Rekviem for ein brannstasjon

Y-blokka er ikkje den einaste verdifulle bygninga som blir ofra på det nye Regjeringskvartalets alter

Brannstasjonen har stilistiske fellestrekk med Rådhuset og bygningane ved Fridtjof Nansens plass. Med rivinga av Hovudbrannstasjonen kastar vi ei funkis-perle frå 1939 på skraphaugen, skriv Subjekts arkitekturmeldar. (Foto: Ukjent/Stavanger byarkiv.)
Brannstasjonen har stilistiske fellestrekk med Rådhuset og bygningane ved Fridtjof Nansens plass. Med rivinga av Hovudbrannstasjonen kastar vi ei funkis-perle frå 1939 på skraphaugen, skriv Subjekts arkitekturmeldar. (Foto: Ukjent/Stavanger byarkiv.)
Med rivinga av Hovudbrannstasjonen kastar vi ei funkis-perle frå 1939 på skraphaugen. Diverre er avgjerda allereie tatt, og denne artikkelen vil ikkje bli meir enn eit mollstemt rekviem.
Sjanger Dette er en kommentar. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er Hovudbrannstasjonen i Oslo (1939) skal rivast for i gi plass til det nye Regjeringskvartalet.

Mykje blekk og mange gigabytes har alt blitt brukt på å diskutere rivinga av Y-blokka i Regjeringskvartalet i Oslo.

Det er sjølvsagt synd at ei så markant bygning ikkje kan reddast og brukast på nytt, og det er uforståeleg at vi ikkje har betre retningsliner og reguleringar på plass for å verne historisk modernistisk arkitektur.

Likevel må vi òg kunne innrømme at store delar av det eksisterande Regjeringskvartalet var nokså dysfunksjonelle, sett utifrå eit bymiljø-perspektiv. Lenge før terrorangrepa i 2011 har dette vore ein litt død og uhyggeleg del av byen. Spesielt Arne Garborgs plass må ha vore ein av dei mest lugubre plassane i indre by, der det låg halvveges skjult i ein mørk tunnel.

Men slik har det ikkje alltid vore.

Annonse

Les også: Modernistiske minner utslettes

Slik såg Arne Garborgs plass ut før Y-blokka kom. (Foto: Oslo byarkiv.)

Plassen som forsvann

Ser ein på gamle bilete frå tida før Y-blokka blei bygt på slutten av 1960-talet, såg ikkje Arne Garborgs plass så ille ut. Dette var da eit lyst, ope byrom med ei fontene, litt gras og tilmed eit par tre.

At denne plassen i ettertid har blitt øydelagt, skuldast i stor grad Erling Viksjø og Y-blokka hans.

No at Y-blokka er forsvunne, kunne det kanskje ha vore ein god idé å tilbakeføre Arne Garborgs plass til sin opphavlege utsjånad. Men det seier seg sjølv at ingen blant utbyggjarane har tenkt den tanken. Alt skal jo byggast ut, alle departementa skal samlast på desse få kvadratkilometer på Hammersborg.

Ingen Subjekt-artikkel kan endre noko ved det.

Les også: Arkitekturen kan ikke løse alle verdens problemer

Brannstasjonen har stilistiske fellestrekk med Rådhuset og bygningane ved Fridtjof Nansens plass. (Foto: Stig Rune Pedersen/Lokalhistoriewiki.)

Riving framfor gjenbruk

Tre markante bygningar omringa Arne Garborgs plass slik han opphaveleg såg ut: Deichmanske bibliotek, Trefoldighetskirken og hovudbrannstasjonen.

Av desse tre, vil det snart berre stå to igjen.

Hovudbrannstasjonen skal nemleg rivast, og erstattast med eit nytt kontorbygg av glas.

Dette er synd, av fleire grunnar.

Først og fremst fordi det hadde vore eit grønt, progressivt val å gjenbruke det eksisterande bygget – som forresten berre er 81 år gamalt – heller enn å rive og bygge noko heilt nytt. Å rive vitnar om ein type urbanisme som høyrer fortida til, prega av eingongsbruk, og er dessutan sløseri av pengar, ressursar og byggematerialar.

Les også: Vannkunsten har mange kvaliteter

Monumental trappe på innsida av brannstasjonen. (Foto: Stig Rune Pedersen/Lokalhistoriewiki.)

Arkitektoniske kvalitetar

Ein annan grunn er at denne bygninga har klare arkitektoniske kvalitetar i seg sjølv, som gjer den verdt å bevare.

Bygninga har ein symmetrisk fasade i varm teglstein, med ei påfallande stripe vindauge i midten, som skaper eit vertikalt og elegant effekt. På gatenivå er naturstein blitt brukt for å skape ein monumental inngang. Og på underetasjen er det ei rekke portar til sjølve brannbilane. I ei utopisk verd kunne desse blitt anvendt til å huse kafear og barar, med store vindauge, og uteservering føre.

Og så finst sjølvsagt det markante branntårnet mot Youngstorget.

Bygninga skriv seg frå same tid og stilepoke som Rådhuset og bygningane ved Fridtjof Nansens plass, og viser eit klart stilistisk slektskap til dei.

Les også: Disse bil bli rådgiver i Riksantikvaren

Slik blir det nye Regjeringskvartalet. (Foto: Statsbygg/Team Urbis.)

Vi kan ikkje halde fram slik

Framtidsretta byutvikling skal tenkje gjenbruk så mykje som mogeleg. Renoveringa av kontorbygget KA13 på Tullinløkka viser kor vellukka resultatet kan bli, når ein tar utgangspunkt i det som kan bevarast og brukast om, heller enn å kaste bort og kjøpe nytt.

Eg meiner at brannstasjonen lett kunne ha fått ein ny funksjon i eit nytt Regjeringskvartal, utan altfor store endringar.

Diverre er avgjerda allereie tatt, og vil denne artikkelen ikkje bli meir enn eit mollstemt rekviem.

Men viss vi held fram slik, har vi snart ingen funksjonalistisk eller modernistisk arkitektur igjen i Noregs hovudstad.

Liker du Subjekt? Abonner på Subjekt Pluss!

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de problematiserer det som andre ikke har tenkt på. I tillegg har de grundige anmeldelser og gode anmeldere, og det mener jeg uavhengig av at de likte min serie, altså!


Henriette Steenstrup
Regissør
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar opp ting jeg ikke visste at jeg var interessert i. Dessuten er det et nydelig sted å holde seg oppdatert på hva som foregår i kulturnorge.


Jonis Josef
Komiker
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg ble rasende hver gang de sakene jeg ville lese var bak betalingsmur. Som abonnent ble jeg kvitt det raseriet, men ble til gjengjeld rammet av et nytt raseri. Over norsk kulturliv.


Harald Eia
Sosiolog
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar