Vil du vere med og skape engasjement for litteratur og læring i det flotte biblioteket vårt?

Ved Molde vgs. har vi elevane i sentrum. Saman jobbar nesten hundre menneske kvar dag for å gjere vårt beste for at elevane våre skal nå dei måla dei har sett seg. Saman skal vi bidra til at dei blir best mogleg førebudd for framtida.

Molde vgs. har frå 1. april 2024 behov for skulebibliotekar i 100 % fast stilling. Skulebiblioteket ligg sentralt plassert i hjartet av skulen, og har ei sentral rolle i skulekvardagen til elevar og lærarar. Skulebibliotekaren er plassert i stabsavdelinga ved skulen saman med andre pedagogiske støttefunksjonar som t.d. IKT og administrative rådgjevarar.

Vi legg stor vekt på samarbeid innanfor ulike profesjonsfellesskap, på å gje elevane våre ein trygg og god skulekvardag, på å møte elevane våre med tydelege faglege forventingar og ikkje minst gje dei god pedagogisk rettleiing i arbeidet deira, alt i tråd med den pedagogiske plattforma vår.

Du får jobbe med

  • Støtte dei ulike fagmiljøa ved skulen i arbeidet med å skaffe oversikt over tilgjengelege læremiddel og læringsressursar, vere ressursperson for leiinga ved skulen i arbeidet med å velje læremiddel
  • Støtte elevar med læringsstrategiar, leseferdigheiter og informasjonskompetanse
  • Hjelpe elevar med å auke den digitale kompetansen i fag, jobbe med digital dømmekraft
  • Samarbeide med lærarar om å lære elevar metodar for kjeldekritikk og kjeldebruk
  • Systematisk arbeid for å fremje leseglede blant elevar, både innanfor skulefag og fritidslesing.
  • Formidle litteratur til ungdom på ulike og kreative måtar, også tilrettelagd m.o.t. ulike morsmål, lesenivå og funksjonsnivå.
  • Vere ein aktiv del av elevane sitt skulemiljø, skape arenaer for sosial og fagleg samhandling
  • Samarbeide med andre tilsette ved skulen og eksterne aktørar om ulike arrangement og aktivitetar gjennom skuleåret, med skulebiblioteket som vertskap
  • Samarbeide med avdeling for elevtenester om opplæringstilbodet for elevar med tilretteleggingsbehov
  • Deltaking i nettverket for skulebibliotekarar i Møre og Romsdal
  • Økonomisk ansvar for innkjøp av digitale og trykte læremiddel
  • Administrere utlånsordninga for lærebøker og annan litteratur

Vi søker deg som

  • Har eit positivt og inkluderande elevsyn med stort engasjement for det sosiale og faglege miljøet til elevane
  • Har høgare relevant utdanning
  • Er engasjert i litteratur og litteraturformidling til ungdom
  • Er kreativ og nytenkjande og vil vere med på å utvikle skulebiblioteket som eit moderne og relevant tilbod for elevane våre
  • Kan arbeide systematisk og målretta, både sjølvstendig og saman med andre
  • Har god digital kompetanse og forståing og er interessert i å halde seg oppdatert på den teknologiske utviklinga i samfunnet
  • Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på bokmål, nynorsk og engelsk.

Vi tilbyr

  • Eit fagleg og pedagogisk fellesskap der vi alle støttar kvarandre
  • Eit inkluderande og raust kollegium der du får utvikle deg
  • Gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulukkesforsikring
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du bed om anonymitet. Du vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.

Den som blir tilsett må levere politiattest.

Om Molde VGS

Molde vidaregåande skule ble etablert i 1832, ligg i Molde sentrum og har gangavstand til offentleg kommunikasjon, idrettsanlegg og Molde sitt bibliotek-, teater- og jazzhus. Ved skulen har ca. 850 menneske sitt daglege verke, der ca. 100 av dei er tilsette.

Skulen har i dag desse opplæringstilboda:

  • Studiespesialisering
  • Studiespesialisering med toppidrett
  • Innovasjon og leiing
  • Musikk, dans og drama
  • Landslinje for jazz
  • Kunst, design og arkitektur
  • Påbygging til generell studiekompetanse
  • Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse

Om Møre og Romsdal fylkeskommune

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Vi har ansvar for vidaregåande skolar, fagskolar, fylkesveg, kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i fylket.

Flere ledige stillinger fra Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Følg Møre og Romsdal fylkeskommune på Facebook og LinkedIn.

Utstillingsverter LIAF
Nordnorsk Kunstnersenter
Praksisstudenter
CODA Oslo International Dance Festival
Dansepedagog
Sør-Varanger kulturskole
Stipend
Ingerid, Synnøve og Elias Fegerstens stiftelse for norske bildende kunstnere
Kulturskulelærar
Tysnes kommune
Direktør
Kunstsilo
Teatersjef
Teater Ibsen

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469