Denne boka er eit nyttig verktøy i kampen mot meiningsmangfald

Å støtte homofiles rettar i møte med islam blir knytt til ytre høgre av Carline Tromp. Betyr det at eg tilhøyrer ytre høgre ved å støtte mitt barn som har blitt utsatt for homo-hets frå jamnaldrande muslimar, spør Brynhild G. Winther.
Å støtte homofiles rettar i møte med islam blir knytt til ytre høgre av Carline Tromp. Betyr det at eg tilhøyrer ytre høgre ved å støtte mitt barn som har blitt utsatt for homo-hets frå jamnaldrande muslimar, spør Brynhild G. Winther.
Eg skulle ønske Carline Tromp hadde brukt eit gram energi på å få fram at det å vere kritisk til «kjønnsforskning», EU eller vindmøller ikkje er synonymt med nazi-sympatisering, skriv Brynhild G. Winther.
Sjanger Dette er et essay. Et essay er en tekst som stiller spørsmål ved kjente forestillinger eller aktuelle saker, og bygger på essayistens personlige erfaringer og refleksjoner.
Saken er Omtale av boken «Kulturkrig - Det ytre høyre og normaliseringen av det ekstreme» av Carline Tromp, redaksjonssekretær i Klassekampen.

Det finst folk som påstår at ytringsfridom og meiningsmangfald gjer samfunnet utrygt. Så vidt eg veit fins det ingen døme på regimer kor mangel på ytringsfridom har ført til mindre vold eller gjort samfunnet tryggare, anna enn kanskje for den som sit med makta.

Lenge har eg forsøkt å forstå logikken som ligg bak det å definere meiningsmangfald og ytringsfridom som utrygt. Det var difor eg lånte boka «Kulturkrig – Det ytre høyre og normaliseringen av det ekstreme» av Carline Tromp.

I starten av boka definerar forfattren «ytre høgre» som «…en stor paraplybetegnelse for en rekke bevegelser, politiske partier, miljøer og personer som ikke nødvendigvis ligner hverandre så mye. Mange vil hevde at de slett ikke hører hjemme under en slik paraply, og ytterliggående aktører definerer ofte seg selv som «konservativ», «klassisk liberaler» eller «folkets røst». Ytre høyre kan defineres som den politiske høyresida som er imot systemet; det liberale demokratiet.»

Vidare lærer eg at høgre-ekstreme har lese seg opp på filosofen Antonio Gramscis teori om at ein må påverke kulturen for å endre politikken. Ein slik påstand vil kanskje gjere somme i kulturfeltet litt paranoid, og meiningsmangfald kan nok kjennast enno meir «utrygt».

Annonse

Les også: De vil renske bøker for «problematisk» innhold. Skjønner de ikke selv hvor dumt det er?

«Kulturkrig – Det ytre høyre og normaliseringen av det ekstreme» (2021), av Carline Tromp

Mangel på nyansering

Ved hjelp av fragmenterte setningar og lause trådar i hytt og gevær, knyt Tromp ønske om ytringsfridom og meiningsmangfald saman med ytre høgre og nazisme. Ho nemner ei mengde namn og grupper utan særleg introduksjon eller utdjuping. Lesaren får heller ikkje ei forklaring på korleis alt dette skal henge saman med ytre høgre. Blant anna blir det å støtte homofiles rettar i møte med islam knytt til ytre høgre via Milo Yiannopolos som blir definert «alt-light». Betyr det at eg tilhøyrer ytre høgre ved å støtte mitt barn som har blitt utsatt for homo-hets frå jamnaldrande muslimar?

Ganske snart opplever eg mangelen på nyansering, som eit slags særtrekk i heile boka. Hjernen min drøvtygger og svelger ned setningar av typen: «Ytre høyres kulturkrigere jobber aktivt for å strekke opp eller knuse rammene for hva som er akseptert å si. De vil normalisere det ekstreme.» Joda, eg kjenner meg veldig truffet her. Som billedkunstnar og ikkje tilhøyrande venstresida lurer eg meir og meir på om forfattaren ville definert meg som ytre høgre.

Vidare les eg at: «Ytre høyre mobiliserer på temaer som er betente og følelser som er reelle. De skor seg på fiendebilder som finnes fra før, og som har en historie som løper fra imperialismens høytidsdager til krigen mot terror. De albuer seg inn i debatter om alt fra vindkraft og EU til vaksiner, kjønnsforskning og scenekunst, og provoserer fram reaksjoner.» Og kvar gong forfattaren ramsar opp slike ting, skulle eg ønske at ho hadde brukt eit gram energi på å få fram at det å vere kritisk til «kjønnsforskning», EU eller vindmøller ikkje er synonymt med nazi-sympatisering.

Les også: La oss kalle det stokastisk feighet

Eit smart trekk for stempling av meiningsmotstandrarar

Det slår meg at kanskje dei manglande nyansane, og den rotete framstillinga kan vere middelet for å få fram hensikta med boka…

«Woke» betyr å vere vaken. Er ein vaken for lenge, blir eit veldig trøytt og dømmekrafta blir redusert. Kanskje er hensikta at woke-lesaren skal sitje att med ei kjensle av at ytre-høgre-nettverket er så uoversikteleg at det er best å ta avstand til alle «TERFs», alle som er mot EU, skeptisk til vaksiner, mot vindkraft, og dei som er for ytringsfridom. Etter å ha lese denne boka veit ein jo at slike meiningar kan vere symptom på at ein tilhøyrer eit rasistisk nettverk med planar om å ta over samfunnet. Det gjer meiningsmangfald utrygt.

Boka framstår på alt for mange måtar som eit forsøk på å få lesaren til å tru at alle oss som vil ha ytrigsfridom, bidreg til å bane veg for eit inntog frå ytre høgre med mål om å «ta over». Eg for min del har ein agenda: at kunstfeltet og resten av samfunnet skal ha ytringsfridom for alle. Inkludert menneske som meiner og står for ting som strid fullstendig med alt eg står for. Det kjennes absurd at det finst menneske som ser ytringsfridom som «utrygt». Slik eg ser det, er ytringsfridom ein av årsakane til at det er trygt å bu i Noreg.

Betyr det at eg tilhøyrer ytre høgre? Ifølge Tromp si definisjon av «ytre høgre» føler eg det nesten slik. No veit eg heldigvis at det er lurt å sjekke sine følelsar opp mot det rasjonelle. Nei, eg høyrer ikkje til ytre høgre. Så kan ein returnere til forfattaren sin definisjon av «ytre høgre» og sjå at det å påstå at ein ikkje tilhøyrer ytre høgre er ein del av indikatoren på at ein faktisk gjer det. Smart trekk, veldig smart. Då kan ein stemple alle meiningsmotstandrarar som tilhøyrande ytre høgre, og om ein nektar, vil det bevise stempelet.

Eit hurtig nedadgåande intellektuelt forfall

Ting som berre har ei side er for flat til å kunne ha ei faktisk eksistens i verkelegheita. Om ein skal tvinge jorda til å bli flat, vil fleire og fleire trakke over streken og falle utanfor. Eit samfunn utan ytringsfridom vil fungere som eit trongt mentalt territorium. Dei stadig tydelegare grensene til konsensusen bidreg til å skape meir og meir frustrasjon blant oss som ikkje vil at verda skal vere ein-dimmensjonal.

Mangel på rom for ulike perspektiv er noko som omdannar kulturfeltet til eit hurtig nedadgåande intellektuelt forfall. Eit slags nikkedokke-teater. Her kjem boka til Carline Tromp inn som eit nyttig verktøy i kampen mot meiningsmangfald.

Ein eller anna figur som ligg flatklemd inni historiebøkene, sa noko om at der alle tenkjer likt, er det ingen som tenkjer. Skulle tru han hadde sett inn i framtida og observert kulturfeltet sin måte å bruke «UTRYGT» som narre-smokk i sin kamp mot meiningar som strid mot det ein sjølv står for.

Eg håpar nokon kan kome med eit innlegg som forklarar kort og presist kvifor det skal vere utrygt med meiningsmangfald og ytringsfridom.

Bring it on!

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de problematiserer det som andre ikke har tenkt på. I tillegg har de grundige anmeldelser og gode anmeldere, og det mener jeg uavhengig av at de likte min serie, altså!


Henriette Steenstrup
Regissør
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar opp ting jeg ikke visste at jeg var interessert i. Dessuten er det et nydelig sted å holde seg oppdatert på hva som foregår i kulturnorge.


Jonis Josef
Komiker
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg ble rasende hver gang de sakene jeg ville lese var bak betalingsmur. Som abonnent ble jeg kvitt det raseriet, men ble til gjengjeld rammet av et nytt raseri. Over norsk kulturliv.


Harald Eia
Sosiolog
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar