I Aftenposten 20. oktober kan vi lesa om forfattar Eirik Willyson som viser til masseskytinga i Oslo 25. juni 2022 som eit døme på at det er nødvendig å styrke den identitetspolitiske kampen. Eg meiner dette er feil på minst to plan.
For det første må vi slutte å forveksle homokamp med identitetspolitisk kamp. Identitetspolitisk aktivisme dreg utviklinga i feil retning dersom målet er meir toleranse og eit stort rom for mangfald.
For det andre er ikkje hendingar som den i Oslo eigna til å dra konklusjonar om haldningar til homofile i det norske samfunnet generelt, slik Willyson og ein del andre synest å gjera.
Ein opplyst og sannferdig offentleg samtale
Det er gledeleg at homofili og homofile ikkje lenger er uglesett blant det store fleirtalet av (etniske) nordmenn. Dessverre driv somme miljø med bevisst og kampanjeprega forvrenging av fakta for å tene andre interesser enn den opprinnelege homokampen, som var ein nødvendig kamp for aksept og likeverd.
Reint konkret gjeld dette særleg opplagde biologiske fakta om kjønn – som at vi menneske berre har to kjønn, at vi ikkje kan skifte kjønn og at menn ikkje kan føde barn. Slik blir vi som både er homovenlege og faktaorienterte, stempla som dei verste ting.
Samtidig som graden av homofobi blant nordmenn flest har ein tendens til å bli overdriven, blir graden av denne fobien i visse innvandrarmiljø underkommunisert.
Hendinga i Oslo i 2022 var forferdeleg. Eg kan forstå at det er lett å tru at valdshandlingar og terror er motivert av homofobi når homofile er blant dei som er ramma. Likevel må vi erkjenne kor fort gjort det kan vera å dra forhasta slutningar om motivet for ei ugjerning.
Likeins om kva slags krefter som har motivert ein gjerningsmann – slik det vart gjort i 2022, lenge før det faktisk var mogleg å avklare motivet for ugjerningane. Eg var blant dei som i sosiale media vart skulda for å ha motivert terroristen til drap, sidan eg har uttalt meg om temaet kjønn.
Forhasta feilslutningar blir slik para med dydsposerande aktivisme for meir toleranse gjennom ein uhensiktsmessig og kontraproduktiv identitetspolitisk kamp. Slikt kan gi liv til ein overdriven frykt for intoleranse og hat generelt i samfunnet. Det kan skape ein langt sterkare følelse av at det er «sårbare grupper mot storsamfunnet» enn det er grunnlag for.
Dessverre kan det også føre til at vi overser kva for særskilde homofobe miljø vi burde peike på og ta tak i. Skal vi klare å føre ein fornuftig politikk framover, treng vi ein opplyst og sannferdig offentleg samtale om utviklingstrekk og årsakssamanhengar.
Les også: Vestlig kultur har gjort voksne til umodne «kidults»
Feil tilnærming
Kjetil Rolness skriv godt om denne tematikken på si Facebook-side i ein kommentar til den nemnde Aftenposten-artikkelen om Willyson:
«Slik skal det verste angrepet mot homofile i nyare norsk historie omtalast, ifølge memoet blant skeive:
Ikkje si noko om terroristen. Ikkje si noko om hans etniske bakgrunn. Ikkje si noko om hans religion eller kultur. Ikkje si noko om homofobien blant muslimar. De einaste som kan undertrykke og forfølge oss, er myndigheitene, majoriteten eller ytre høyre».
Rolness skildrar ei tilnærming som er gjeldande også utover denne konkrete saka, og som vil kunne bidra til at positive haldningar snur, både til innvandrarar og homofile. For det er ein påfallande likskap mellom korleis somme (ofte i utgangspunktet marginale) miljø ønskjer å forvrenge eller skjule fakta.
Venlegsinna myndigheitsorgan og media ser også ut for nedtone etnisk og kulturell bakgrunn i saker der dette er relevant for å forstå og diskutere på rett grunnlag.
Eg trur nordmenn flest er anstendige og klårtenkte nok til å klare å skilje mellom statistiske samanhengar kring kulturforskjellar på den eine sida og oppfatninga av og tilnærminga til enkeltinnvandrarar på den andre sida. Dette gjer Sveinung Sandberg, professor ved UIO, godt greie for i eit svar til nettopp Rolness.
Når det gjeld dei «skeive» som Rolness viser til, er det viktig å påpeike at langt ifrå alle desse er einige i det marginale miljø frontar av kampsaker og deira innsats for å halde fakta unna debatten. Ikkje minst: religiøse menneske med ein teologisk grunngiven skepsis til homofili kan vera svært fine folk i møte med menneske som har ei homofil legning, sjølvsagt uansett om dei er muslimar eller kristne.
Les også: Arbeiderpartiets fall har så vidt begynt. Med mindre partiet gjør noe drastisk
«Anten er du med oss eller så er du mot oss»
I staden for å byggje oppunder den veksande aksepten for ulikskap i det norske samfunnet, byggjer sjølverklært tolerante miljø stadig nye båsar, skilta med «intolerante og hatefulle mørkemenn», «terf-ar» og «rasistar». Der hiv dei oppi alle som er ueinige i deira eiga forfalska historie- og faktafortelling. Slik veks intoleranse utav ein såkalla toleransekamp. Fri og bevare meg.
Poenget, som også Rolness viser til, er at nordmenn flest har fått eit stadig opnare sinn og blitt meir tolerante overfor folk med ei homofil legning. Det er ingenting som tyder på at denne gode utviklinga har snudd. Dessverre er det blant somme innvandrargrupper, særleg dei med muslimsk bakgrunn, at vi kan finne dei verste haldningane. Det er der den positive utviklinga går veldig seint – altfor seint.
Sidan den relative andelen av befolkninga her til lands med nettopp muslimsk bakgrunn veks, vil problemet med homofobi også vekse dersom vi er blinde for samanhengar og tendensar. Dette inneber ikkje at vi skal stemple alle innvandrarar som intolerante, for sjølvsagt er det ikkje slik. Det er mange gode krefter å spela på lag med.
Men det inneber å stå opp for den homofile tenåringen med muslimsk bakgrunn og krevje at han skal bli møtt med respekt i samfunnet av alle som bur her, uavhengig av den etniske bakgrunnen kvar enkelt av oss har. Når det gjeld temaet kjønn, homokamp og identitetskamp, blir ingenting betre av om nokon på teikneserievis stikk hovudet i sanda og fis ei snakkeboble der det står: «Kjønn er i flyt. Alle som ikkje støttar vår identitetspolitiske kamp, er mot homofile. Anten er du med oss eller så er du mot oss».
Skal homokampen lukkast, må det bli slutt på samansausinga av homokamp og identitetspolitisk kamp. Og vi må tole fakta.