Førdefestivalen søker Direktør

Har du erfaring frå kulturfeltet eller kunnskap om folke-/tradisjonsmusikk og trivst med utadretta verksemd, kan du vere den vi er på jakt etter. Vi søker etter ein person som har mot og evne til kreativ kunstnarleg programmering, gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, høg arbeidskapasitet og solide administrative eigenskapar. Evne til å leie og skape engasjement både hos stab, frivillige, samarbeidspartar og i det offentlege rom vil bli vektlagt. Direktøren er kunstnarleg og administrativ leiar for festivalen, og rapporterer til styret for stiftinga. Festivalen har eit kreativt og engasjert arbeidsmiljø med ein stab på seks fast tilsette.

Ansvar og oppgåver

  • Ansvar for festivalen sitt kunstnarlege program
  • Ansvar for å vidareutvikle festivalen
  • Overordna ansvar for økonomi, personal og dagleg drift
  • Samarbeid med norsk og internasjonalt musikk- og kulturliv
  • Samarbeid med offentlege styresmakter og andre samarbeidspartar og aktørar

Kvalifikasjonar

  • Solid kompetanse innan folkemusikk-/verdsmusikk
  • Leiarerfaring og administrativ kompetanse
  • Solid kommunikasjonsevne
  • God framstillingsevne munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Tilsetjing:

5-årig åremålsstilling, som kan forlengast. Tilsetjing frå 5. september 2022.

Løn etter avtale. God pensjonsordning.

Om arbeidsgiveren

Skandinavias største internasjonale festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk med mottoet: Verda kjem til Førde! Heilårsarrangør og turnéleggar. 5,6 årsverk. Kontorstad i Førde i Sunnfjord.

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469