Instituttleiar ved Institutt for design på UiB

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Instituttleiar ved Institutt for design

Ved Institutt for design, Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei stilling som instituttleiar (100%) frå 19.04.2026. Tilsetjingsperioden er fire år (åremål), med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing.

Arbeidsoppgåver

Instituttleiar skal drive strategisk leiing og har samstundes det overordna ansvaret for instituttets verksemd. Instituttleiar har personalansvar og innstillande mynde ved tilsetjingar. Hen sit i fakultetet si leiargruppe og rapporterer til dekan, og legg til rette for bruk av tid til kunstnarleg utviklingsarbeid, utdanning og formidling for dei tilsette.

Vidare har instituttleiar ansvar for å utvikle og følge opp mål for kunstnarleg utviklingsarbeid, ph.d.-utdanning, utdanning og formidling, utforme verksemdplanar og sikre rasjonell drift og budsjettbalanse.

Instituttleiar har HMS-ansvar og ansvar for å utvikle eit godt arbeidsmiljø, skape trivsel og motivasjon og leggje til rette for fagleg utvikling for den enkelte og for fagmiljøet samla. Instituttleiar skal sørge for oppdaterte verksemdsplanar og sjå til at studiekvalitetssystemet av instituttets program er ivaretatt.

Instituttleiar sine viktigaste daglege oppgåver er å:

  • Leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i tråd med strategiane til fakultetet og Universitetet i Bergen
  • Representere og posisjonere institutt og fakultet, og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • Bidra til å auke ekstern finansiering
  • Skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • Leggje til rette for gode prosessar baserte på medverknad frå tilsette og studentar
  • Ha budsjettansvar og sikre god drift og økonomistyring etter gjeldande reglar og rutinar
  • Arbeide for god kjønnsbalanse i stillingane ved instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer ein instituttleiar som har:

  • Forskingskompetanse (minimum førsteamanuensisnivå) i eitt av fagområda ved instituttet eller nærståande fagfelt.
  • Evne til å arbeide strategisk mot fastsette mål, gode evner til kommunikasjon, dertil evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt
  • God innsikt og erfaring i kunnskapsinstitusjonar med dei tilhøyrande krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring
  • Evne til planmessig handling og utvikling av instituttet innanfor gjevne ressursrammer
  • Erfaring frå arbeid med ekstern finansiering

I tillegg blir det lagt vekt på:

  • Ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • Erfaring frå forskings- og utdanningsleiing
  • Perspektiv på forsking og utdanning i eit breitt fleirfagleg designfelt innan skapande designutdanning nasjonalt og internasjonalt
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk. Administrasjonsspråket ved universitetet er norsk.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Interessante og utviklande leiaroppgåver
  • Eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
  • Støtte til leiarfunksjonen, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Som tilsett ved UiB har du ei rekkje velferdstilbod, tilbod til glede også utanfor arbeidstida.

Søknaden skal innehalde

  • Søknad og CV
  • Vitnemål og attestar
  • Dokumentasjon på kompetanse som førsteamanuensis eller professor.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Publikumsanvarlig
Stiftelsen Kistefos-Museet
Filmprodusent
Nordkappfilm og Art Matters

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

[email protected]
02469