Det Vestnorske Teateret søker teatersjef

Om teateret

Det Vestnorske Teateret er eit nynorskteater for alle som bur på vestlandet. Teateret har fast scene i Bergen sentrum, men turnerer og i regionen. Vi har ei sterk satsing på ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Ved sida av teaterrepertoaret driftar vi og eit kulturprogram støtta av Bergen kommune som styrkar den nynorske identiteten. 

Teateret er i sterk utvikling og er inne i ein ombyggingsprosess som er venta ferdig hausten 2022.

Drifta har tilskott frå Staten og den største eigaren Vestland fylkeskommune. Eigeninntektene til teateret har lagt mellom 35-40 % i eit normalår.

Om stillinga

Det Vestnorske Teateret søkjer ny teatersjef frå hausten 2023.

Teatersjefen er teateret sin daglege leiar og har ansvaret for den kunstnarlege verksemda og -utviklinga ved Det Vestnorske Teateret. Vi søkjer etter ein person som kan målbere og vidareutvikle teateret sin visjon, som er å vere ein raus og førande nynorskscene for Bergen og regionen. Teatersjefen er ansvarleg for den kunstnariske planlegginga både på kort og lang sikt. Dette inneber å leggje repertoaret for alle teateret sine scenar og å engasjere ensemble til alle produksjonar.  

Den rette personen må arbeide for at teateret får ein trygg og tydeleg plass i det nynorske kulturnettverket og teatersjefen må sjølv kunne uttrykke seg på nynorsk skriftleg.

Kvalifikasjonar

  • Teaterfagleg bakgrunn
  • Tydelege kunstnariske ambisjonar for teateret
  • Kan vere ein samlande og inkluderande leiar med gode kommunikasjonsevner
  • Ein tydeleg og god ambassadør for teateret
  • Sikre at publikum opplever teateret som ein viktig samfunnsaktør med eit breitt repertoar med tilbod til alle
  • Vil vidareutvikle teateret til eit inkluderande teaterhus der nynorske dramatikarar kjenner seg heime
  • Vil engasjere seg i publikumsutvikling for å nå eit breitt publikum 

Det Vestnorske Teateret kan tilby

  • Ein liten og dyktig stab med dedikerte medarbeidarar i alle funksjonar
  • Teateret er under ombygging og vil frå hausten 2022 kunne tilby ei hovudscene, ei ny scene 2 og ei intimscene
  • Teateret har vorte svært godt mottatt etter at det i 2016 flytta inn til sentrum av byen, med årleg auke i publikumstilstrøyming med mål om 50.000 publikummarar per år
  • Teatersjefen rapporterer til teateret sitt styre 
  • Teatersjefen må bu i Bergen eller omegn 
  • Stillinga er eit åremål på 4 år med moglegheit til forlenging 
  • Stillinga vert ledig 100% frå 1. august 2023 med behov for programplanlegging frå hausten 2022 etter nærare avtale

Nærare informasjon om stillinga

Spørsmål om stillinga kan rettast til rådgjevar Atle Bønes, Bønes Virik Executive Search, tlf.: 928 89 420 eller til styreleiar Pål W. Lorentzen, tlf.: 992 66 835. 

Kandidatar kan vere konfidensielle, og for oppdragsgjevar, inntil anna er avtalt.

Les gjerne meir om Det Vestnorske Teateret på www.detvestnorsketeateret.no

Daglig leder
Stiftelsen Studentkroa i Bø
Festivalsjef
Vossa Jazz
Produsent
Vossa Jazz
Digital marknadsførar
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Frivillige
Sementblues
Museumspedagog og formidler
Stiftelsen Buskerudmuseet
Direktør
Den Nationale Scene
Kommunikasjonsrådgiver
Kunstsentrene i Norge
Arenaansvarlig
Davvi - Senter for scenekunst

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469