Med undring las eg i Subjekt onsdag 8. november om motstanden mot at kunstnarar må sende inn søknad for å kunne få stipend og støtte.
Helene Aalborg og Ingerid Jordal opplever søknadsskriving som negativt, men nemner ikkje alternativ til dagens ordningar. Eg blir sitjande og gruble over korleis staten sine stipendjuryar skulle kunne vite kven som ønska stipend om ein ikkje skulle sende inn søknad.
Dei to klagande sjeler har rett i at det går mykje tid med til å sende søknadar. Som biletkunstnar må eg først søke utstillingsplassar, så må eg søke støtte, og stipend. Eigentleg vil eg berre lage kunst. 12–16 timar dagen. Det er alle dei små vala ein tek i livet som avgjer kor mykje dautid ein kan puste liv i for å få rom til å putte bokstavar inn i eit dokument.
Dette er òg ei klage over søknadar. Slik eg ser det, er ikkje problemet at ein må søke, men at dei fleste galleri og museum ikkje tek imot søknadar. Korleis i alle dagar skal galleri og museum vite at ein eksisterer og vil stille ut hjå dei, viss ein ikkje kan sende søknad? Dette problemet er mest trykkjande når ein er nyutdanna, eller viss ein til vanleg jobbar med eit medium, og så får ein avsindig god idé om til dømes eit teikne-prosjekt ein vil stille ut.
Les også: Avduker ny koloss: – Er dette Norges høyeste skulptur?
Tegnerforbundet
Fram til 2019 kunne ein sende inn søknad om utstillingsplass hjå Tegnerforbundet i Oslo. I 2020 sat eg og venta på at årets søknadsfrist skulle dukke opp på nettsida. Då den ikkje kom, sende eg e-post med spørsmål om kor tid dei rekna med å leggje den ut.
I svaret frå dagleg leiar Hidle Lunde blei eg informert om at ein ikkje lengre skulle kunne levere fritt insendte prosjekt til open call, men at galleriet sjølv ville invitere kunstnarar. Ei av grunnane var at dei ville representere eit større mangfald i sitt utstillingsprogram:
«Kunstnarisk jury i Tegnerforbundet vil aktivt gå ut og finne kunstnarar med forskjellig bakgrunn, slik at Tegnerforbundet i tillegg til å vise mangfald i kunsten, også kan vere et visingsrom for et mangfaldig publikum. Endringane inneber at det ikkje er mogeleg å søke om utstillingsplass frå 2022, men styret jobbar med å utarbeide utstillingskonsepter som det vil vere mogeleg å søke på.»
For meg står fram dette som ei svært lite demokratisk måte å drive galleri. Dei få gruppeutstillingane ein no kan søke på hjå Tegnerforbundet, kjem med ein ferdig tema-tekst. Noko som tek frå kunstnarar mogelegheita til å jobbe med tema me sjølv er opptekne av, og slik reduserer kunstnarar til produsentar av fysisk materiale som kan realisere kuratoren sin visjon.
Dette fører til at galleriet ikkje får vist eit faktisk mangfald av tema, og dei som får delta, er kanskje kunstnarar som er flink til å navigere i ferdigdefinerte fasitar (snill-jente-syndrom?). Ei anna ting som gjer dette lite demokratisk, er at Tegnerforbundet ikkje reiser inn i kvar minste fjord og avkrok av landet for å finne mangfaldet av stemmer som kviskrar utanfor Oslo-bobla.
Les også: Washington Post unnskylder og sletter «rasistisk» karikaturtegning om Hamas
Ekskludering
Beklagar digresjonen, men eg måtte ta det med for å vise eit konkret døme på alternativ til open call. Eg forstår ikkje korleis eit slags alternativ til det å sende inn søknad, skal fungere når det gjeld stipend og produksjonsstøtte.
Viss støtte og stipend skal tildelast utan at kunstnarar søkjer, korleis i alle dagar skal jurymedlemane vite kven som eksisterer? Burde ein tildele stipend på på same måte som Locrk Shives Kunstpris, kor fire kunstnarar ikkje kan søke, men blir nominert og invitert til å stille ut kunsten før ein av dei blir tildelt prisen? Eller tenkjer de at alternativet kan vere at alle tusenvis av personane som søkjer stipend, må reise fysisk heile vegen til Oslo og presentere sine arbeid i eit møte med juryen?
Hadde det vore meir praktisk at juryen dele ut pengane til folk dei kjenner, eller tilfeldige folk dei tilfeldigvis ser på Instagram eller Facebook som har lagt ut noko som kan vere kunst? Eg for min del set stor pris på at i det minste nokre få galleri, og dessutan dei statlege støtteordningane gir rom for at alle som vil (inkludert personar utan kunstutdanning), kan få presentere sine verk og søke både utstillingsplassar, produksjonsstøtte og stipend.
Slik eg ser det, vil alle andre alternativ føre til ekskludering og at berre ei lita gruppe kan få delta. Og utan mogelegheit til å sende inn søknadar, vil det vere lite opningar i muren rundt dei inkluderte.