Tysvær kulturskole søkjer kulturskolelærer – gitar

Vi søkjer

Ein fagleg dyktig og motiverande gitarlærer som kan undervise barn og unge i kommunen på akustisk gitar/el. gitar i tråd med læreplanane våre. Vi ønskjer oss ein gitarlærar som kan undervise i litt ulike sjangrar, men med vekt på rytmisk musikk. Musikalsk bakgrunn må gjerne vere innan jazz, då vi har erfaring for at dette fungerer fint i samarbeid med andre lærarar med ståstad både innan klassisk eller rytmisk musikk.

Beskrivelse av avdeling

Tysvær kulturskole har om lag 300 elevar fordelt på 7 årsverk. Undervisningstilbod i kulturskolen er god utbygd og ein tilbyr undervisning innan musikk, dans, teater, musikk fra livets begynnelse og visuelle kunstartar. Kulturskolen samarbeider også med skulekorps i kommunen om dirigent teneste.

Undervisninga i kulturskolen er sentralisert på Tysværtunet kulturhus. På kulturhuset finn ein både undervisningslokalar, og administrasjon for kulturskolen. Det er fleire scenar på kulturhuset og det ligg godt til rette for arrangement av ulikt slag. Tysvær kulturskole arbeidar etter prinsippa i rammeplanen «Mangfold og fordypning», og vi har egne lokale læreplaner i tråd med denne.

Arbeidsoppgåver

Undervise elevar individuelt på ulike gitarinstrument, drive band undervisning saman med slagverkslærar og i tillegg ei tilrettelagt rockegruppe. Lærar på gitar må medverke på felles prosjekt i kollegiet, førestillingar og små og store konsertar.

Krav til kompetanse

Det er ønskjeleg med minimum 3 år musikkfagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå. Pedagogisk kompetanse er eit føremon. Personar utan formell utdanning, men med relevant praksis innan fagområdet, kan også bli vurdert.

Vi etterspør elles god digital kompetanse og grundig kjennskap til teknisk utstyr innan gitarfaget.

Personlege eigenskaper

Personlege eigenskapar vi etterspør er gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Lønnsvilkår

Etter gjeldande avtale og regelverk

Slik søker du

Søkjarar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen si nettside: tysver.kommune.no.

Spørsmål kring korleis du søkjer kan rettast til Servicetorget på telefon: 52 75 70 00.
Vitnemål og attestar skal kun takast med til evt.intervju, og desse blir dessverre ikkje returnerte.

I hht gjeldande lovverk, skal det leggjast fram godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Det blir teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469