Annonse

Berre maling

At det var Cézanne dei samla på tydar på at det ikkje var så mykje anna å bruke pengar på

Publisert 16. august 2021

Har du opplysninger i saken? Tips oss

Cézanne sine måleri er berre maling. Her er ikkje noko djupare bodskap. Snarare er det ei hylling av dei små tinga. (Foto: The Courtauld Gallery/Kode.)

Like fullt finst ein underleg poesi i det punktet kor objektet blir borte, og ein berre ser detaljane, skriv Subjekts meldar.
Annonse

Kunsthistoriebøkene er fulle av fotografi som sjeldan har blitt eksponert for dagsljos. Bilde av gamle måleri. Stilleben og skogholt med kulturlandskap. Slike ting. Fotografi eg ikkje har teke meg tid til å sjå på fordi det ikkje er noko som fangar meg umiddelbart.

Ingen formidlingsønske blir kasta mot meg. Eller kanskje er det innhaldet, motivet, som ikkje engasjerar meg. Motivkretsen av potteplanter, kortspelarar, portrett og daffe, kultiverte landskap, framstår som fullstendig meiningslaus. Kva vil du Paul Cézanne? Kvifor ville du at nokon skulle stoppe opp og sjå på desse utsnitta av verda? Kva har du sett, som andre bør sjå?

Det er fyrst når ei kjem tett på måleria at ein forstår kva som gjer Cézanne spesiell. (Foto: Dag Fosse.)

Stor, gamal kunst

Så står eg der i inngangsdøra til det blåmala museumsrommet. Veggene er enorme, og måleria ser så små ut. Dei heng i ei høgd som tillet vaksne å kome lovleg nær. Men utanfor synsfeltet til små barn og hundar, slike med så stor grad av bakkekontakt at dei ikkje forstår verdien av stor, gamal kunst.

Eg kjenner kroppen nøle i det eg går mot måleria. For kvart steg prøver eg hardt å leggje frå meg tanken på at dette er uinteressant.

Medan eg nærmar meg det fyrste lerretet, rekk eg å sjå for meg ein haug med ulike årsakar til at Cézanne har fått den plassen han har i kunsthistoria. Ingen av dei er særleg flatterande. Eg tenker på samlarar som har investert i kunst for å gøyme vekk kapital. Så ser eg for meg dagens rikfolk, og lurer på kva dei samlar på. Eg ser strukturane i kunstfeltet, og stipendordningane me har her i landet no, som kanskje gjer at det er mindre sjanse for at kunstnarar sel sjela si for å lage det dei rike vil ha. I kva grad har investorar definisjonsmakt i kunsthistorien? Kva nivå av kunnskap hadde og har dei om kunst, og i kva grad handla det om estetikk og smak? Museum i dag, viser kva dei rike samla på før.

Annonse

Snutter

Se alle

Les mer av det du bryr deg om