Ikkje til å tru

Kvinnerørsla skal kjempe for kvinner

Det er kvinnerørsla si oppgåve å kjempe for kvinners rettar, ikkje for menns, skriv Aud Farstad. (Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek).
Det er kvinnerørsla si oppgåve å kjempe for kvinners rettar, ikkje for menns, skriv Aud Farstad. (Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek).
Anne Grung svarar ikkje på spørsmåla eg tok opp, skriv Aud Farstad i sitt svar til leiaren i Norsk kvinnsaksforening.
Sjanger Dette er et debattinnlegg. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er Aud Farstad svarar Anne Grung i Norsk kvinnsaksforening.

Takk til Anne Hege Grung for svarinnlegget mitt frå onsdag 24., der eg gjekk til rette med Norsk kvinnsaksforenings (NK) syn på kjønnsidentitet slik det kjem fram i twittermeldingane deira.

Ho svarar i grunnen ikkje på dei spørsmåla eg tok opp. Etter mi forståing er det ikkje kvinnerørsla si oppgåve å bidra til samtalar der kvinner og transpersonars rettar ikkje vert sette opp mot kvarandre, slik ho skriv at NK vil. For det første er det kvinnerørsla si oppgåve å kjempe for kvinners rettar, ikkje for menns. Kvinneorganisasjonar er ikkje Dei sameinte nasjonane, dei er interesseorganisasjonar for kvinner. For det andre er interessene alt i sterk motsetnad til kvarandre i det verkelege livet, slik eg prøvde å vise med konkrete eksempel. Kvifor trur de at dersom kvinners og transpersonars interesser vert sette opp mot kvarandre vil begge parter tape? Kva for analyse bygger de det på? Skal kvinnerørsla prioritere nokon så er det vel dei mange unge jentene som no øydelegg kroppen sin på grunn av ein ideologi som er teken ut av lause lufta.

Les òg: Kvinners hardt tilkjempa rettar er truga av Norsk kvinnesaksforening

Ho skriv òg at foreininga heilt frå starten har vore open for både kvinner og menn. Det er ei omgåing av problemet. No gjeld det nemleg ikkje to kjønn, men menn som påstår dei er kvinner og krev at andre godkjenner deira private kjensler som røyndom. Når NK skriv «alle» kjønn, kan det vanskeleg tolkast som anna enn at foreininga går god for transideologien om at det finst meir enn to. I tillegg presiserte foreininga i ei anna twittermelding at dei ikkje ynskjer å skilje ut nokon som ikkje er «ekte kvinner». Meiner NK at det finst meir enn to biologiske kjønn? I så fall, kva for vitskapeleg grunnlag byggjer de dette på? Meiner de at menn som påstår dei er kvinner skal ha same rett til for eksempel krisesenter og garderobar, få hjelp frå juridisk rettshjelp for kvinner, sitje i styrar som kvinner, konkurrere i idrett på line med biologiske kvinner og så bortetter?

Annonse

Les òg: Nei, vi motarbeider ikke kvinners rettigheter

For ordens skuld vil eg presisere at dette sviket mot kvinnesaka ikkje er spesielt for Norsk kvinnesaksforening, heller ikkje er det spesielt for Noreg. Kvinneorganisasjonar over heile den vestlege verda har gått i same fella. Det er òg difor det no vert danna nye kvinneorganisasjonar. Til dømes er den norske greina av Women’s Human Rights Campaign danna nettopp av den grunn.
 Eg har ikkje registrert at nokon annan norsk kvinneorganisasjon har kjempa aktivt mot den nye ideologien som skadar jenter og kvinner og avskaffar hardt tilkjempa rettar for vårt kjønn. Det er ikkje til å tru.

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de problematiserer det som andre ikke har tenkt på. I tillegg har de grundige anmeldelser og gode anmeldere, og det mener jeg uavhengig av at de likte min serie, altså!


Henriette Steenstrup
Regissør
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar opp ting jeg ikke visste at jeg var interessert i. Dessuten er det et nydelig sted å holde seg oppdatert på hva som foregår i kulturnorge.


Jonis Josef
Komiker
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg ble rasende hver gang de sakene jeg ville lese var bak betalingsmur. Som abonnent ble jeg kvitt det raseriet, men ble til gjengjeld rammet av et nytt raseri. Over norsk kulturliv.


Harald Eia
Sosiolog
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar