– Hei, rose.mjölk.oske. Snodig navn. Hva betyr det?
– Rosen, mjølka og oska hev jo saman, og ikkje minst kvar for seg, fleire ulike eigenskapar. Men eg tenkjer ofte på Paul Celans dikt «Dødsfuge» (1948), svarer A, talsperson for rose.mjölk.oske.
«Svart gryningsmjølk, vi drikk ho om morgon, vi drikk ho om natti, vi drikk og vi drikk», lyder det i diktet (Olav H. Hauges omsetjing).
– Celan skriv i dette diktet om Holocaust – om konsentrasjonsleirenes jødar, og at mjølka dei vert gjevne, var fylt av oska frå dei daude som steig opp frå krematoriepipane og ned att frå himmelen alle vekas døgn til ende. Rosane legg vi enno på vassflatane kvar oska enno ligg i flak som ikkje synk, fortsetter A.
– Men namnet vårt hev nok flere tydningar, altså.
– Hva slags musikk spiller dere?
– Kyrkjefaderen Origines skreiv kort og godt «Apokatastasis Panton» – «Alle vil nå frelse». Vi er ganske opptekne av nett det. Denne ideen og påstanden om at heile vår lagnad som slekt og art er eitt, både i dette livet, og i det uviselege og hinsidige. Kva er Nåde? Kva er Dom? Er dei gjensidig utelukkande eller er dei eitt og same? I ulike songar og songsyklusar utforskar vi desse muligheitane, med den skrinne kunnen og dei skrinne verktøya vi hev for hand. Noko av musikken vil kan hende minne om orkestral støyrock à la bandet Swans. Noko av musikken vår vil kan hende ligne på ein litt dunklare og mellomaldersk utgåve av det svenske bandet Flaskkvartetten, sier A.
Men de har ikke bare musikalske inspirasjoner. Også malerier har formet dem kunsterisk:
– For nokre år sidan var vi særdeles opptekne to bileter av Arnold Böcklin. Det ene er hans mest kjende: «Dei daudes øy» (1886), og det andre er, kan hende hans minst kjende, «Dei levandes øy» (1888). Vi jobba lenge med dei to bileta som ein slags dogmatisk dikotomi. Kvar enkelt song skulle liksom vere ein slags framsyning av enten dei daudes eller dei levandes øy. Vi jobbar korkje like strengt eller dualistisk no for tida. Heldigvis.
– Hvem er medlemmene, og hva er bakgrunnen deres?
– Våre namn, våre andleter, våre oppvekstvilkår og våre cv-er føles ikkje viktig å presisere for å presentere musikken vår. Nokre av våre medlemmer er profesjonelle musikarar, andre er ikkje det. Nokon kjem hev ein hovudakelig «klassisk» orkesterbakgrunn, nokon kjem frå ein hovudakelig jazz-bakgrunn, nokon kjem frå støy/metal. Nokon i bandet er engasjert i mange band og prosjekter, andre er ikkje det, svarer A, og fortsetter:
– Eg er til dømes ingen profesjonell musikar, men jobbar med og kring bøkar til dagleg. Dette ensemblet har dei siste ni åra vært min, med nokre få unntak, einaste, men definitivt viktigaste musikalske verksemd.
– Hva er målet med prosjektet?
– Oswald Spengler seier ein stad i «Der Untergang des Abendlandes» (1918) at den gotiske katedralen er «frykt gjort om til stein». Nokre av våre songar hev nok ein lignande ambisjon. Nett det er jo ikkje heilt enkelt å få til, men vi trøystar oss med at det er viktigare kva man prøver på, enn kva man faktisk får til. Var det Edith Stein som skreiv at «Art is many things, but furthermost, the spoils of failure», spør A retorisk. Hen går videre:
– I bestrebelsen det er å prøve å lage noko som er fint, så trur og håpar vi at vi både blir betre kunstnarar og betre medmennesker. Innad i ensemblet seier vi ofte til kvarandre at «det er tre viktige ting i livet – å vere snill, å vere streng, og å prøve lage ein fin song.»
– Har dere noen musikalske forbilder?
– Veldig mange. For korthets skuld kan vi nemne fire av dei som enno er i live: Dominik Fernow (særleg dei to prosjekta hans «Vatican Shadow» og «Christian Cosmos»), den estiske komponisten Arvo Part, den polske komponisten Jacaszek, og den svensk-amerikanske komponisten Kali Malone.
– Hva er forventningene i forkant av Subjektprisen?
– Vår tro og vår frykt er i førehand av denne anledninga den same som i førehand av alle andre anledningar: einkvar får til slutt som fortjent, men kan hende ikkje med ein gong, sier A.
Bandet har spilt sammen i ni år. Og neste år planlegger de for første gang å gi ut musikk. EP-en er titulert «Fem songar til dyra i jegerens draum.» Om musikken bandet har komponert i anledning prisutdelingen, skriver de dette:
Menneska trur verda er skapt og delt i to.
For menneska sjølv er son og datter, mor og far
skapt og delt i to
men det finns enno born i verda
født or mange mødre
born som er meir enn blod og meir enn hug og meir enn minne
og deira mødre er mange – eit skjelvande kor
og i deira midte fødas ljos or ljod.
Verda er ikkje delt i to.
Og ljoset fødd or ljod
treng seg inn i alle verdas minste skår og lukar –
beskjedne hól i hus og kroppar.
