheten

Val av problem

Visse problem oppstår ikkje før nokon definerar det som eit problem. Som kunstnar kan ein sjølvsagt ikkje forvente å få pengar inn på konto kvar månad, og liknande ting andre kanskje tek som ei sjølvfølge.

Men denne forma for økonomi gjeld vel alle som driv enkeltpersonforetak. Folk som får pengar inn på konto kvar månad, selger aldri kunst for over 300.000 kroner i ei utstilling, og ein kunne sikkert ha kalla det òg eit problem?

Kanskje er det største og einaste problemet med å vere mamma og kunstnar at nokon prøver å gjere det til eit problem, ved å definere ein som tilhøyrande ein kategori som skal vere eit offer.

Det einaste mødre har til felles, er at me har barn. Det fins ingen fasit eller manus som viser kva veg ein skal gå gjennom livet. Det blir kalla fridom, og heng uløyseleg saman med eit helvetes mykje ansvar. Men ein kan og velge å la vere å velge. Flykte frå ansvaret ved å søke stabilitet og rutiners tryggleik.

Då er det heller ikkje kunstnarlivet med barn som er eit problem, men at ein ser rutiner som meir viktig. Eg blir stadig overraska over kunstverda sitt tilsynelatande endelause behov for å definere folk som offer og taparar på grunnlag av gruppetilhøyrsel.

Eg treng ikkje hjelp frå nokon som skal prøve å inkludere meg på grunnlag av at eg er mamma.

Les også: Tendensiøst og politisk korrekt vås fra Nasjonalmuseet

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de problematiserer det som andre ikke har tenkt på. I tillegg har de grundige anmeldelser og gode anmeldere, og det mener jeg uavhengig av at de likte min serie, altså!


Henriette Steenstrup
Regissør
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar opp ting jeg ikke visste at jeg var interessert i. Dessuten er det et nydelig sted å holde seg oppdatert på hva som foregår i kulturnorge.


Jonis Josef
Komiker
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg ble rasende hver gang de sakene jeg ville lese var bak betalingsmur. Som abonnent ble jeg kvitt det raseriet, men ble til gjengjeld rammet av et nytt raseri. Over norsk kulturliv.


Harald Eia
Sosiolog
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar