Staten har i mange år hatt ei tilskotsordning som gjev støtte til «freda kulturminne i privat eige». Er dette ei ordning for Ola og Kari Nordmann som eig eit freda hus eller ein gard, eller er det ei ordning som landets mange museum kan få støtte frå?
Musea i Noreg vil gjerne ha tilskot frå denne ordninga, skriv direktørane for Havråtunet og Noregs museumsforbund i Subjekt.
Musea er ofte, men ikkje alltid, eigd eller finansiert frå stat, fylke eller kommune. Ola og Kari som eig freda hus, har i liten grad andre støtteordningar som dei kan søkje på. Men kven er tilskotsordninga «Freda kulturminne i privat eige» eigentleg meint for?
Det ligg eit offentleg regelverk bak, men vi må dykke ned i historia for å finne nokre svar på eit tilsynelatande enkelt, men ganske så komplisert spørsmål.
Les også: Reagerer på metanhemmere i kraftfôr: – Et helt vanvittig eksperiment
Tilskot til musea er unntaksvis
I mange år vart tilskotet på denne ordninga styrt av bevaringsprogrammet «Freda kulturminne i privat eige». Her var privatpersonar prioritert, og musea var ikkje med i programmet.
Det er dei offentlege sektorane sjølve som skal finansiera sine eigne institusjonar og eigedommar gjennom det såkalla sektorprinsippet: Samferdselssektoren har ansvaret for kulturminne som veg og jernbane, helsesektoren for freda sjukehusbygg, og kultursektoren for musea og kulturinstitusjonar, medan kulturminne høyrer til under klima- og miljøsektoren. Så kva var det for ei endring som skjedde i 2021, som Havråtunet og museumsforbundet er opptatt av?
Jo, Klima- og miljødepartementet kom med ei forskrift som gav kulturmiljøforvaltninga eit felles regelverk for å fordele tilskot. Denne forskrifta skulle ta opp i seg eksisterande praksis på tvers av fylka, men praksis viste seg å vere svært ulik. Dei fleste fylke hadde prioritert pengar til dei private eigarane, mens i nokre fylke har musea fått tilskot unntaksvis. I berre eitt fylke, Vestland, har tilskot til musea vore vanleg praksis.
Les også: Skattelistene: Noen kunstnere tjener fett. Andre har knapt råd til maling
Riktig å prioritere Ola og Kari
Forskrifta i seg sjølve seier lite om kven som kan få, og kven som ikkje kan få tilskot. Utgangspunktet er tittelen på ordninga og formålsparagrafen i forskrifta, der det står «privat eige».
Ordlyden i forskrifta utelukkar ikkje at andre enn private kan få tilskot, men den seier at private eigarar og forvaltare skal prioriterast ved fordeling av tilskot. Altså: andre kan få tilskot, så sant dei private er blitt prioritert først. Dei fleste musea får statleg finansiering eller driftstilskot frå det offentlege. Difor er det altså ikkje slik at musea er utelukka frå statlege tilskot: Dei får tilskot, men over kulturbudsjetta hjå staten, fylkeskommunane eller kommunen.
Tilskotsordninga har mange søkjarar, og behovet for støtte er stort. I 2025 er søknadssummen langt over 300 millionar kroner, og i statsbudsjettet som skal behandlast i Stortinget, er det i overkant av 150 millionar til fordeling. Difor er prioritering naudsynt.
Det er Riksantikvaren si oppfatning at det er riktig å prioritere privatpersonar, slik det stod i statsbudsjettet for 2024: «Eit sentralt formål er å bidra til å lempe på den økonomiske byrda for privatpersonar som eig freda kulturminne». Forskrifta utelukkar altså ikkje musea, men Riksantikvaren meiner det er riktig å prioritere Ola og Kari som eig freda hus.