Nynorsk scenespråksenter søker skodespelarar

Betalt etterutdanning i dialektovergang for skodespelarar – Nynorsk scenespråksenter

Ved Nynorsk scenespråksenter lærer du metoden for dialektovergang, som går over seks trinn. Undervisinga er ein miks av teori og praktiske øvingar, og du får arbeide med scenetekstar i form av både monologar og dialogar, samt jobbe med regissør. I tillegg får du ei innføring i nynorsk språkhistorie og grammatikk. Oppstart er 17. august 2026.

Kva lærer du?

  • Du får ei innføring i nynorsk
  • Du lærer å bruke nynorsk scenespråk levande og truverdig
  • Du lærer metode for dialektovergang, som kan brukast på alle dialekter
  • Du blir ein ressurs for oppdragsgjevarar og andre skodespelarar i møte med nynorsk tekst og scenespråk

Vi ser etter

Du kan sjekke av på minst eitt av desse punkta:

  • Medlemsskap i Norsk skuespillerforbund eller tilsvarande organisasjon
  • Fullført bachelor eller tilsvarande utdanning som skodespelar
  • Medverka i minst fire profesjonelle sceneproduksjonar

Vi tilbyr

  • Ein kompetanse det er bruk for i bransjen
  • Betalt etterutdanning i 14 veker
  • Fri bustad
  • Undervisning med erfarne og anerkjende lærarar
  • Individuell oppfølging og trening i dialekt- og språkovergang
  • Høve til å utforske og utvikle eiga kunstnarisk stemme

Ved spørsmål, kontakt avdelingsleiar Synne Solberg på [email protected] eller tlf. 958 06 835

Om Nynorsk scenespråksenter

Nynorsk scenespråksenter er Teater Vestland si etterutdanning og eit nasjonalt senter for skodespelarar frå heile landet, der dei får styrka kompetansen sin i nynorsk og overgang til nynorsknære dialekter. Det kan vere typiske utfordringar i møte med eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen du bruker til vanleg. På Nynorsk scenespråksenter lærer du dialektovergang, først og fremst til nynorsknære dialekter, men metoden kan brukast på kva dialekt som helst.

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

[email protected]
02469