Det Norske Teatret søkjer Leiar for publikumsservice

Det Norske Teatret har ledig ei 100% fast stilling som Leiar for publikumsservice.

Vi søker ein serviceinnstilt, energisk, erfaren og strukturert leiar til avdelinga for publikumsservice.  Avdelinga har ansvaret for publikum under framsyningar, konferansar, formidlingsarrangement, omvisingar og kundearrangement med meir.

Det Norske Teatret er Noregs største teater og ein stor og pulserande møteplass i Oslo sentrum med høg aktivitet frå morgon til kveld. I løpet av ein dag kan det vere ulike arrangement i den store publikumsfoajeen vår som strekker seg over tre nivå. Det er til tider hektisk, og det er då vi trivst best.

Du vil ha personalansvaret for ei avdeling med om lag 30 deltidstilsette. Publikumsservice er ein del av kommunikasjonsavdelinga, og du vil ha tett samarbeid med kommunikasjonssjefen og leiaren for billettluke og resepsjon.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

  • Sikre god operasjonell og forsvarleg drift av avdelinga i tråd med teaterets mål og strategiar
  • Samarbeide tett med andre avdelingar for å sikre gode opplevingar for publikummarane våre.
  • Ansvarleg for organisering og logistikk av publikum kring avvikling av framsyningar
  • Ha det overordna ansvaret for gjennomføringa av teaterets kommersielle aktivitetar i foajéområdet.
  • Ansvarleg for beredskap og helse, miljø og tryggleik overfor publikum
  • Vere bindeleddet mellom teateret og Løve restaurant og bar som driv all serveringa på teateret.
  • Personalansvar med fokus på dei tilsette sin trivsel gjennom tett oppfølging og kulturbygging
  • Overordna ansvar for avdelingas arbeidsplanar og lønn
  • Deltaking og leiing av små og store prosjekt, og ha ansvaret for rekrutteringa og opplæringa av nye tilsette i avdelinga.

Utdanning, kvalifikasjonar og erfaring

  • Leiarerfaring frå liknande arbeid i arrangement-, kultur-, reiseliv- eller hotellbransjen eller anna serviceverksemd
  • At du er initiativrik og likar å yte service
  • At du evnar å ta raske avgjersler og jobbar godt også under stress.
  • At du jobbar strukturert og nøyaktig
  • At du likar nye utfordringar
  • At du har kunnskap om og teft for sal
  • Høgare relevant utdanning
  • Andre relevante kvalifikasjonar kan vege opp for mindre erfaring på andre område (og for utdanning), og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • Gunstig ferieordning
  • Lønn etter tariff frå NTL

Arbeidstida er først og fremst på dagtid, og du må rekne med noko fast arbeid på kveldar og i helger. Oppstart etter avtale, gjerne så snart som mogleg.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret er nynorskteateret i hovudstaden og blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Vi har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser framsyningane våre kvart år. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå.

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469