Elon Musk er ikkje berre verdas rikaste mann. Han har kontroll over kritisk infrastruktur, over algoritmane til plattforma X og for tida svært tette band til mannen som om mindre enn ei veke blir tatt i eid som USAs 47. president.
I tida før han går inn i rolla som Trumps minister for statleg effektivitet, har Musk kasta seg over europeisk politikk. Først med love-bombing av den italienske statsministeren Giorgia Meloni, og no med ei oppmoding til det tyske folket om å stemme på ytre-høgrepartiet Alternativ for Tyskland (AFD).
Barn, familie og hund
I romjula publiserte Musk eit innlegg i avisa Die Welt der han argumenterte for at Weidel er den einaste som kan redde Tyskland frå den visse undergang. Sist veke intervjua han på X kvinna han seier skal redde Tyskland.
Det er litt uklart om Musk opptrer primært som provokatør, investor eller politisk aktør. Han viser iallfall til at han har fått innsikt i det tyske samfunnet både som investor og frå andre kjelder. Her viser han spesifikt til den 24 år gamle Youtubaren Naomi Seibt frå byen Münster.
Seibt er klimaskeptikar og var lenge sponsa av den amerikanske tenketanken Heartland foundation, som er ein kjent promotør av klimaskepsis og har elles markert seg som ein sterk støttespelar for AFD og for tankegodset til QAnon.
Alice Weidel, 45-åringen som Musk hevdar er den som er best eigna til å bli Tysklands neste kanslar, er økonom. Ho har mellom anna bakgrunn frå investeringsbanken Goldman Sachs. Ho er gift med kvinne som har familiebakgrunn frå Sri Lanka og dei har to barn saman.
I innlegget i Die Welt, argumenterte Musk for at Weidels ektefelles kjønn og etnisitet er ein av grunnane til at han har tillit til Weidel: «How much like Hitler does that sound like to you?», skreiv han. Til det kan ein jo innvende at Hitler var svært glad i hundar.
Les også: Are Søberg åpen for å bli «Norges Elon Musk»
Ei ekte krise
Musk har, slik eg ser det, nøyaktig eitt godt poeng i det han skriv om Tyskland. Og det er at landet er i krise, både politisk og økonomisk.
Den politiske krisa kulminerte 6. november i fjor, då kanslar Olaf Scholz, gav sin finansminister Christian Lindner sparken. Det sette i gang prosessen som ender med nyval 23. februar i år. Økonomi er eit viktig bakteppe for regjeringskrisa. Tysk økonomi har veksla mellom resesjon og stagnasjon sidan Olaf Scholz regjering vart vald hausten 2021.
I deira regjeringstida har partiet AFD vokse seg stadig sterkare på målingar, for tida seier rundt 20 prosent av tyskarane at dei vil stemme på ytre høgre. Det skaper dårleg stemning, ettersom resten av landet både fryktar og avskyr partiet som er klassifisert som delvis ekstremistisk av tryggingstenesta Bundesamt für Verfassungsschutz.
Underdog og underdog
På X gjorde Musk og Weidel felles sak. Men har dei eigentleg ei felles sak? På overflata kan det sjå slik ut.
Begge manar til eit korstog mot wokeness, begge har ei sjølvforståing som underdog i eit venstreliberalt kulturelt og politisk hegemoni, har dårleg folkeskikk og er blotta for respekt for meiningsmotstandarar. Dei har også det til felles at dei svergar til eit libertariansk syn på økonomi og har aversjon mot høgt offentleg forbruk.
Realismen i oligarken Musk og partileiar Weidels sjølvforståing som underdogs skal eg la ligge her. I staden skal eg sjå på det økonomiske. Begge kallar seg gjerne libertarianarar. Weidels problem er at partiet hennar har ein økonomisk politikk som er eit samansurium av ulike, til dels motstridande tankar. Og det er den fløya Weidel ikkje er ein del av, dei som vil ha ein aktiv og sterk sosialstat som er sterkast.
Partiet har programfesta at dei vil heve utbetalingane til pensjonistar, gje rentefrie lån til barnefamiliar og sikre billegare straum til næringslivet.
Les også: Elon Musk gjør det stadig vanskeligere å støtte ham
Tungrodd
Musk hevdar at det er tungt å drive næringsverksemd i Tyskland. Landet er byråkratisk, tungrodd og har eit system som kveler initiativ. Og Tyskland er eit land full av reglar.
AFD er slett ikkje åleine om å ville følgje den kursen næringslivet vil ha. Kristendemokratane (CDU), leia av Friedrich Merz, går til val på å få fart på økonomien. Han er, til forskjell frå sin forgjengar Angela Merkel, ein fullblods marknadsliberalist. Det same er Christian Lindner, den tidlegare finansministeren som utløyste regjeringskrisa og nyval.
Lindner erklærte nyleg at Musk og den argentinske anarkokapitalisten Javier Milei som sine politiske førebilete. Både Lindner og Merz har tillit i det tyske samfunnet, og i næringslivet, og i motsetnad til Weidel representerer dei parti som går inn for den økonomiske politikken dei sjølv står for.
Musks resonnement om tysk økonomi byggjer også på ei feilslutning om at dei etablerte tyske partia, (alle andre parti enn AFD) i kompaniskap har køyrd tysk økonomi på dunken. Men Angela Merkels 16 regjeringsår, som altså varte fram til 2021, var ein samanhengande vekstperiode i tysk økonomi.
Dei problema Tyskland opplever no, har meir å gjere med konjunkturar i verdsøkonomien, enn med avgjerdene til Olaf Scholz regjering.
Etterpåklokskap
Musk og Weidel harselerer også med Tysklands dyre, feilslåtte energipolitikk, statleg støtte til utbygging av vind og solkraft, stenging av atomkraftverka og den einsidige satsinga på russisk gass som slo svært negativt ut då Russland gjekk til fullskalainvasjon av Ukraina. Den påfølgjande energipriskrisa er ein viktig faktor i den lågkonjunkturen tysk økonomi no er inne i.
AFD er imot satsing på sol og vind fordi svært mange i partiet slett ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar. Partiets kritikk av den tyske einsidige satsinga på russisk gass er 100 prosent etterpåklok. AFD hadde ingen innvendingar så lenge gassen strøymde fritt gjennom Nord Stream 1. Først då det tok slutt, kom kritikken. Og partiet går faktisk inn for at Tyskland også i framtida skal gjere seg avhengig av russisk gass.
Dei vil ha slutt på tysk støtte til Ukrainas krig, slutt på sanksjonar mot Russland og full gass for vidare handel. Etter at Russland fleire gongar har vist seg å bruke handel med nøkkelråvarer som politisk pressmiddel, vil AFD altså satse på nytt.
Vil dei det same?
Til slutt må ein jo stille spørsmålet om Musk og Weidel eigentleg vil det same. Ifølgje Musk-biografen Walter Isaacson trur Musk at verda vår stor framfor undergangen, ressursane er knappe, løysinga er å kolonisere planeten Mars for å redde den menneskelege bevisstheit, som han seier. Musk ser for seg at han sjølv skal ta rolla som sjefskolonisator.
Weidel er leiar for eit parti som har ein meir jordnær ambisjon. Ein finn han i utsegner om at Tyskland er eit nedkjempa land og i Weidels bisarre insistering på at Hitler eigentleg var kommunist (han var ikkje det, men han var heller ikkje libertarianar).
AFDs kongstanke er at Tyskland vart sett i lenker av sigersmaktene etter den andre verdskrigen. Tyskland etter 1945 er ein stat som har søkt samarbeid, gjennom Nato og EU, og som berre varsamt har insitert på utanrikspolitiske eigeninteresser.
Filosofen Jürgen Habermas har knytt dette til eit politisk og moralsk historisk ansvar. For AFD er alt dette noko som held Tyskland nede og hindrar landet i å nå sitt fulle potensial. Eg er usikker på om Musk, og Trump, eigentleg har lyst til å sjå eit slikt Tyskland.