Det er vanskeleg å komme til orde i media med eit kjønnsinkluderande syn på vald i nære relasjonar. Den herskande oppfatninga er at menn er valdsutøvarar og kvinner ofre. Oppfatninga er så einerådande at det setter stoppar for nødvendige inngrep frå myndigheitsorgan og hindrar lovendringar som kan beskytte foreldre og barn. Nasjonalt kompetansesenter om vold […]
Det er vanskeleg å komme til orde i media med eit kjønnsinkluderande syn på vald i nære relasjonar. Den herskande oppfatninga er at menn er valdsutøvarar og kvinner ofre.
Oppfatninga er så einerådande at det setter stoppar for nødvendige inngrep frå myndigheitsorgan og hindrar lovendringar som kan beskytte foreldre og barn.
Nasjonalt kompetansesenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) publiserte i 2023 ein rapport om vald blant vaksne. Da hevda den forskingsansvarlege for rapporten at familievald representerte eit kvinnehelseproblem.
På Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober skreiv fire kvinner frå NKVTS eit innlegg i Klassekampen om at unge med kriminell åtferd kjem frå heimar kor dei har opplevd vald, relasjonsbrot og omsorgssvikt. Veit folk flest at vald mot barn vert utøvd av begge foreldre i tilnærma lik grad?
Fleire typar av vald, som rammer menn i større grad enn kvinner, var utelate frå NKVTS-rapporten. Det er på tide at vi gjer formidling og innsats på feltet kjønnsnøytral, fordi alvorleg vald mot små barn vert utøvd av fleire kvinner enn menn, ifølge den siste rapporten frå Kripos om alvorleg vald mot små barn.
Ni av ti med eineomsorg for barn er kvinner
Medisinsk barnemishandling, som det nå heiter (tidlegare kalla Münchausen by proxy), vart nesten utan unntak utøvd av kvinner. Slik vald representerer ekstreme utslag av at foreldre overdriv når dei skal beskytte barna.
Vanlegare problem, som for eksempel skolevegring, er og forbunde med slike overdrivingar. Det fratar barn i stort omfang utdanning og sosial meistring. Vi underslår ikkje at menn utøver vald. Vi ønskjer at vi og har fokus på vald som er utførd med gode hensikter.
Den sentimentale valden er skadeleg for barn på same måte som den aggressive. Vi må og ta inn over oss at kjønnsforskjellene er relativt små om vi tar høgde for at vi har rapporteringsskeivheit ved at menn i mindre grad enn kvinner er villig til å formidle seg om slik vald.
Sjølvsagt skal vi beskytte barn og mødrer mot partnarvald, men vi må og tørre å erkjenne at enkelte påstandar om vald i og utanfor rettsapparatet er falske skuldingar. I ein kanadisk studie var 1/3 av påstandane falske, 1/3 ubestemte og 1/3 godt dokumenterte.
Falske skuldingar representerer juridisk vald mot partner, såkalla legal abuse. Dette er en form for vald som ikkje var med i NKVTS’ kartlegging av vald blant vaksne. Det var heller ikkje foreldreframandgjering og samværshindring, som ikkje er kjønnsspesifikt, men som rammer fleire menn enn kvinner.
Ni av ti foreldre med eineomsorg for barn er kvinner. Samanhengane mellom vald og skadelege følger for barn er meir komplekse enn vi liker å tro.
En studie frå USA viste at i saker med rettsleg dokumentert foreldreframandgjering, der en forelder har monopolisert omsorga av barna med manipulerande metodar, førekom falske skuldingar mot den andre forelderen i 80 prosent av sakene. Når norske valds- og familieforskarar og myndigheitspersonar aktivt lukker auga for slik vald, står vi overfor eit stort samfunnsproblem. Det rammer barn og foreldre med langvarige helsekonsekvensar.
I to ferske undersøkingar frå Kina er årsakssamanhengane sannsynleggjort med oppfølgingsstudiar over to år. Framandgjering av ein god nok forelder er over tid forbunde med skade på psykisk helse, låg livskvalitet, eksternaliserande problem (som til eksempel kriminalitet) og internaliserande problem (som angst og depresjon) hos barna.
Likestilling må ikkje forvekslast med kjønnskamp
Det er eit paradoks at organisasjonar med sterk kvinnepolitisk agenda motarbeidde at barnelova skulle ha ein tydeleg forankring i barns rett til likeverdig omsorg frå begge foreldre, før den nye loven vart vedtatt i juni 2025.
Dei påstod at ei likeverdig lovgjeving representerte ein fare for valdsutsette. Vi veit at 50 prosent av førstegangsutøving av vald skjer i tilknyting til rettskonfliktar der lovgivinga peiker ut ein A- og ein B-forelder. Lovendringar i USA og regionar i Spania med innføring av likeverdig lovgiving opplever markert nedgang i partnarvald.
Det er og eit paradoks at partia på venstresida ikkje er meir heilhjarta for å fremje likestilling og på det familiepolitiske feltet. Det slår tilbake ved at gutar og menn som vert stempla og ikkje anerkjende som fullverdige samfunnsmedlemmer, søker politisk støtte der dei vert anerkjende, ofte på politikkens høgreside.
Vi ser og ein aukande tendens til at unge jenter skifter ståstad mot høgre. Det kan skyldast at dei snur ryggen til eit kjønnsstereotypiske syn på vald og gjer opprør mot å bli stakkarsliggjorte som ofre. Venstresida blir slik sin eigen verste fiende og står ansvarleg for sin eigen politiske forvitring.
Likestillingskamp har vært ein viktig del av venstresida sin politiske misjon. Det må ikkje forvekslast med kjønnskamp og fordommar retta mot menn og barn. Vi treng fokus på alle former for familievald og ikkje la kjønnsstereotypiar stå i vegen for lovgjeving og myndigheitspraksis som reduserer vald og styrker meistringsevna til barn.
Vi må anerkjenne og respektere forskjellar mellom kjønna slik at barn får identitet med både sunn femininitet og sunn maskulinitet. Ikkje minst treng vi forsking og innsats mot valdsproblema i samfunnet med kjønnsnøytrale metodar der vi retter eit kritisk søkelys på all valdsåtferd.


