Vossa Jazz er ein av Noregs viktigaste jazzfestivalar og skipa til den 50. festivalen i 2023. Me planlegg for 50 år til med ein kvalitetsfestival som er møteplass for nyskaping og tradisjonar – på tvers av generasjonar.
Produsent
Arbeidsoppgåver knytt til festivaldrift og administrasjon.
Instruks for stillinga vert forma i samråd med den nye festivalsjefen.
Personlege eigenskapar
• Brenn for å levera gode kunst- og kulturopplevingar
• Har gode samarbeidsevner
• Er sjølvstendig og systematisk
• Har gode kommunikasjonsevner
Om Vossa Jazz
Den musikalske profilen vår femner om jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Velkomen til Voss og Vossa Jazz – bygda og festivalen med kvalitet og glimt i auga!
Vossa Jazz vert gjennomført over 3 dagar i palmehelga kvart år og meir enn 200 frivillige er med å lage festival. Det er likevel oppgåver som må gjerast gjennom heile året, og festivalen er avhengig av ein stødig administrasjon. Den faste staben i Vossa Jazz er utgjer 1,9 årsverk. Festivalsjefen er dagleg leiar og kunstnarleg ansvarleg.
Vår daglege leiar sidan 2007, Trude Storheim, har sidan 1. august 2023 hatt permisjon for å vere kultursjef på Voss og har valt å ikkje fornya åremålet i Vossa Jazz.
Og som Voss Herad skriv når dei lyser ut stillingar:
«Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.»
Les også: Vossa Jazz søker festivalsjef