Forby, eller ikkje forby? Det er spørsmålet

Der ein i offentlegheita svært ofte ender opp med å krangle om kva den og den AFD-politikaren eigentleg sa og meinte, tar tryggingstenesta stilling. Dei inkluderer begge nivåa av utsegnene, både det konkrete og hundefløyta, skriv Astrid Sverresdotter Dypvik. (Foto: Jens Schlueter (AFP/NTB.)
Der ein i offentlegheita svært ofte ender opp med å krangle om kva den og den AFD-politikaren eigentleg sa og meinte, tar tryggingstenesta stilling. Dei inkluderer begge nivåa av utsegnene, både det konkrete og hundefløyta, skriv Astrid Sverresdotter Dypvik. (Foto: Jens Schlueter (AFP/NTB.)
Diskusjonen om forbod mot partiet Alternativ for Tyskland er i gang. Men kor sannsynleg er eit forbod, spør Astrid Sverresdotter Dypvik.
Om skribenten
Astrid Sverresdotter Dypvik er rådgjevar i Tankesmia Agenda.
Sjanger Dette er en kommentar. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er AFD risikerer å bli forbudt i Tyskland. Hvorfor? Og hvor sannsynleg er forbud?

Diskusjonen om eit mogleg forbod mot ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AFD) skaper engasjement, også her i landet. Og det er oppsiktsvekkande at eit demokratisk land i fullt alvor diskuterer eit mogleg forbod mot landets nest største parti.

Sjølv om AFD er full av politiske ekstremistar, er det likevel usannsynleg med eit forbod.

Den tyske grunnlova gir stort handlingsrom for kamp mot politisk ekstremisme. Tanken om eit wehrhafte Demokratie, eit demokrati som forsvarar seg sjølv, gjennomsyrar den tyske grunnlova. Den er frå 1949, og vart den gongen vedtatt som grunnlov for Vest-Tyskland. Her finn ein det som er kjent som evigheitsklausulen.

Den slår fast at den demokratiske styreforma, føderalismen og menneskeverdet skal stå fast, uansett. Bakteppet var eit ønske om å lære av den nære historia. Hitler kom til makta etter eit val, ikkje gjennom statskupp. Grunnen til at ein i 1949 la så sterk vekt på å sikre demokratiet for framtida, var ikkje ein laus idé om å appellere til ein velsituert middelklasse som er opptatt av liberal fridom av prinsipielle grunnar.

Annonse

Det var fordi diktaturet vart rekna som ein føresetnad for nazistanes brotsverk.

Ekstremisme på tysk

Tryggingstenesta (Bundesamt für Verfassungsschutz) klassifiserte AFD som heilt klart ekstremistisk. Partiet sjølv protesterer. Dei hevdar at tryggingstenesta blir brukt som eit politisk kampinstrument av dei andre partia.

Her er det viktig å vite at tryggingstenesta opererer innanfor eit rettsttatleg lovverk. Det gjer at AFD kan gå til sak med krav om at tryggingstenesta skal oppheve klassifiseringa av partiet som ekstremistisk. Og det har AFD gjort. Denne klagen vil bli behandla av ein uavhengig domstol.

Dokumentet der tryggingstenesta grunngir klassifiseringa av AFD som eit ekstremistisk parti er på over 1.000 sider. Dokumentet er ikkje offentleggjort, men innhaldet er gjort kjent gjennom pressa. Vekeavisa Die Zeit skreiv at klassifiseringa som ekstremistisk ikkje handlar om AFDs vedtatte politikk. Den blir knytt til utspel frå partileiar Alice Weidel og politikarar som Maximilian Krah og Matthias Helferich, som begge vart vald inn i forbundsdagen i februar, og Björn Höcke, som leier AFD i delstaten Thüringen.

Etter synet til Verfssungsschutz er desse politikarane antidemokratar. Verfssungsschutz knyter også ekstremismen til völkisch-nasjonalisme. Denne kjem til uttrykk i eit skilje mellom det som i AFD-krinser ofte blir omtalt som bio-tyskarar og pass-tyskarar, Berre bio-tyskarar, altså dei som har etnisk tyske forfedrar gjennom fleire generasjonar, blir rekna som ekte tyskarar. Dette skiljet mellom bio-tyskarar og resten er viktig på grunn av ideen om remigrasjon, som stadig vinn terreng i i AFD.

Remigrasjon handlar om massedeportasjon. Også tyske statsborgarar kan bli ramma av deportasjon. Politikarar som snakkar om temaet, brukar ofte blomsterspråk og metaforar. Den Thüringen-baserte politikaren Björn Höcke har for eksempel skrive at han ser for seg ei «årelating» som skal skje med «veltemperert grusomhet».

Og då er vi inne på den tredje forklaringa på diskusjonen: Der ein i offentlegheita svært ofte ender opp med å krangle om kva den og den AFD-politikaren eigentleg sa og meinte, tar tryggingstenesta stilling. Dei inkluderer begge nivåa av utsegnene, både det konkrete og hundefløyta, signalorda til dei innvigde, i tolkinga si.

Les også: Vi burde bli mer bekymret av reaksjonene enn selve reklamen

Eit forbod er mogleg

Eit partiforbod er mogleg. Det har blitt gjort før, i 1953 og i 1956, med heimel i grunnlovas paragraf 21.

Men verken den tyske forbundsdagen eller tryggingstenesta kan vedta forbod. Saka må bli vurdert av forfatningsdomstolen i Karlsruhe som, sjølvsagt, er ein uavhengig domstol som opererer etter rettsstatlege prinsipp. I nyare tid har forfatningsdomstolen avvist å forby partiet Die Heimat (tidlegare NPD). Partiet var og er klassifisert som ekstremistisk av tryggingstenesta.

Forfatningsdomstolen avviste likevel forbod, med tilvising til at partiet var for ubetydeleg til å representere ein fare mot det tyske demokratiet.

I januar i år diskuterte forbundsdagen eit mogleg forbod mot AFD. Initiativtakar var kristendemokraten Marco Wanderwitz, som omtalte AFD som «fiendar av forfatninga og fiendar av demokratiet». Sosialdemokraten Carmen Wegge, som også stilte seg bak initiativet, viste til læra frå 1933. Forbundsdagen stemte ikkje over saka i januar. Grunnen var at initiativtakarane visste at dei ikkje kom til å få fleirtal.

Slik saka står no, også om klassifiseringa av AFD som ekstremistisk blir ståande, er det usannsynleg at eit nytt initiativ for forbod vil få fleirtal i forbundsdagen. Partitoppane i regjeringspartia ivrar ikkje for forbod. Om forbundsdagen likevel skulle gå inn for det, er det opp til forfatningsdomstolen å avgjere saka.

Ifølgje avisa Die Zeit er det på ingen måte sikkert at tryggingstenesta sitt meir enn 1.000 sider lange dokument vil halde til å overtyde forfatningsdomstolen om at AFD representerer ein akutt fare mot det tyske demokratiet. Og, om eit partiforbod skulle få gjennomslag, kan partileiar Weidel og alle hennar allierte uansett stille til val, under eit nytt partinamn og med ein politikk som balanserer mellom ytterleggåande og ekstremistisk.

Les også: Nå blir det lettere for staten å sensurere nordmenn

Har prøvd alt

Diskusjonen om forbod dukkar opp fordi dei andre partia har prøvd ut dei fleste kjente taktikkar mot ytre høgre: frå utfrysing og fordømming, via det å snakke om eigen politikk i staden for AFD til å inkorporere nokre av partias kjernesaker i eigen politikk.

Likevel har AFD heldt fram med å vekse. Til no har ingen prøvd ut å temme AFD gjennom å sleppe partiet til. Her kjem dilemmaet frå 1933 inn. Problemet et at ein ikkje kan vite heilt sikkert om AFD faktisk kjem til å avskaffe demokratiet før det er for seint. Og medan du tenkjer over om du har lyst til å vite svaret på det spørsmålet, er det verd å merke seg at den nye kanslaren, Friedrich Merz, i sin første tale til forbundsdagen lova å gjere Tyskland til Europas leiande militærmakt.

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar