Samfunnet er fullt av diskusjonar og kranglar om kunst, arkitektur og identitet.
Eit eksempel er heile striden rundt Nasjonalmuseet. Kvifor vekker dette bygget så sterke kjensler?
Arkitekturen vår er meir enn berre bygga våre, det ei spegling av kven me er som nasjon. Skal vi då tillate nokon å dra oss tilbake til ei tid der bygga som definerte Noregs arkitektur, ikkje var norske?
Når ein går rundt i Oslo, kan ein som regel nyte stillheita. Det er nemleg ikkje nokon som snakkar, alt ein høyrer er berre trikken og mogelegvis sin eigen musikk.
Nordmannen er altså ikkje utåtvende – fasaden er ikkje inviterande og ekstravagant. Ved eit førsteinntrykk er han mogelegvis kjedeleg, stille og mørk. Noko som i stor grad minner om korleis kritikarane skildrar vårt kjære nasjonalmuseum.
Nokon samanliknar det med «en bunkersaktig skattekiste», og nokre studentar har gått så langt at dei har teikna eit tradisjonelt alternativ til vår «bunkersliknande skattekiste».
Eit blankt lerret
I over 500 år frå 1380 til 1905 var Noreg underlagt enten Danmark eller Sverige.
Noko som kjenneteiknar denne perioden, er at me ikkje hadde ein eiga fasade. Me var ikkje Noreg, me var veslebroren i nord.
I 1905 får me endeleg fridomen som forfedrane våre hadde kjempa for. Spørsmål om den norske identiteten vart viktige. Kva for språk skulle me bruke, og kva var typisk norsk? Som ei løvetann skulle kulturen vår blomstre gjennom asfalten danskane og svenskane hadde lagt.
I nyttårstalen sin i 1992 gav statsminister Gro Harlem Brundtland (AP) eit svar på kva ho meinte var typisk norsk. Ho sa det var «typisk norsk å være god». Eg trur blant anna ho meiner det er typisk norsk å vere audmjuk og løfte andre – å vere god mot andre.
Dette kjem mogelegvis av den erfaringa me har som eit «nummer to»-land – eit land som støttar eit anna?
Les også: Høyre vil ha slutt på offentlig «sløsing». Får støtte fra Rødt
Noreg bak fasaden
Historia om Noreg blir derimot ei anna om du tar ein titt inn. Då vil du høyre om ei rekke menneske som kjempa for fridomen og identiteten, sjølv i tida under Danmark og Sverige.
Vel du å snakke med ein nordmann på gata, så kan du ende opp i ein lang samtale på ein kafé.
Og, viss du opnar døra til Nasjonalmuseet og går inn – då vil eit heilt Noreg møte deg med sin kultur og identitet. Eit heilt Noreg vil fosse over deg. Ein tsunami av Krogh, Kittelsen, Tidemann og Gude. Mogelegvis plantast eit frø?
Les også: Hvor er unge menns forbilder på venstresiden?
Glitrande bunkersliknande skattekiste
Denne «bunkersliknande skattekista» er ikkje så verst. Den mørke og steinharde fasaden har fleire likskapar med den ugjennomtrengelege asfalten forfedrane våre måtte trenge gjennom for å blomstre.
Me kjem frå Noreg, eit land som i lang tid har vore underlagt andre. I århundrar har det vore lagt skjul på den norske kulturen og dei norske verdiane. Burde me ikkje då tenkje over vår eiga historie før me sperrer inne kunstverka våre i gamaldags og unorsk arkitektur? Kan ikkje norsk kunst ha ei audmjuk treramme heller enn ein gullbelagt ein?
Nasjonalmuseet er mogelegvis ein «bunkersliknande skattekiste», men skatten glitrar så sterkt at han strålar ut gjennom skifersteinens sprekkar – akkurat slik norsk kultur alltid har gjort.