Siri er ikkje redd for estetikk
Arkitekten som vinn hjartet til Arkitekturopprøret
«Skal eg tørre å publisere dette», spurde Siri Frøystein seg før ho leverte diplomoppgåva i arkitektur. Ho snakkar om estetikk og historie, noko som har gjort ho til ein favoritt hos Arkitekturopprøret, Kjetil Rolness og Trond Åm. (Foto: Torstein Olav Eriksen.)
Arkitektar har sett funksjon føre form i hundre år. Men den nyutdanna arkitekten Siri Frøystein ser på skjønnheit som ein menneskerett.