Akademikarar blir forsøkt knebla

Kjønnsidentitetsideologien har erstatta biologisk forståing av kjønn

Ekspertgruppa som tar for seg akademikarars ytringsfridom har ei særskild oppgåve i å opna dette feltet, synleggjera hatet og trakasseringa akademikarar blir utsette for i transpersonars namn, og å komma med forslag til å motvirka dette, skriv professor Anne Kalvig og PhD Marianne Brattgjerd.
Ekspertgruppa som tar for seg akademikarars ytringsfridom har ei særskild oppgåve i å opna dette feltet, synleggjera hatet og trakasseringa akademikarar blir utsette for i transpersonars namn, og å komma med forslag til å motvirka dette, skriv professor Anne Kalvig og PhD Marianne Brattgjerd.
Men ein slik ideologi kan ikkje sameinast med kvinners rettar, skriv PhD Marianne Brattgjerd og professor Anne Kalvig.
Sjanger Dette er et debattinnlegg. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er Ny ekspertgruppe skal se på ytringsfrihetens kår i akademia.

Dette innlegget blei opphavleg sendt til Khrono i samband med deira fokus på akademisk ytringsfridom. Dei ønska ikkje å prenta det. Me er glade for at Subjekt vil fronta temaet. 

Khrono er universitets- og høgskolesektoren si avis, eigt av UH-sektoren i fellesskap. I Khrono si dekning av ytringsfridom i akademia, har alminneleggjeringa av kjønnsidentitetsideologi i norsk rettsrøynd og offentlegheit glimra med fråværet sitt. Kjønnsidentitetsideologi utfordrar grunnleggjande, vitskaplege sanningar og språkrøynd, og bør dermed engasjera akademikarar over eit breitt spekter. Khrono-redaktør Tove Lie etterlyser 1. september akademisk ytringsmot, og me deler hennar oppmoding om at dette bør vera tema i jurist Anine Kierulfs ekspertgruppe som skal vurdera stoda for akademisk ytringsfridom.

Me som skriv, har over tid og på ulike vis ytra oss kritisk til kjønnsidentitetsideologi. Fagområda våre er kultur, religion, profesjonspraksis, språk og litteratur, me har forska på kjønn og me har vore og er kvinnepolitisk engasjerte. Som akademikarar og kvinner er me sterkt kritiske til innføring av kjønnsidentitetsideologi som ny røyndomsforståing. Endringane er paradigmatiske, men kjem verken som krav frå vitskapssamfunnet, politisk grasrot eller sivilsamfunnet. Dei kjem frå identitetsideologiske lobbyorganisasjonar som har hatt tett og effektivt samarbeid med juristar og utvalde ungdomspolitikarar (les Yogyakarta-erklæringa og Iglyo-rapporten).

Desse lobbyorganisasjonane har vore sigerrike i Norge. I 2016 fekk me Lov om endring av juridisk kjønn som seier at alle kan velja juridisk kjønn med eit tastetrykk. Lova er verdas mest radikale, ikkje i noko anna land kan barn frå fylte seks år «endra kjønn» utan å ha gjennomgått medisinsk utgreiing, og med samtykke frå bare ein forelder (til samanlikning må begge foreldre samtykka til koronavaksine). Lova har blitt brekkstong for ei mengd andre lovendringar, der fellestrekket er at biologisk kjønn blir fasa ut i lovverk, forvaltning og offentleg samtale, og blir erstatta med «kjønnsidentitet». Resultatet er at kvinner forsvinn som rettssubjekt, og med det alle ordningane som er oppretta med likestillingsføremål.

Annonse

Vidare er «kjønnsidentitet», men ikkje kjønn, i 2021 blitt ein kategori med særskilt vern mot hatkriminalitet (strl. §185 og 186). Trakassering av, vald mot eller valdtekt av kvinner er dermed ikkje hatkriminalitet, medan å ytra setninga «det er umogleg å skifta kjønn» kan vera det. Menn som «identifiserer seg som kvinner» (også dei som bare gjer det av og til) kan velja om dei vil dela rom med menn eller kvinner på sjukehus. Ingen spør sjuke og sårbare kvinner om dei vil dela rom med ein biologisk mann.

I 2019, etter press frå foreninga Fri, innlemma kunnskapsminister Jan Tore Sanner i siste sekund «kjønnsidentitet» i ny læreplan for grunnskolen (Kunnskapsløftet 2020). Nå lærer barn på skolen at kjønn er ei kjensle og ikkje biologisk realitet, og at jenter kan ha penis. Dette er for å tilpassa lærebøkene til Lov om endring av juridisk kjønn, men me trur ikkje det er  konsensus hos det norske folket om at dette er uproblematisk. 

Kjønnsidentitetsideologi kan ikkje sameinast med kvinners rettar. FNs kvinnekonvensjon tar utgangspunkt i biologisk kjønn (sex, ikkje gender). Årsaka er at kvinner er undertrykte fordi me er kvinner, ikkje fordi me føler oss som det. Me kan ikkje identifisera oss ut av undertrykking. Når personars «kjønnsidentitet» og personars kjønn blir kategorisert som det same, sjølv om det er to ulike klassar av ting, mistar me språket for å identifisera undertrykkinga, me mistar lovvernet og me mistar alle data me har forplikta oss på overfor FN til å samla inn med omsyn til statistikk, analyse og politisk handling.

Det er eit demokratisk problem når kvinners rettar blir sletta utanom demokratiske spelereglar. Felles for prosessane der kjønnsidentitetsideologien har erstatta biologisk forståing av kjønn, er at kvinner og kvinneorganisasjonar ikkje har blitt høyrte.

Eit vell av filosofiske, semantiske, politiske, ideologiske, religiøse og juridiske problemstillingar knyter seg altså til den ideologien om kjønn som vinn fram, problemstillingar akademikarar frå mange ulike fag bør interessera seg for og ytra seg om. Men nesten ingen gjer det. Årsaka er kanskje at me få som ytrar oss kritisk opplever ekstrem hets og diskriminering, også frå offentleg tilsette. Eigne hatsider på nett, transfob- og naziststempel i kommentarfelt, transfob-stempel på Wikipedia, transfobstempel og sensur frå Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm (ja, dette skjer), raudmerking i det digitale brennmerkings-programmet Shinigami Eyes. Brattgjerd blei kalla inn på teppet av sin fakultetsdirektør, fordi ho skrev ein artikkel som var kritisk til kjønnsidentitetsideologien.

Anonyme norske transaktivistar har laga internasjonale hat-wikisider om norske feministar (rationalwiki.org), der til dømes Kalvig blei framstilt som transfob leiar av ein hatkult og der bostaden hennar blei oppgjeven. Me blei hengt ut som holocaust-fornektarar og arbeidsplassane våre blei tagga med krav om at me blir oppsagde. Våre politianmeldelsar av denne forfølginga på nett blei lagt bort med melding «ingen grunn til etterforsking». Sidan me bare er kvinner, er det inkje hatefullt over desse åtaka.

Så lenge kollegaer bare sender private støttemeldingar til dei av oss som ytrar oss, er resultatet at kjønnsidentitetsideologien får fortsetta å endra skole, lovverk og forvaltning utan forankring i demokrati og faglege diskusjonar.

Ekspertgruppa som tar for seg akademikarars ytringsfridom har ei særskild oppgåve i å opna dette feltet, synleggjera hatet og trakasseringa akademikarar blir utsette for i transpersonars namn, og å komma med forslag til å motvirka dette. Med endringa i strl. § 185 er det og stor usikkerheit knytt til kva som er lov, og ikkje lov, å ytra i feltet. Kor går grensa for å ytra seg i Norge? Frå utlandet kjenner me til oppseiingar og rettsprosessar grunna kjønnsidentitetskritikk. 

Me møter gjerne ekspertgruppa til samtale om korleis ein kan ivareta ytringsfridomen til akademikarar som vil bidra til fagleg og politisk meiningsmangfald om kjønn, vitskap og røyndom. Dersom me ønsker å avverga ein situasjon der me bare tåler ei «kuratert verd», slik Alex Iversen skriv i Subjekt 19. september, hastar det med å sikra akademisk og generell ytringsfridom.

Artikkelen er forfattet av Marianne Brattgjerd (Nord universitet), Anne Kalvig (Universitetet i Stavanger) og en anonym som Subjekt kjenner identiteten til.

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de problematiserer det som andre ikke har tenkt på. I tillegg har de grundige anmeldelser og gode anmeldere, og det mener jeg uavhengig av at de likte min serie, altså!


Henriette Steenstrup
Regissør
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar opp ting jeg ikke visste at jeg var interessert i. Dessuten er det et nydelig sted å holde seg oppdatert på hva som foregår i kulturnorge.


Jonis Josef
Komiker
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg ble rasende hver gang de sakene jeg ville lese var bak betalingsmur. Som abonnent ble jeg kvitt det raseriet, men ble til gjengjeld rammet av et nytt raseri. Over norsk kulturliv.


Harald Eia
Sosiolog
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar