Musea går glipp av millionar

For den som eig eit kulturminne, kan plikta til vern kjennast som ei byrde. Då betyr det mykje at staten bidreg med pengar, skriv Ole Aastad Bråten og Elisabeth Halvorsen. På bildet: Damsgaard hovedgård i Bergen. (Foto: Bymuseet i Bergen.)
For den som eig eit kulturminne, kan plikta til vern kjennast som ei byrde. Då betyr det mykje at staten bidreg med pengar, skriv Ole Aastad Bråten og Elisabeth Halvorsen. På bildet: Damsgaard hovedgård i Bergen. (Foto: Bymuseet i Bergen.)
Musea forvaltar landets viktigaste kulturminne, men blir ekskludert frå Riksantikvarens støtteordningar. Er det eingang lov, spør Ole Aastad Bråten og Elisabeth Halvorsen.
Om skribenten
Ole Aastad Bråten er styreleiar i Norges museumsforbund og Elisabeth Halvorsen er direktør i Museumssenteret i Hordaland.
Sjanger Dette er et debattinnlegg. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er Museer går glipp av mulige millioner i offentlig støtte.

Havråtunet på Osterøy og huset etter Tater-Milla i Solør. Kulturarven i Noreg er rik og mangfaldig, den representerer minna etter majoritetar og minoritetar, og den bidreg til kunnskap, oppleving og samfunnsutvikling. Derfor er vi pålagde å ta vare på han.

Om lag 5.500 bygningar og kulturmiljø er freda etter kulturminnelova. Musea har ansvaret for fleire hundre av dei. Dei fleste freda kulturminne og kulturmiljø er privat eigde. Det kan vere eit loft eller ei slåtteeng, ein herregard eller ein fjellgard.

For den som eig eit kulturminne, kan plikta til vern kjennast som ei byrde. Då betyr det mykje at staten ikkje berre lyser fred, men også bidreg med pengar.

Entydig melding frå Riksantikvaren

Staten tek eit betydeleg ansvar med støtte til vedlikehald og skjøtsel, og kvart år blir det delt ut 150 millionar kroner til store og små prosjekt. Men ikkje alle eigarar av freda hus nyt godt av støtta frå Riksantikvaren.

Annonse

Sidan 2021 har ei ny forskrift til den sokalla «Post 71 – freda kulturminne i privat eige»-ordninga halde musea utanfor. Nokre museum har rett nok utfordra forskrifta, men meldinga frå Riksantikvaren har likevel vore eintydig: musea må greie seg utan pengar.

Musea i Noreg tek vare på fleire hundre freda kulturminne. Bymuseet i Bergen forvaltar 30 hus og anlegg medan Museene i Sør-Trøndelag tek vare på nærmare 45. Freda hus på museum er gjerne kompliserte konstruksjonar som krev særleg kompetanse og betydelege ressursar. Damsgaard hovedgård i Bergen og Utstein kloster utanfor Stavanger er slike anlegg.

Restaureringa av blyglasvindauga i det gamle klosteret har åleine kosta 2,3 millionar kroner. Dette er også grunnen til at det er musea som har fått ansvaret for denne delen av kulturarven. Vanlege folk har verken råd eller kunnskap til å ta ansvar for slikt.

Den totale mengda hus på museum er derimot betydeleg større. Dei fleste bygningane er nemleg ikkje freda, og den samla mengda ligg i dag på godt over 5.000. Det gjer musea til den største kulturminneforvaltaren i Noreg. Det gjer også museumssektoren til ein av dei fremste kulturminnekompetansane i landet. Når staten ekskluderer musea frå tilskotsordningane, går det hardt utover bygningsvernet. Aller mest rammar det dei freda bygningane og kulturmiljøa.

Les også: Max (15) debuterer med soloutstilling

Får korkje takk eller støtte

Etterslepet av vedlikehald er stort i mange museum. Ei kartlegging utført av Kulturdirektoratet i 2019 viste at musea sat med eit etterslep tilsvarande 3,5 milliardar kroner.

Sidan den gongen har lite skjedd, og mange vore bekymra for framtida for kulturarven. Pengar frå staten har ein derimot måtta sjå langt etter. Frå departementet og direktoratet har meldinga vore at ein må prioritere.

Det er lettare sagt enn gjort, for det årlege driftstilskottet frå staten skal ikkje berre dekke arbeidet med bygningsvern. Tvert imot følgjer det pålegg om innsatsar på alle område, slik som mangfald og inkludering, forsking, digitalisering, konservering, nasjonale markeringar, publisering, kurs og frivilligheit. Dessutan har ei negativ utvikling i dei statlege overføringane frå 2013 ført til kraftig nedskalering i drifta ved mange museum. Då blir det ikkje mykje att til vedlikehald av dei 5.000 museumsbygningane, heller ikkje dei freda anlegga og kulturmiljøa.

Det er krise for museumsbygningar i Noreg, og aller mest for dei som er freda. Skal ein sikre den freda kulturarven for framtida, er ein avhengig av all den støtta ein kan få.

Riksantikvaren held førebels musea vekke frå tilskotsordningane. Samstundes nyt embetsverket godt av det breie samfunnsengasjementet i musea. For musea opererer ikkje innanfor museumsskigarden åleine. Dei verkar i heile samfunnet, i samarbeid med alle sektorar, og på tvers av alle forvaltingsstrukturar. Dei driv kurs og utdanning for handverksbedrifter, studentar og skuleelevar. Og dei driv rådgjeving for kyrkjeeigarar og private huseigarar. Dei forskar på klimarelaterte spørsmål som sirkulærøkonomi, gjenbruk, og verdien av gamle kulturlandskap. Og dei støttar fylkeskommunane som i mange tilfelle ikkje greier å løyse alle oppgåvene overført frå Riksantikvaren. For dette engasjementet får musea korkje takk eller støtte.

Les også: Munchmuseet vil være mer enn Munch. Slik skal de fri til nye publikummere

Vi skuldar etterkommarane våre

Musea er laboratorium og kunnskapsbank for eit samla kulturminnevern.

Derfor kjennest det urimeleg at musea skal haldast utanfor dei største tilskotsordningane. Fleire museum har sidan 2021 klaga på forskrifta – og staten – som dei meiner detaljstyrer ordninga og overprøver den lokale skjønnsutøvinga. For det har mange museum fått skjenn. Men når mange nok klagar, er det grunn for embetsverket å lytte – og undersøke den juridiske heimelen med å halde musea utanfor ordningane.

Dei førebelse signala frå juristane gir klagarane tommelen opp. Då er det kanskje på tide å snu skuta og praksis – og invitere musea inn?

Musea verkar alle stadar, til alle tider. Derfor er det viktig at Kulturdepartementet og -direktoratet samordnar samfunnsengasjementet i musea med alle ansvarlege direktorat og departement, og syrgjer for at mangfaldet av ressursar og verkemiddel verkar godt også for musea. Utan ressursar vil ikkje musea greie å oppfylle samfunnsoppdraget sitt.

Utan ressursar vil ikkje musea greie å ta vare på den freda kulturarven for framtida. Men nettopp det skuldar vi etterkommarane våre. Vi er då trass alt til for nokon. Aller mest for dei som kjem etter oss.

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
Trym Ruud

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er en av de få virkelig frie avisene i Norge. De dekker kunst, kultur og samfunn med integritet, uten å bøye seg for staten eller kommersielt press. De skriver ærlig, modig og ufiltrert, og gir rom til stemmer og kunstnere som ellers ikke blir sett. Det er derfor Subjekt vokser, og derfor jeg støtter dem.



Trym Ruud
Kunstner
Morten Traavik

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tør der andre tier.



Morten Traavik
Kunstner
Janne Wilberg
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar
Snorre Klanderud
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi det er avisen som virkelig forstår samtiden. De er seriøse og lesverdige på kultur og politikk, men uten å bli jålete, sånn at alle kan være med og forstå den kompliserte virkeligheten.


Snorre Klanderud
Influenser
Adrian Eilertsen

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi vi trenger flere aviser som står utenfor de store mediekonserne.



Adrian Eilertsen
King Skurk One
Amrit Kaur
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de utfordrer dagsordenen. Selv om jeg ikke alltid er enig, så er det forfriskende å lese meninger som utfordrer status quo.


Amrit Kaur
Leder i Rød ungdom
Susanne Kaluza

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi vi trenger mer, ikke mindre  kulturjournalistikk i Norge. Og så synes jeg det er viktig å følge med på tendenser, nyheter og meninger på tvers av det politiske spekteret, både saker jeg er enige i og saker jeg er uenige i.



Susanne Kaluza
Litteraturhussjef i Oslo
Alexander Tenvik
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg er interessert i kultur, og fordi de har en stor bredde i dekningen sin.


Alexander Tenvik
Kunstner
Anette Trettebergstuen
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen fyrer opp feeden min nesten ukentlig, og jeg må selvsagt følge med der det skjer. Og de skriver om kulturstoff andre har sluttet å dekke.


Anette Trettebergstuen
Stortingsrepresentant (AP)
Agnes Moxnes
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
Simen Velle

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tør å løfte prinsipielle debatter, og stå i dem når det stormer. Medie-Norge hadde vært fattigere uten Subjekts aktive bidrag til samfunnsdebatten.



Simen Velle
Leder i FPU
Sarah Gaulin
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
Einar Øverenget
Jeg abonnerer på Subjekt fordi det inviterer meg til å tenke.


Einar Øverenget
Filosof
Trine Skei Grande
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Direktør i Forleggerforeningen
Hadle Bjuland

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi det er en avis som setter mangfold høyt, og som mener det. Subjekt våger å ta inn flere perspektiver.



Hadle Bjuland
Leder i KRFU
Ari Bajgora
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har interessante og spennende vinklinger på aktuelle saker.


Ari Bajgora
Rapper
Asle Toje
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen er maktkritisk og uredd. Det er forfriskende.


Asle Toje
Nestleder i Nobelkomitéen
Mímir Kristjánsson
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
Mohammad Usman Rana
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen skiller seg ut med skarpe analyser, intellektuell friksjon, ekte meningsmangfold og mot til å stille spørsmål ved zeitgeist. Som muslimsk tenker har jeg opplevd slike medier som anti-islamske, men ikke Subjekt.


Mohammad Usman Rana
Muslimsk tenker
Hedvig Montgomery

– Jeg abonnerer på Subjekt fordi kultur og politikk trenger flere stemmer og plattformer i Norge. På Subjekt blir jeg orientert og irritert, opplyst og engasjert. Og kjeder meg i hvert fall ikke!



Hedvig Montgomery
Psykolog
Anine Kierulf
– Mangfold i de redigerte medier er en demokratisk forutsetning. Jeg leser kulturavisen Subjekt fordi kulturkrig også er kultur. Anbefales særlig for folk med lavt blodtrykk.


Anine Kierulf
Jurist
Benedikte Høgberg
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi det er viktig for meg personlig å lese et bredt spekter med nyheter og meninger for å gjøre de gode samfunnsanalysene.


Benedikte Høgberg
Ervin Kohn
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen publiserer tankevekkende innlegg i samfunnsdebatten, og fordi jeg bryr meg om de som leser avisen.


Ervin Kohn
Jødisk tenker