Kanskje er det kunstnarane si skuld at folk flest driter i kunst

Treng ein kunst om folk ikkje gidder bruke tid på å oppsøke den Det spør billedkunstnar og skribent Brynhild Grødeland Winther (avbildet). (Foto: Privat.)
Treng ein kunst om folk ikkje gidder bruke tid på å oppsøke den Det spør billedkunstnar og skribent Brynhild Grødeland Winther (avbildet). (Foto: Privat.)
Mange kunstnere er ikkje interessert i å kommunisere med folk utanfor kunstfeltet. Men ein kan ikkje krevje å bli forstått om ein ikkje vil ha dialog, skriv Brynhild Grødeland Winther.
Sjanger Dette er et debattinnlegg. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er Kunstner Brynhild Grødeland Winther reflekterer over at færre enn før ønsker statsfinansert kunst.

I Subjekt 25. september les eg at stadig færre ønsker statsfinansiert kunst. Kanskje ville det ha vore meir riktig å skrive at folk flest ikkje bryr seg om kunst. Folk driter i kunst.

Kvifor skal staten kaste pengar etter kunstnere som driv med ting dei fleste opplever som fullstenidg meiningslaust? Og kven gidder gå på utstillingar når mange trur kunst handlar om å sprute maling utav rompa og få millionstipend?

Eg er litt lei av at folk trur Vegard Vinge er billedkunstnar. Er litt lei av å repetere at malingen utav rompa var ein liten del av ei veldig lang teaterforestilling. Sølv om han brukte både maling og lerret, er dette eit teaterstykke, og ikkje billedkunst. Det fins òg teaterstykke kor ein har komfyr og bakevarer, utan at Kokkelandslaget blir anklaga for dei dårlege bollane som befann seg på scenen i eit stykke som kanskje fekk statsstøtte.

Eg er i tillegg lei av at folk seier dei ikkje «forstår kunst». Å sei at ein ikkje forstår kunst blir som å sei at ein ikkje forstår musikk. Personar som har studert musikk og kunst, vil sjå og høyre ting som ikkje alle andre gjer, men det betyr ikkje at alle andre opplever kunst og musikk «feil».

Annonse

Eg trur ikkje «løysinga» er som kunstnar Nora Nesheim foreslåri Subjekts nyheitssak: at kunstnere skal lage kunst retta mot unge for å få denne gruppa til å oppleve kunst som meir relevant.

Denne forma for instrumentalisering dreper kunst.

Kanskje tenker ein «feil»

Kunsten må få vere frittgåande, heilt bak mål og langt ute på viddene, om kunstnaren ønsker det. Kunsten må ha rom for eit mangfald av perspektiv, meiningar og tankesett.

Ein må kunne utfordre, stikke hol i vanskelege tema slik at all safta renn ut, eller ein må kunne velge å lage kunst som er ordlaus, visuell poesi.

Og skal ein lage kunst retta mot ungdom, må ein òg lage kunst retta mot økonomar, muslimar, nynazistar, bønder og dei kongelege. Har ein verkeleg behov for at alle delar av eksistensen skal tilpassast i hytt og gevær, eller kan ein kanskje utvide horisonten meir av å oppleve kunst frå nokon som tilhøyrer ei anna gruppe ein sjølv?

Når det gjeld ulike grupper, er kunstfeltet ekstremt homogent, og mangfaldet ein ønsker er overflatisk: haugevis av hudfargar og kjønn, men alle må tenke likt. Til ein slik grad at meiningsmangfald blir definert som «utrygt». Med tanke på den temmeleg fråverande toleransen i kunstfeltet er det kanskje enkelt å sjå kvifor folk flest ikkje opplever kunst som relevant?

Språket ein brukar om kunst, er nok òg med på å få mange til å oppleve kunst som vanskeleg, og lite samfunnsaktuelt. Utstillingstekstar ser ofte ut til å ha som mål å få kunsten til å framstå som lite tilgjengeleg, heller enn å fungere som nøklar som kunne ha opna ting opp. Når nokon prøver å opne kunsten opp, handlar det desverre ofte om å banalisere den og redusere det til pynt og eststikk, heller enn å snakke om innhald og frie refleksjonar kring det ein ser.

Her trur eg ein har ei tendens til å undervurdere publikum og difor vil dei oppfatte kunst som meiningslaus estetikk. Kva er eigentleg hensikta med å bruke ord i utstillingar? Stolar ikkje kunstnere på kunsten som språk? Synet er sansen ein fokuserar mest på i samfunnet. Ein skulle tru folk evna å sjå utan å bli forklart kva dei ser og kva dei skal tenke om det dei ser.

Det fins desverre òg ein del kritikere som ser ut til å ikkje stole på synet, tanken eller si eiga visuelle dømmekraft, men som les utstillingsteksten og skriv omtale utelukka på grunnlag av det dei har lest. Ord kan bli eit tåkete filter som hindrar ein i å sjå. Og i sum kan alle orda føre til at både kunstnere og publikum blir redd for å stole på det ein ser, og kunsten blir skummel. For kanskje tenker ein «feil».

Les også: Stadig færre ønsker statsstøttet kunst. Alle disse er ikke nødvendigvis kunstfiendtlige

Ei elitistisk og homogen boble?

Vidare er eg samd med Nora Nesheim i at oss kunstnere ikkje har teke godt nok ansvar for å definere oss sjølv i samfunnet.

Når kunstfeltet ikkje kommuniserar utanfor kunstbobla, står Are «Sløseriombudsmannen» Søberg, Morten Traavik, avisene, tilfeldige nettroll og kven som helst fritt til å presentere kunstfeltet korleis dei vil.
Mi oppfatning er at mange kunstnere ikkje er interessert i å kommunisere med folk utanfor kunstfeltet. Men ein kan ikkje krevje å bli forstått om ein ikkje vil ha dialog.

Ein kan heller ikkje forvente at folk vil forsvare stipendordningar når kunstfeltets eksklusivitet i praksis blir synonymt med «jævleg ekskulderande». Har me fortjent stipenda våre viss kunstverda i større og større grad lausriv seg frå samfunnet og svever høgare og høgare i si elitistiske, homogene boble? Skal folk betale for kunsten sin manglande bakkekontakt?

Kanskje er det kunstnarane si skuld at folk ikkje bryr seg om kunst, og at dei ikkje meiner det er verdt å bruke skattepengar på. Komplekse ting har sjeldan eller aldri enkle løysingar. Eg kan òg påstå at problemet er at folk flest ikkje går på kunstutstillingar, men heller sit heime i sofaen og klagar over samtidskunsten.

Treng ein kunst om folk ikkje gidder bruke tid på å oppsøke den? Treng me kunstnere, eller burde «kunst» vere noko ein sysla med som hobby ved sida av ein «ordentleg jobb», og skal kunstnere ha som mål å pynte veggene i privatbustadar?

Les også: Etterlyst: Kunsthistorikere i offentligheten

Ei symbolsk gest til vår kultur

Kunstfeltet må få innehalde det same mangfaldet av teknikkar, tema og meiningar som det ein finn i litteraturen. I eit lite land som Noreg er det kanskje ikkje så enkelt å oppretthalde eit mangfald av ulike kunstformer viss det utelukka skal baserast på kommersielle faktorar.

Somme ting er for tidkrevjande, og andre er ikkje mogeleg å selge fordi det er laga for å opplevast i eit gallerirom. Det hadde òg vore trist om våre museum skulle fyllast med måleri ein finn på Fretex for 250 kr, som er mala av folk som sit og puslar med litt maling nokre dagar i veka. Å utvikle eit kunstnerisk uttrykk tek mildt sagt langt meir tid enn ein kan rekke på nokre få timar om kvelden etter ein «ordentleg jobb».

Eg har 5-årig arbeidsstipend. Det betyr at eg får 12.500 kr i måneden for å produsere kunst til stat, fylker og kommunar sine galleri og museum. Stipend er ikkje noko ein klarar leve av. Når ein veit at det kjem inn pengar kvar månad i fem år, er det lettare å få tid og ro til å fokusere på kunsten. Men hadde ikkje folk kjøpt kunst i tillegg, ville det ikkje fungert.

Stipenda blir òg ei symbolsk gest frå staten som viser at Noreg er eit land som vil ta vare på, og vidareutvikle vår kultur. Ein anna dag kan me diskutere potensielle konsekvensar av at det fins ansatte ved Nasjonalmuseet og andre kunstinstitusjonar som ser ut til å meine at norsk kultur er noko ein aktivt må ta avstand til …

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de problematiserer det som andre ikke har tenkt på. I tillegg har de grundige anmeldelser og gode anmeldere, og det mener jeg uavhengig av at de likte min serie, altså!


Henriette Steenstrup
Regissør
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar opp ting jeg ikke visste at jeg var interessert i. Dessuten er det et nydelig sted å holde seg oppdatert på hva som foregår i kulturnorge.


Jonis Josef
Komiker
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg ble rasende hver gang de sakene jeg ville lese var bak betalingsmur. Som abonnent ble jeg kvitt det raseriet, men ble til gjengjeld rammet av et nytt raseri. Over norsk kulturliv.


Harald Eia
Sosiolog
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar