MUHO treng mange frivillige kvart år, du er hjarteleg velkommen til å bli ein del av teamet!
Kvifor være frivillig i MUHO?
Bli frivillig i MUHO og ver med på å gjere norsk kulturarv tilgjengeleg for fleire. Som frivillig møter du andre engasjerte og kulturinteresserte menneske, samstundes som du får verdifull arbeidserfaring som kan gi nye perspektiv og styrkje kompetansen din.
Museumssenteret i Hordaland (MUHO) er ein konsolidert museumsorganisasjon med fem avdelingar. MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Hordaland. Vi har avdelingar i Salhus, på Lygra, Radøy og Osterøy.
Frivillige er ein heilt sentral del av denne verksemda, og bidraga deira er avgjerande for at musea skal kunne nå måla sine og tilby gode opplevingar til publikum. MUHO legg stor vekt på å skape eit inkluderande og profesjonelt miljø der frivillige får høve til å engasjere seg i formidling, bevaring og andre samfunnsnyttige aktivitetar.
I rolla som frivillig er du ein viktig representant for MUHO utad, og du bidreg til at dei besøkande møter musea i tråd med våre verdiar og kvalitetskrav.
Vi rekrutterer frivillige fortløpande til fleire av avdelingane våre.
Kva kan eg bidra med?
Aktivitetsansvarleg
Som aktivitetsansvarleg har du ansvar for gjennomføringa av ei bestemt aktivitet. Du tek imot deltakarar, forklarer opplegget og sørgjer for at alle har ei positiv, trygg og oversiktleg oppleving. Du passar på utstyr, flyt og sikkerheit, og hjelper til der det trengst.
Kafévert
Som kafévert skaper du ei triveleg stemning for gjestene i kaféen. Du ønskjer folk velkomen, hjelper til med enkel servering og sal, og sørgjer for at kaféområdet er reint, ryddig og innbydande. Du er ein viktig del av vertskapsopplevinga og representerer MUHO sine verdiar utad.
Hage/landskapsgruppe
I hage/landskapsgruppa bidreg du til å halde uteområda vakre, reint og triveleg. Det kan vere raking, planting, søppelplukking, rydding og klargjering til arrangement. Dette arbeidet skapar gode rammer for både besøkande og tilsette, og er ein viktig del av heilskapsopplevinga.
Brannvert
Som brannvert bidreg du til sikkerheit ved arrangement inne i bygg. Du held oversikt over rømningsvegar, sjekkar at området er trygt, følgjer med på risiko og er til stades for å handle etter gitte rutinar ved behov. Du bidreg til at både gjester og ansatte kan kjenne seg trygge.
Parkeringsvakt
Som parkeringsvakt bidreg du til trygg og ryddig trafikkflyt rundt arrangement og museumsområde. Du møter besøkjande med eit smil, viser dei vidare til ledige plassar og hjelper til med enkel informasjon. Du sørgjer for eit oversiktleg og trygt område og melder frå dersom noko oppstår.
Uansett rolle – du er viktig!
Alle frivillige er viktige for MUHO sin drift og for formidlinga av norsk kulturarv. Du treng ikkje forkunnskap, berre engasjement, nysgjerrigheit og vilje til å bidra. Resten lærer du hos oss.
Kva får eg som frivillig?
Fast frivillig:
- T-skjorte
- Gratis ordinær inngang
- 10 % rabatt i museumsbutikker
- Attest ved førespurnad
Frivillig berre ved enkelt arrangement:
- T-skjorte til bruk under arrangement
- Gratis inngang til heile arrangementet*
- Attest ved førespurnad
*Unntak kan førekome.
Kva forventar MUHO av deg?
- Du er vennleg og profesjonell.
- Du les deg opp på programmet for arrangementet.
- Du møter presis til vaktene dine.
- Du har god kommunikasjon med næraste overordna leiar.
- Du deltek på informasjonsmøte ved behov.
- Du meistrar norsk og/eller engelsk godt.
Om MUHO
Museumssenteret i Hordaland (MUHO) er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Vestland.
Du finn oss i:
- Salhus, Bergen: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland
- Osterøy: Osterøy museum og Havrå
- Alver: Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter
MUHO utfører aktiv bevaring og levande formidling: vi fortel ikkje berre ei historie, men brukar kunnskap om teknikkar og prosessar til vise, lære bort og utføre arbeid slik det tradisjonelt blei gjort innan handverk, industri og gardsdrift.
Gjennom autentiske kulturmiljø og landskap i Nordhordland og Bergen trekkjer vi linjer frå fortida til utfordringar i verda i dag. MUHO har eit unikt kompetansemiljø som gir råd om bevaring av bygg og samlingar, og utfører konservering av ulike materialar.
Les gjerne meir på heimesida vår: muho.no