50 % rabatt på «Under open himmel» hos Det Norske Teatret

Regissør Erik Ulfsby rundar av som teatersjef for Det Norske Teatret. «Under open himmel» er eit eksistensielt drama som er innom fleire av dei tematiske linjene han har vore oppteken av gjennom den 14 år lange sjefsperioden sin.

No får Subjekt Pluss-abonnentar 50 % rabatt på «Under open himmel» hos Det Norske Teatret. Tilbodet gjeld på billettar til ordinær pris som blir kjøpt seinast 15. november 2024.

Klikk på «Benytt fordel»-knappen og aktiver rabattkoden før betaling for å nytta deg av fordelen.

Under open himmel

To menneske møtest i eit landskap herja av borgarkrig. Dei er svært ulike. AL har ein intellektuell bakgrunn, medan ANGEL kjem frå samfunnets skuggeside. No treng dei kvarandre for å overleve. Dei vil komme seg vekk frå krigen, til Fridomens land. På vegen tek dei mellom anna med seg kunstskattar frå øydelagde museum og religiøse bygg. På den måten vil dei prøve å kvalifisere seg for å komme over grensa. Etter kvart utviklar det seg ein vennskap mellom dei to – og AL lærer ANGEL alt han kan om litteratur, musikk, kunst og politikk. Men når dei nesten er framme ved målet, får dei ei umogleg oppgåve…

«Under open himmel» har premiere hos Det Norske Teatret 16. november.

Les meir om forestillinga her.

Dei store temaa

Som teatersjef har Erik Ulfsby vore oppteken av å presentere «big talk» i staden for small talk. Vidare har det vore viktig for han å løfte dei smalare tekstane over i det store formatet, og å trekke kunstnarar frå andre felt inn i teateret. I Steve Tesichs «Under open himmel» gjer han dette nok ein gong.

I tillegg tangerer han tema han har vore oppteken av å diskutere på scenen: Religion, krig, verdien av kunst og sjølve meininga med livet. På scenen som dei to flyktningane står Peiman Azizpour, som var del av det andre kullet av studentar ved teaterskolen Det Multinorske, og Amell Basic, som begge har vore flyktningar sjølve.

Det visuelle uttrykket er skapt av bildekunstnaren Lars Ø. Ramberg, som også var med  på Ulfsbys store prosjekt «Andre verdskrigen – Natt i verda» og «Ein av oss».

Konfliktår som bakteppe

I ei tid da demokratia forvitrar, krigar blussar opp og kjem faretrugande nære, er teksten til Steve Tesich nok ein gong aktuell. «Under open himmel» blei skrive med dei konfliktfylte 90-åra i Aust-Europa som bakgrunn. Dramatikaren flykta sjølv frå eks-Jugoslavia til USA, men blei aldri komfortabel med det amerikanske fridomsomgrepet, som no er under press. I stykket teiknar Tesich også ein høgare himmel av meir eksistensiell karakter. Kva er meininga med livet? Kva er fridom? Kva er ei god handling? Kva er verdien av kunst?

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg.

Om Subjekt Pluss fordelsprogram

Når du abonnerer på Subjekt Pluss får du tilgang til å lese alt det gode innholdet vi publiserer bak betalingsmur. Samtidig bidrar du direkte til å støtte vår produksjon av mer og bedre uavhengig kunst- og kulturjournalistikk. Inkludert i prisen får du nå relevante og eksklusive tilbud, rabatter, fordeler, invitasjoner og konkurranser i Subjekt Pluss fordelsprogram.

 

Fordeler er kun for abonnenter, få tilgang nå
Allerede abonnent? Logg inn.