Annonse

Vi blir ikkje provosert av ein 60-årings onani. Men vi blir utfordra

Publisert 25. januar 2024

Har du opplysninger i saken? Tips oss

Mellom bileta på bordet ligg ubesvarte spørsmål og anna vi ikkje klarar gripe tak i. Difor blir det interessant, skriv Subjekts meldar. (Foto: Presse.)

Unni Askeland seier «føkk off» til idealisering og redigerte bilete. Resultatet er interessant, skriv Subjekts meldar.
Annonse

Eg likar ikkje å lese om kunsten før eg ser den. Kunsten må få snakke for seg sjølv. Utan bokstavar som får hjernen til å dugge i augo og hindre ein i å sjå. I lomma ligg ei papirutskrift av ein tekst frå Subjekt. Veit ikkje kva det er, men nokon har skrevet om dette før. Om denne utstillinga, sa ho som gav papira til meg.

Vi veit at utstillinga er kuratert av Bjarne Melgaard og at den inneheld verk av Unni Askeland. Begge er kunstnarar som har levd i kunstverda lenge nok til å ha entra eit univers som liknar lite på verda no. I dag er samfunnet overseksualisert og kunstfeltet liknar ei sekt med ambisjonar om å «redde kloden», «frelse folket frå feil meiningar» i kombinasjon med framvising av kjønnsmangfald, legningar og etniske minoritetar på ein måte som minner om Kongolandsbyen (Frogner 1914) i loop. Det mest provoserande og sjokkerande i kunstverda i dag, ville vel vere å framstille etnisk norsk kjernefamilie positivt.

Når vi entrar gallerirommet, ser vi ljoset. Det er ikkje ei sakral oppleving. Konsekvensa er heller at synet blir svekka. Noko som kanskje kan forklare noko om religiøse personar. Men det kan me snakke om ein anna dag.

I det store rommet står eit lite bord som kan vere eit alter for å løfte heilage ting opp frå golvet. Litt nærare Gud liksom. Eller litt nærare mennesket, som ikkje vil krype rundt på golvet for å sjå kunst. Inni høgtalarar stønnar Unni Askeland åleine og lyden blandar seg med ljoset si intense tilstadeverande.

Les også: Kan kunstnere vinne frem mot KI-tyvene? Dette svarer advokaten

Annonse

Snutter

Se alle

Les mer av det du bryr deg om