Ubrutal brutalisme
Manifesterer korleis kunst og arkitektur kan spele kvarandre sterke
Nasjonalmuseet for arkitektur si utstilling om Erling Viksjø vitnar om korleis tverrfagleg arbeid mellom kunstnarar og arkitektar kan skape bygningar av særeigen kvalitet. Her er det noko dagens arkitektar kan ta til seg. Medan museet held koronastengt, er det mogeleg å gjere eit digitalt museumsbesøk på nettsida. (Foto: Nasjonalmuseet.)
«Bevegelser i betong» er ei opplysande utstilling som viser korleis Erling Viksjø prøvde å fornye brutalismen innanfrå. Ein ville berre ønske at utstillinga kom før vi begynte å rive bygningane hans.