Det Norske Teatret søkjer Rekvisittmakar

Det Norske Teatret har ledig ei fast stilling i 100% som rekvisittmakar.

Har du eit hjarte for teater, er idérik og har erfaring frå å lage rekvisittar? Vi søkjer etter deg som har relevant bakgrunn og høg kompetanse til å lage rekvisittar til produksjonane våre. Ansvaret inneber også å halde rekvisittane ved like. Du må jobbe løysings- og resultatorientert, og gjerne ha erfaring frå teater, film eller fjernsyn.

Stillinga høyrer til målarsalen, og du må kunne jobbe sjølvstendig og kreativt i samarbeid med avdelinga, scenografar og andre avdelingar på huset.

Kompetanse

  • Utdanning i handverksfag eller frå kunstskule. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Brei erfaring med ulike materialar, støyping og effektar
  • Kunnskap om tekniske og mekaniske løysingar
  • Innsikt i gamle og nye teknikkar i teatermålarfaget
  • God datakunnskap og systemforståing er ønskeleg

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Relevant erfaring frå teater, film og/eller fjernsyn
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Rask og åpen for stadige endringer
  • Interesse for kontinuerleg å vidareutvikle gode arbeidsprosessar
  • Interesse for ny teknologi
  • Personlege eigenskapar vil vektleggast

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • Gunstig ferieordning
  • Lønn etter tariff

Arbeidstid er 37,5 timars veke hovudsakeleg på dagtid i vekedagane, men arbeid på kveld og i helg kan påreknast.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469