Bygland, Valle og Bykle kommunar, Agder: Ei satsing på folkemusikk og -dans i Setesdal!
I 2019 var vi så heldige at spel, dans og song i Setesdal vart innlemma på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv. Dette har skapt spennande mogelegheiter for kommunane i Setesdal. Bli med på å vidareutvikle tradisjonen og miljøet, der opplæring og rekruttering av barn og unge står i sentrum!
Dette er ei 3-årig interkommunal prosjektstilling, med gode mogelegheiter for forlenging.
Stillinga kan delast på fleire personar, og du/de vil ha mange gode samarbeidspartnarar i setesdalsmiljøet og kulturskulane i Bygland, Valle og Bykle.
Arbeidsoppgåver
- Opplæring i folkemusikk, i eitt eller fleire av kompetansefelta hardingfele, munnharpe, kveding eller folkedans.
- Skape entusiasme gjennom folkemusikkaktivitetar for barn og unge.
- Rekrutteringsarbeid i samarbeid med det frivillige og andre aktuelle.
- Vere ein synleg utøvar i lokalsamfunnet.
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med minimum 3-årig relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet. Realkompetanse kan kompensere for utdanning.
- Undervisingskompetanse. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning.
- Gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge
- God i norsk munnleg og skriftleg
- God til å nytte digitale verktøy
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Glad i å jobbe med barn og unge
- Liker å jobbe sjølvstendig, men er også ein lagspelar og kommuniserer opent og godt med andre
- Jobbar strukturert, men er også fleksibel
- Løysingsorientert og tilpassingsdyktig
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Andre opplysningar
- Krav om godkjent politiattest ved tilsetting
- Stillinga inneber ein del kvelds- og helgearbeid
- Stillinga kan delast på fleire personar
- Du må disponere eigen bil
- Søkjarar som ønskjer større stilling vil bli prioriterte
- Valle kommune har arbeidsgjevaransvar for stillinga
- Oppstart seinast 01.08.24, men gjerne før
Vi tilbyr
- Tett samarbeid med andre fagpersonar i eit spennande, aktivt og utviklande miljø
- Løn etter kvalifikasjonar, etter tariff
- Hjelp med å skaffe bustad ved behov
- God barnehagedekning
- Gode tilbod i kulturskulane
- Tilgang til fritidsleilegheit i Kristiansand
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om UNESCO Setesdal
I 2019 kom spel, dans og song i dei tre øvre setesdalskommunane Bygland, Valle og Bykle på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv – den utøvande kulturarven. Denne kulturskulestillinga er ei satsing for å auke rekrutteringa og skape entusiasme til folkemusikktradisjonen.
Gjennom opplæringsprosjektet Gorrlaus, eit samarbeid mellom kommunane og Setesdal Spelemannslag, får alle barn og unge opplæring i folkemusikk og -dans i barnehage og skule. Agder fylkeskommune oppretta i 2021 prosjektet Setesdalsfolk, med Annbjørg Lien som prosjektleiar. Også Setesdalsmuseet har immateriell kulturarv i sitt arbeid.
Du vil vere ein del av eit stort miljø som jobbar med UNESCO-satsing, både i det frivillige og kommunale. Setesdal Spelemannslag, Setesdalsfolk, Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv er alle døme på naturlege samarbeidspartnarar.
Om oss
Fritidstilboda i Bygland, Valle og Bykle er mange og varierte, både sommar og vinter. Her kan du oppleve alt frå bading og båtliv i idylliske Byglandsfjorden, til bratt friluftsliv og alpinbakkar i Brokke og på Hovden. I alle tre kommunane finn du gode idretts- og kulturanlegg, flotte forhold for ski og fjellturar, sykling og klatring med meir. Vi har også eit mangfaldig organisasjonsliv, og generelt mange gode tilbod og arrangement for barn og unge.
Vi ser fram til å høyre frå deg – ikkje nøl med å ta kontakt dersom du lurer på om denne stillinga kan vere noko for deg!
Korleis søkje
CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i søknadsskjema via Webcruiter.
Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.