Vil du ha sommarjobb på museum?
Musea i Sogn og Fjordane treng sommarvertar for 2026. Oppgåvene vil variere, men hjå mange av musea handlar det om å gjere slik som Reany i filmen nedanfor. Møte gjestene, vere eit godt vertskap og skape god stemning. Kanskje står du i resepsjonen og sel billettar, kanskje går du omvisingar. Kanskje steiker du sveler, kokar kaffi og held orden. Kanskje hjelper du gjestene med heilt andre ting.
Felles for alle jobbane er at du får vere med og gjere folk kjent med viktige deler av kunst- og kulturarven i Sogn og Fjordane. Du får by på deg sjølv, og jobbe saman med gode kollegaer. Kanskje får du øvd deg på eit framandspråk.
Kven ser vi etter?
Sommarvertane er svært viktige for at gjestene våre skal få ei god oppleving. Vi søkjer deg som likar folk og formidling, kan ta i eit tak og er god til å halde orden. Vi ser etter ulike bakgrunnar og interesser, og folk i alle aldrar.
Ledige stillingar no
- Vert ved Sogn og Fjordane kunstmuseum
- Sommarvert på Vågsberget
- Sommarvert ved De Heibergske samlinger – Sogn Folkemuseum
- Sommarvert ved Nordfjord Folkemuseum og Holvikejekta
- Sommarvert på Kystmuseet
- Sommarvert ved Norsk Reiselivsmuseum
- Sommarvert på Astruptunet og Eikaasgalleriet
Med oss fer du rikare!
Vi i Musea i Sogn og Fjordane søkjer engasjerte sommarvertar som vil bruke delar av sommaren 2026 hos oss og vere med på å gi besøkande ei minneverdig museumsoppleving.
Som sommarvert er du museets ansikt utad og ein viktig del av møtet mellom publikum og historia. Du ønskjer gjestar frå inn- og utland velkomen, gir informasjon og bidreg til at alle får eit triveleg, lærerikt og inspirerande besøk.
Du vil ha ei vertskapsrolle med varierte oppgåver som mellom anna inkluderer
- Vertskap og publikumsmottak
- Billettsal, resepsjon og informasjon
- Drift av museumsbutikk og kafé
- Enkle formidlingsoppgåver og omvisingar
- Synleggjering av museet, mellom anna i SoMe
- Praktiske oppgåver knytt til dagleg museumsdrift
Vi ser etter deg som
- Kan uttrykke deg munnleg på norsk og engelsk
- Trivst i ei vertskaps- og omvisarrolle
- Har interesse for og likar å formidle kulturhistorie
- Tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
- Stiller opp og er til å lite på
- Har ordenssans og får ting gjort
- Har erfaring med SoMe
Tidlegare erfaring frå service, museum, reiseliv eller formidling er ein fordel, men ikkje eit krav – du får opplæring.
Etter ein sommar hos oss fer du rikare: Du har fått relevant arbeidserfaring, du har arbeidd saman med og blitt kjend med kjekke kollegaer, du har lært om kulturhistoria vår, og du har møtt mange menneske.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Les også: Musea i Sogn og Fjordane søkjer museumsvert ved Vågsberget