Skatt skal ikkje vere bingo!

Støre og Stoltenberg skal drive skattebingo i staden for å gi like vilkår for alle – det provoserer meg skikkeleg, skriv Odd Andre Olsen. (Foto: Javad Parsa/NTB.)
Støre og Stoltenberg skal drive skattebingo i staden for å gi like vilkår for alle – det provoserer meg skikkeleg, skriv Odd Andre Olsen. (Foto: Javad Parsa/NTB.)
Regjeringa har funne på noko heilt vilt: Dei vil gi skattelette til unge … gjennom eit lotteri, skriv Odd Andre Olsen.
Om skribenten
Odd Andre Olsen er medlem i Sunnfjord FPU.
Sjanger Dette er et debattinnlegg. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er Regjeringa vil trekke ut 100.000 unge til å få skattelette.

Synest du dette er greitt, Jonas?

Regjeringa – med Jonas Gahr Støre i spissen – har funne på noko heilt vilt: Dei vil gi skattelette til unge … gjennom eit lotteri.

Ja, du las rett. 100.000 tilfeldig utvalde ungdommar mellom 20 og 35 år skal få opptil 27.500 kroner mindre i skatt kvart år – ikkje fordi dei slit, jobbar hardt eller tener lite, men fordi namnet deira blei trekt ut.

Kva slags rettferd er dette?

Annonse

Les også: Det er ikke bare russere som har lav tillit til politikerne våre

Nok til bustad

Eg las om dette tullete forslaget i VG, og eg klarar ikkje sitje stille og sjå på at dette blir presentert som ei god løysing.

Over fem år betyr det nesten 130.000 kroner i forskjell. Det er nok til å komme seg inn på bustadmarknaden. Det kan vere forskjellen på å kome seg vidare i livet – eller bli ståande fast. Men viss du ikkje blir trekt ut? Ja, då får du ingenting.

Eg er 16 år og medlem i FPU. Og sjølv om eg ikkje betaler skatt enno, så ser eg kor viktig dette er for framtida mi – og for alle unge som står på kvar dag. At staten skal drive skattebingo i staden for å gi like vilkår for alle, det provoserer meg skikkeleg.

Les også: Flertall for AP-regjeringens samtykkelov

Lågare skatt for alle

FRP og FPU har alltid kjempa for lågare skatt – for alle, ikkje berre for dei som «vinnar» i politikken sitt lykkehjul. Det skal vere lønsamt å jobbe, og det skal vere rettferdig.

Vil regjeringa gjere det lettare for unge å kome i arbeid? Då bør dei heller auke frikortgrensa og gi reelle skattelettar til alle unge som jobbar. Ikkje berre slenge ut pengar til dei heldige 100.000.

Jonas, me spør deg: Synest du dette er greitt? Skal framtida til unge folk avgjerast av flaks?

Skatt skal ikkje vere bingo. Politikk skal vere rettferd.

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar