Stiftinga Viti søkjer kurator til Møbelmuseet i Sykkylven

Vil du arbeide med norsk møbeldesign og møbelindustri – ei av Noregs viktigaste designnæringar?

Vår førstekonservator ved Møbelmuseet skal gå av med pensjon, og Viti søkjer no etter ein fagleg sterk og engasjert seniorkurator/kurator som skal ta over arbeidet med kunnskapsutvikling, formidling og samlingsutvikling knytt til fagfeltet.

Stillinga som seniorkurator/kurator er plassert i avdeling for kunst og design i Viti, og har sitt faglege tyngdepunkt ved Møbelmuseet i Sykkylven. Der får du ei sentral rolle i å forvalte og utvikle museet sitt arbeid med møbeldesign og -industrihistorie. Samtidig vil du vere del av eit større fagmiljø i Viti og kunne bidra i prosjekt på tvers av musea i organisasjonen.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på master- eller doktorgradsnivå innan kunst- og designhistorie, design, historie eller tilsvarande
  • Dokumentert kunnskap om møbelhistorie, design- eller industrihistorie
  • Erfaring frå museumsarbeid, kuratering, samlingsforvaltning, formidling eller forsking er ein fordel.
  • Erfaring med prosjektleiing og budsjettarbeid
  • God digital kompetanse, gjerne erfaring med Primus
  • Du arbeider strukturert og sjølvstendig, har gode samarbeidsevne og ønskjer å bidra til eit sterkt fagmiljø
  • Har svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfull stilling i eit stort museum med nasjonalt og regionalt ansvar for kunst og kulturarv
  • Fagleg dedikerte kollegaer
  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • 100 % fast stilling, 37,5 timar i veka inkl. spisepause
  • God offentleg tenestepensjon gjennom Kommunal landspensjonskasse – KLP
  • Fleksitid, med kjernetid mellom kl. 1000-1400
  • Fem veker ferie og fire ekstra feriedagar som er lagt til vesle julaftan, julaftan, onsdag i påskeveka og nyttårsafta

Lønsplassering etter tariff, Landsoverenskomst for museer og andre kulturinstitusjonar i samsvar med utdanning og ansiennitet.

Heimla i Politiregisterforskrifta § 34-16 om personar som skal utføre oppgåver i kulturinstitusjonar vil Viti krevje politiattest før tilsetting i stillinga.

Viti har arenaer fleire stader på Sunnmøre, og noko reiseverksemd må påreknast. Sidan kollektivtilbodet varierer vil det vere ein fordel om søkjaren har førarkort.

Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør for kunst og design i Viti. Kontorstad er ved Møbelmuseet i Sykkylven, med møteverksemd og anna ved Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund sentrum etter avtale.

Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.

 

  • Søknadsfrist: 5. mai 2026
  • Send søknad og CV til: [email protected]
  • Merk søknaden «Kurator»

Om oss

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, med 63 tilsette. Viti driftar og forvaltar Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Fiskerimuseet i Ålesund, Sunnmøre museum i Ålesund, Middelaldermuseet i Ålesund, Naturmuseet i Sykkylven, Møbelmuseet i Sykkylven, Sivert Aarflot-museet i Volda, Anders Svor-museet i Hornindal, Brudavolltunet i Ørsta, Folkemusikkarkivet og ei rekkje flytande kulturminne, mellom anna bankskøyta Storeggen av Aalesund og Shetlandsbussen Heland. Viti er ein del av Kystverkmusea og The Réseau Art Nouveau Network.

 

Frivillig
Museumssenteret i Hordaland (MUHO)
Nettredaktør
Astrup Fearnley Museet
Publikumsansvarlig
Sør-Troms Museum
Markedsansvarlig
Sør-Troms Museum
Museumspedagog
Sør-Troms Museum
Frivillig
Festspillene i Bergen

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

[email protected]
02469