Annonse

Satsar på digital venespleising

– No er det stovereint å vere einsam

Ayne K. A. Aalen
Ayne K. A. Aalen Skribent

Publisert 20. mai 2022

Har du opplysninger i saken? Tips oss

Jesper Algaard lovar at appen hans ikkje berre er Tinder for vener. (Foto: Presse.)

Då Jesper Algaard var på bakcpacking trengte han nokon å surfe med. Det blei starten på ei gründerreise: – Det er jo rart at ein kan bruke internett til nesten kva som helst, men ikkje til å finne ein ven.
Annonse

Jesper Algaard var på backpacking i 2016, og trengte han nokon å surfe med.

Det blei starten på det som no har blitt til «Venn». Det er, som navnet tyder, ein app for å få vener.

– Det er jo rart at ein kan bruke internett til nesten kva som helst, men ikkje til å finne ein god ven, seier Algaard.

Stemmer kjemien?

Så starta prosessen med å lage ein app for venespleising. For å spleise tilfeldige menneske trong ein eit grunnlag for at desse menneska sannsynlegvis ville bli venar:

– Nokon matchar du med på grunn av interesser, anten det er gaming eller kunst. Andre gongar matchar du med folk basert på verdigrunnlag eller politisk ståstad, foklarar Algaard.

Annonse

Snutter

Se alle

Les mer av det du bryr deg om