Universitetet i Stavanger søkjer førstekonsulent innan videoredigering

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig 60% stilling som førstekonsulent innan videoredigering ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, fakultetsadministrasjonen dedikert Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) si avdeling i Porsgrunn. Stillinga er ledig frå 01.04.22.

Læringsmiljøsenteret er eit nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking for barnehagar og skolar.

Senteret er i vekst, samstundes som framtidsretta digital formidling i kompetanseutviklingsarbeid mot senteret sine målgrupper vert stadig viktigare.  Den som vert tilsett vil ha ansvar for utvikling av digitale ressursar knytt til ekstern finansiert verksemd. Vedkommande vil og kunne inngå i relevante nettverk på tvers av einingar.

Kontorsjef ved avdeling Porsgrunn vil vere næraste overordna for stillingsinnehavar. Stillinga er eksternt finansiert.

Les meir om senteret og den utoverretta verksemda på nettsidene våre.

Hovudoppgåver

  • Videofotografering, keying og live stream ute på lokasjon og i Læringsmiljøsenteret sitt videostudio
  • Redigering av opptak, lyd og bilete
  • Rettleiing av tilsette, samt kvalitetssikring av utvikla presentasjonar som skal nyttast som digitale ressursar
  • Koordinere, halde oversikt over og styre tilgangar når det gjeld dei digitale ressursane ved senteret
  • Anna administrativt arbeid knytt til senteret si digitale portefølje

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis på bachelornivå, særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Kompetanse innan videoredigering og filmproduksjon
  • Innsikt i aktuelle standardar og teknologiar for videoproduksjon, lyd- og bildebehandling og publisering
  • Gode ferdigheiter innan kommunikasjon på norsk og engelsk; både munnleg og skriftleg
  • Gode kontaktskapande evner

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • Har erfaring med undervisningsfilm som sjanger
  • Har oppdatert og solid digital kompetanse, erfaring eller stor interesse for bruk av verktøy og program til formidling på ulike kommunikasjonsplattformer, inkludert erfaring med publiseringsverktøy på nett
  • Har estetisk sans, evne til formidling og sjølvstendig arbeid med utvikling av forteljingar
  • Har erfaring frå universitet- og høgskulesektoren
  • Er løysningsorientert og tek ansvar for gode arbeidsprosessar
  • Har innsikt i informasjonstryggleik og personvern
  • Er proaktiv, med evne til å arbeide sjølvstendig, er målretta og resultatorientert, service- og løysingsorientert, effektiv og fleksibel
  • Kan handtere periodar med varierande arbeidsmengder
  • Tek medansvar for å skape eit godt sosialt arbeidsmiljø
  • Har høve til noko reiseverksemd

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1408, kr 460.000 til kr 520.000 – tilsvarande kr 276.000 – 312.000 bto pr år i 60% stilling. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar

Meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via “Søk stillinga” på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdigheiter registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal takast omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastast opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Utstillingsverter LIAF
Nordnorsk Kunstnersenter
Praksisstudenter
CODA Oslo International Dance Festival
Dansepedagog
Sør-Varanger kulturskole
Stipend
Ingerid, Synnøve og Elias Fegerstens stiftelse for norske bildende kunstnere
Kulturskulelærar
Tysnes kommune
Direktør
Kunstsilo
Teatersjef
Teater Ibsen

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469