Når fakta og kjensler om kjønn ikkje samsvarer, er det likevel fakta som har makta. Eller rettare: Fakta bør ha makta.
Det er problematisk at forslaget om å forby konverteringsterapi ikkje berre er retta mot legning, men også mot kjønnsidentitet. Prøver ein forelder, lærar eller terapeut systematisk å påverke nokon til å bli trygg i sin eigen kropp og sitt eige kjønn, kan det føre til fengselsstraff om nokon kjenner seg krenkja av det.
Av ein eller annan merkeleg grunn frikjenner lovforslaget derimot det å systematisk bekrefte og forsterke følelsen av å ha feil kjønn – av å vera ei feilvare.
Vi må forhalde oss til verkelegheita
Vi menneske er som alle andre pattedyr. Vi har to kjønn, og kan ikkje skifte kjønn. Berre kvinner kan føde barn.
Denne objektive verkelegheita er den same uansett om vi føler oss som eit anna kjønn enn det vi har. Men det er fullt mogeleg å ha kjensler kring kjønnet vårt som går på tvers av verkelegheita. Sjølvsagt er desse kjenslene også verkelege, men dei endrar likevel ikkje på vårt faktiske kjønn. Gjer vi tiltak for å «endre kjønn» på utsida, er og blir vi likevel det kjønnet vi hadde frå unnfangelsen av.
Dette skriv eg ikkje for å peike nase til dei som har kjønnsinkongruens. Dette er ein tilstand der det ikkje er samsvar mellom reelt kjønn og opplevd kjønn. Eg veit og anerkjenner at somme få slit med identiteten sin kring temaet kjønn. Dei må få god behandling og bli møtt med respekt.
Så kvifor skriv eg det då? Jo, fordi ei realitetsorientering om kjønn er nødvendig i desse dagar. Både hos enkeltindivid, men også hos lovgjevaren Stortinget. Vi stortingsrepresentantar må nemleg forhalde oss til verkelegheita og faktisk kjønn når vi vedtek lover. Særleg når vi vedtek endringar i straffelova og trugar med fleire år i fengsel, slik Stortinget no skal gjera når konverteringsterapi blir forbode.
Les også: Dette er Norges wokeste partier
Kjønnsinkongruens er svært ofte forbigåande
Sårbare unge må ikkje bli utsette for sosial eller behandlingsmessig påverknad for å gå til drastiske grep verken sosialt eller kroppsleg. Dei må ikkje bli lurte til å tru at dei kan skifte kjønn, slik stadig fleire blir no.
Kjønnsinkongruens er svært ofte forbigåande. Kjønnsforvirring er ein fase i barndom og/eller ungdom som dei fleste veks av seg. Etter ei tid med fysisk og mental modning finn det store fleirtalet ut at dei er i rett kjønn. Det er ikkje uvanleg at dei erkjenner at dei er homofile.
Lova mot konverteringsterapi skulle bidra til å hindre skade på nettopp homofile. Stortinget vil likevel snart vedta at kjønnsidentitet skal inn saman med legning i lova. Dette vil føre til meir av eit fenomen som ein del homofile talar om for tida: «To trans the gay away».
Såkalla sosial transisjon, det å gjera tiltak for å skifte kjønnsuttrykk og sosialt kjønn, som namneskifte, endring av pronomen og juridisk kjønn, aukar risikoen for at det blir gjennomført drastiske kroppslege grep seinare.
Jenter og gutar som i ein periode er forvirra og usikre på kjønnet sitt, risikerer at dei aldri finn ut av at dei er homofile medan dei enno har helsa og kjønnsorgana i behald.
Les også: Derfor skaper T-en i LHBT problemer for pride-bevegelsen
Urovekkjande liberal
Noreg er no urovekkjande liberal med å bekrefte oppfatninga om å vera i feil kjønn og å tillate hormonbehandling og kirurgi i forhold til det nabolanda våre etter kvart har vorte. I Sverige, Danmark, Finland og England har dei sett bremsene på fordi det ikkje finst evidens for at slik «behandling» gir betra psykisk helse for dei det gjeld.
Riksadvokaten var i sitt høyringssvar om lovforslaget kritisk til fleire sider ved det, som straffenivået – fordi det er så urimeleg høgt – og rommet for bruk av skjønn. Dette siste gjer at foreldre, lærarar og terapeutar, og også religiøse miljø, får grunn til å vera usikre på kor grensa går for kva som er straffbart. Det kan påverke oss alle til å ytre oss mindre fritt og mindre i tråd med kva som er rett.
Stadig nye lover gir diverre forrang til kjensler og feiloppfatningar og ikkje til det som burde ha makta, nemleg fakta. Det hjelper ikkje om det er snilt meint om resultatet er dårleg.