Jesper Algaard var på backpacking i 2016, og trengte han nokon å surfe med.
Det blei starten på det som no har blitt til «Venn». Det er, som navnet tyder, ein app for å få vener.
– Det er jo rart at ein kan bruke internett til nesten kva som helst, men ikkje til å finne ein god ven, seier Algaard.
Stemmer kjemien?
Så starta prosessen med å lage ein app for venespleising. For å spleise tilfeldige menneske trong ein eit grunnlag for at desse menneska sannsynlegvis ville bli venar:
– Nokon matchar du med på grunn av interesser, anten det er gaming eller kunst. Andre gongar matchar du med folk basert på verdigrunnlag eller politisk ståstad, foklarar Algaard.