Fylkespolitikarane som nyleg vedtok å leggje ned to skular og fire skulestader i Innlandet, snakka om tomme pultar og forventa folketalsutvikling. I bakgrunnen svevar spørsmålet om økonomi, kva vi her i Noreg har råd til i framtida.
Vi burde også spørje om kva vi tener på å tømme Ottadalen og Solør-traktene for ungdommar. På kort sikt blir det i auka utgifter til bussing og bortebuarstipend. Motstandarane av skulenedlegging i Innlandet har framheva skulefråfall og utanforskap blant unge som moglege konsekvensar. Det vil i så fall bli dyrt for samfunnet på sikt.
For nokre veker sidan førte regjeringas plan om sletting av studielån for folk i distriktskommunar til ramaskrik i hovudskaden. Det var fåfengt, fordi forventa folketalsutvikling uansett gjekk i motsett lei, vart det hevda.
Der verdiane blir skapt
Det er viktig å vite at verdiskaping skjer over heile landet. I fjor eksporterte sjømatnæringa for 172 milliardar. Dette er Noregs største eksportprodukt etter olja. Verksemda føregår langs heile kysten vår.
Landbruk blir også drive frå sør til nord. Næringa er leverandør av råstoff til næringsmiddelindustrien, som er vår største fastlandsindustri. I 2021 stod næringsmiddelindustrien for 40.000 arbeidsplassar og omsette for 197,2 milliardar kroner. Norsk matproduksjon har også ei sentral rolle i beredskapen vår. Og kva hadde turismen vore utan Vestlandsfjordane? Dei er å finne i regionar der folketalet er venta å gå ned. For at desse næringane skal fungere, trengst infrastruktur, anten det er trygge vegar, nettilgang, Mattilsynet, legevakt eller ein skule. Dei treng også folk.
Når justisminister Emilie Enger Mehl (SP) brukar uttrykk som politisk prostitusjon, og næringslivet i Ottadalen går til streik for å halde på skulestrukturen, er det fordi ein skule ikkje berre er ein skule. Det handlar om framtida. For å få småbarnsfamiliar til å etablere seg, trengst ulike typar arbeidsplassar. Ein vidaregåande skule er ein attraktiv arbeidsgjevar for personar med høgskuleutdanning. Slike arbeidsplassar er det ofte få av på små stader.
Når ungdomane forsvinn frå lokalsamfunnet som 15-åringar, er det større sjanse for at dei mister tilknytinga, og lysta til å vende tilbake.
Stadene som hemnar seg
Den spanske økonomiprofessoren Andrés Rodríguez-Pose skriv om det han kallar The Revenge of the places that don’t matter. Det handlar om at område prega av langvarig økonomisk tilbakegang, der det er få lovande framtidsutsikter, i langt større grad enn andre stemmer tel høgre.
Observasjonane hans passar som hand i hanske med oppslutnaden om det tyske ytre høgrepartiet Alternativ for Tyskland (AFD). Partiet har si høgborg i aust, eit område som heilt sidan gjenforeininga i 1990 har gått for å vere Tysklands fremste problemregion.
AFD står aller sterkast på små stader som manglar legar, breiband, har eit dårleg kollektivtilbod og lang reiseveg til absolutt alle offentlege tenester. Dette er stader der innbyggjarane, sit med ei sterk kjensle av å ikkje bli lytta til av sentrale styresmakter.
Les også: Rusreform kan ikke bare handle om trygghet og omsorg
Små forskjellar
Noreg har alltid hatt spreidd busetnad. Mange område er tynt folkesett. Noreg har også ein lang tradisjon for distriktsbasert motkultur og folkeleg mobilisering.
I 1972 og 1994 manifesterte han seg som motstand mot norsk EU-medlemskap, svært ofte viser han seg i form av generell motstand mot Oslo. I forkant av stortingsvalet i 2021 feia ei kraftig bølgje av misnøye over Distrikts-Noreg. Ho var skapt av Solberg-regjeringas kommune og fylkesreform, deira nedlegging av 123 politi- og lensmannskontor og av to av tre norske domstolar.
Den gongen vart misnøya kanalisert inn i Senterpartiet som fekk 13,5 prosent av stemmene. Ein ny artikkel i tidsskriftet Scandinavian Political Studies viser at folk i Bygde-Noreg stort sett har lik haldning til klimapolitikk og til innvandring som folk i byane.
Misnøya er stort sett retta mot regjeringa og hovudstaden. Norske bygdesamfunn er ikkje økonomisk og sosialt utarma, og heller ikkje tømt for optimisme og framtidstru, sjølv om mange i hovudstaden ser folketalsframskrivingane til SSB som svaret på alle forslag om satsing på Distrikts-Noreg.
Les også: Dette valget var tradisjonelle medier vs. X og podkaster
Stein for stein
Distrikta er ikkje ein stad, men mange stader. Og desse stadene er ofte svært ulike.
Nokre har ein sentralisert skulestruktur, andre er full av småskular. Nokre har kraftpengar, andre har ei hjørnesteinsverksemd som lokalsamfunnet krinsar rundt. Ein ting som er felles, er at det som er ein god idé i byen, ofte er ein dårleg idé på små stader.
Marit Tennø, tidlegare varaordførar i kraftkommunen Luster i Indre Sogn (SP), har samanlikna distriktspolitikk med å halde ved like ein steingard. Om ein pillar ut stein for stein, skulen, skattekontoret, lensmannskontoret og nærbutikken, ender ein opp med ei steinrøys.