Annonse

Griper tak i ein

«Jeg har vært her før» gir ein gripande og engasjerande kjensle av nettopp det

Kristina Aurore Kvåle
Kristina Aurore Kvåle Kunstanmelder

Publisert 30. september 2020

Har du opplysninger i saken? Tips oss

«Jeg har vært her før» er den siste utstillinga i Kristiansand kunsthall sin utstillingsserie, «Lokale omfatninger», som utforskar fylkes- og kommunesamanslåingane og den medfølgjande tematikken kring stadsidentitet, samfunn og tilhøyre. Ei sterk utstilling, som fascinerer og engasjerer, skriv Subjekts meldar. (Foto: Kristiansand kunsthall.)

Stjerneskotet Apichaya Wanthiangs soloutstilling på Kristiansand kunsthall er ei fascinerende og gripande utforsking av stad, kultur og identitet, skriv Subjekts meldar.
Annonse

Å bevege seg inn i Apichaya Wanthiang si utstilling på Kristiansand kunsthall, «Jeg har vært her før», kan skildrast som å bevege seg inn i kunstens sfære.

Ved hjelp av resirkulert og nytt treverk, bomull, leire, betong, hønsenetting, høy og skum, for å nemne nokre, utformar Wanthiang eit skulpturelt univers med sterke konnotasjonar til thailandsk byggetradisjon, identitet og kunstnarisk prosess.

At konstruksjonane frå det fyrste rommet seinare gjentas i utstillingas siste rom, er eit sterkt verkemiddel som skapar konnotasjonar til både kjensla av deja vú, men også the uncanny. Ein kjensla av å ha vorte her før, skriv Subjekts meldar. (Foto: Kristiansand kunsthall.)

Taktile konstruksjonar

I utstillingas fyrste rom møter vi to store konstruksjonar som seinare går att i utstillingas siste rom, men her noko annleis arrangert.

Desse består av ein trehytteliknande skulpturell installasjon, som tilskodaren kan gå gjennom, inni og rundt. Over verkets veggar er det mala abstrakte motiver med sterke konnotasjonar til den thailandske natur.

Rommets andre verk er ein teltliknande skulptur dekt av farga tekstil. Ein lang sengeliknande konstruksjon snirklar seg gjennom og ut av teltet. Konstruksjonen er laga av ulike treverk og møblement, og er dekt til av ulike underlag frå plast til skum og madrass. Også her inviterast tilskodaren til å komme inn i verket, og om ein ønskjer, kan ein legge seg eller sette seg ned på senga som er laga til.

Annonse

Snutter

Se alle

Les mer av det du bryr deg om