I Trondheim er det planar om å samlokalisere dei to musea Trondheim Kunstmuseum (TKM) og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum (NKIM). Sidan april har det vore tre forslag for samlokalisering for eit nytt museum for kunst og form.
Musea i Sør-Trøndelag (Mist) annonserte 9. desember at dei tilrår å nytte parkeringsplassen på Leuthenhaven som tomt for det nye museet.
– Signalbygg
Kunsthistorikar Gustav Svihus Borgersen er ikkje imponert over at Mist landa på Leuthenhaven:
– Eg hadde von om eit litt modig og friskt forslag om bruk av eksisterande bygningsmasse, seier Svihus Borgersen, og fortset:
– No er det skjøve til side til fordel for endå ei løysing som har signalbygg-ordet klistra på seg.